Viktig informasjon angåande Korona

Helse Førde og kommunane har felles prosedyre for «Samarbeid mellom Helse Førde og kommunane ved influensapandemi»

Etter oppmoding frå koordineringsrådet vert no denne prosedyra sendt ut til alle kommunane v/kommunedirektørane for å starte arbeidet med å etablere operativt samhandlingsråd og taktisk samhandlingsgruppe.

I første omgang er det taktisk samhandlingsgruppe som vert etablert. Eksisterande prosedyre er ikkje heilt i tråd med dagens realitetar når det gjeld deltakarar og koordineringsrådet kom med følgjande forslag til samansetting av gruppa:

Frå kommunane: Jan Helge Dale, Thomas Vingen Vedeld, Øystein Furnes og Leiv Erik Husabø (kommune overlegar/smittevernlegar i hhv. Kinn, Stad, Sunnfjord og Sogndal), Elin Sørbotten (samhandlingskoordinator).

Frå Helse Førde: Kari Furevik (leiar smittevern) Terje Olav Øen (beredskapssjef), Laila Haugland (avd. sjef med. avd.), Robert Brennersted (avd. sjef AAM), Trine Vingsnes (fagdirektør).

I ettertid er gruppa supplert med Frode Myklebust (Lærdal), Torgeir Finjord (med.fagleg rådgjevar med.avd.) og Tone Holvik (samhandlingssjef).

Fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes i Helse Førde er leiar av gruppa.

Tilråding til kommunane: Prioriterte oppgåve

Taktisk samhandlingsgruppe sender no ut ei sterk oppmoding til kommunane om å gje høgste prioritet til førebuingar for å kunne handtere ein komande pandemi innan kort tid. Gruppa ber kommunane gå gjennom rutinar i samband med pandemi . Særleg er der behov for å kartleggje og starte planlegging i høve:

  • Lokalitetar for isolering/kohort
  • Personell
  • Utstyr

Samhandlingsgruppa ber og om at kommunane melder tilbake status for dei tre punkta til samhandlingskoordinator Elin Sørbotten innan torsdag 12.03.

Forankring av arbeidet i den taktiske samhandlingsgruppa

Kommunane og Helse Førde har behov for gjensidig informasjonsutveksling, involvering og samhandling for å sikre gode rutinar og for best mogleg å nytte dei ressursane vi har samla sett.

Den taktiske samhandlingsgruppa kan bistå med medisinske vurderingar og tilrådingar, og kan ta ei rolle i å koordinere tiltaka i primær- og spesialisthelsetenesta. For å kunne bidra med dette, treng gruppa forankring i kommunane. Helse Førde tok difor (på vegne av samhandlingsgruppa) dette opp som sak i Fylkesmannen sitt møte med kommunane og Helse Førde 09.03.20.

Praksiskonsulentane sender ut løpande informasjon til fastlegane. Denne informasjonen finn du og her https://samhandling-sfj.no/samhandlingstiltak/praksiskonsulentane/