Antibiotikabruk i kommunehelsetenesta – ny indikator på Samhandlingsbarometeret

Antibiotika til bruk mot infeksjonssjukdommar har vore ein av dei store suksessane i moderne medisin. Imidlertid har det vist seg at bakteriar kan utvikle motstandskraft (resistens) mot ulike antibiotika, noko som kan gjere at midla ikkje lenger vil ha effekt på alvorlege infeksjonar lenger. I heile verda er ein bekymra over denne utviklinga, og eit viktig element i bekjempelsen av slik resistensutvikling er å redusere totalomfanget av antibiotikabruk.
Storparten (80%) av antibiotika til menneske blir utskrive av legar i primærhelsetenesta i Noreg, medan ein på sjukehus er mest konsentrert om å avgrense bruken av såkalla breispektra spesialantibiotika (som verkar mot mange ulike bakteriar samstundes).
Stortinget har i denne samanhengen vedteke at totalforbruket av antibiotika til menneske i Noreg skal reduserast med 30 % innan utgangen av 2020, sammenlikna med situasjonen i 2012. Regjeringa sin Handlingsplan mot antibiotikaresistens frå januar 2016 konkretiserar vedtaket med tiltak og mål for dei ulike delane av norsk helseteneste.
I perioden frå 2012 til 2015 var det ein viss nedgang i bruken av antibiotika (13%), men det er ei målsetting å redusere denne ytterlegare gjennom eit intensivert arbeide framover.
I Samhandlingsbarometeret har ein teke inn to indikatorar for antibiotikabruk i kommunar og fylke: Andel av befolkninga som får utskrive antibiotika årleg og talet på reseptar pr. 1000 innbyggarar.

Vi ser ein nedgang både i Noreg og i Sogn og Fjordane (fram til 2014) over tid i andelen av befolkninga som får utskrive antibiotikum årleg. Det er markerte skilnader mellom ein kommune som Balestrand som ligg lågt, og Gulen som skriv ut nesten tre gonger så mykje.

Av Hans Johan Breidablik