Gjennomsnittsalderen til befolkninga i kommunane

Samhandlingsbarometeret har publisert ein ny demografivariabel som er gjennomsnittsalderen i befolkninga i kommunane. I Norge er denne 41,1 år (2023), og har auka med 1,8 år i løpet av siste tiåret nasjonalt. Det er imidlertid betydelege skilader mellom kommunane her, slik at for nokre kommunar har den passert 50 år (“forgubbing”). Aukande levealder, færre fødslar og fråflytting vil alle verke inn på gjennomsnittsalderen.

Vi har laga ein figur som ser på utviklinga i dei mindre kystkommunane i tidlegare Sogn og Fjordane, samanlikna med dei større sentrumskommunane Kinn, Sunnfjord og Sogndal.

(Obs: basislinja er 35 år.)

Figuren viser at særleg Sunnfjord hadde ei ung befolkning i 2010 med ein gjennomsnittsalder på 37,2 år. I 2023 ligg dei tre større kommunane rundt landsgjennomsnittet på i overkant av 40 år. For dei mindre kystkommunane er gjennomsnittsalderen kome opp i 45 til 48,2 år. Hyllestad har den høgste gjennomsnittsalderen, og har også hatt ein vekst på 5,4 år gjennom perioden frå 2010.

Medan dei nye samanslegne større kommunane har ein gjennomsnittsalder omlag på/under nasjonalt nivå, så har kystkommunane ein gjennomsnittsalder som kan nærme seg 50 år, og det har også vore ei betydeleg endring sidan 2019 i desse kommunane.