KOSTRA-tal i Samhandlingsbarometeret

Nye variablar og nytt oppsett for inndeling etter Kostragruppe

Samhandlingsbarometeret har hatt KOSTRA-tal (KOmmune-STat-RApportering) i fleire år. Dette er eit nasjonalt informasjonssystem som leverer styringsinformasjon til den kommunale verksemda. Det er Statistisk sentralbyrå som hentar inn opplysingar frå kommunane sjølve, og desse vert nytta til styringsinformasjon for kommunar, bydelar og fylkeskommunar.

Systemet inneheld svært mange variablar, og har vore under omdanning. I den nye utgåva er det 18 kjernevariablar vi legg ut i Barometeret, og desse er no tilgjengelege for åra 2015-2018.

Frå brukarane si side har det også kome ønskje om at ein på ein enkel måte kan sjå kva Kostra-gruppe (med nummer 1-16) den aktuelle kommunen høyrer til, slik at ein lettare kan samanlikne seg med andre kommunar innanfor same gruppe.

Under er vist eksempel på ny presentasjon av variabel i Samhandlingsbarometeret:

Fig. 1 Figuren viser Kostra-variabelen Brutto utgifter til kommunale helse- og omsorgstenester pr. innbyggar. Dette er alle utgifter som går med på området, og inkludera også delar som kommunen får refundert utanfrå. Netto driftsutgifter vil difor være noko lågare.

Her er kommunane sine utgifter til helse- og omsorgstenester illustrert for Noreg, Sogn og Fjordane og kvar kommune. I tillegg er det enkelt å sortere t.d. etter aukande Kostra-gruppenummer. Dette vert gjort ved å sette peikaren i det blå feltet med Kostra-gruppe og nytte piltastane som då kjem fram i ruta.
Oppsettet her er etter dei noverande regionane (fylka) og kommunane i desse. For dei fire helseføretaksområda er det berre Sogn og Fjordane som har samsvar mellom opptaksområdet til Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane i dag. Dette vil endre seg i 2020 då ein går saman med Hordaland inn i Vestland fylke.

Fig. 2 Utvikling av brutto driftsutgifter i Helse Vest-området

I figuren ser vi at kommunane i Sogn og Fjordane i gjennomsnitt brukar opp mot 10 000 kr. meir pr. innbyggar i året enn landsgjennomsnittet. Hordaland ligg på landsgjennomsnittet, medan Rogaland ligg under. Vi ser også at det er ein betydeleg auke over kort tid i utgiftene for alle, og dette er før den såkalla «eldrebølga» er i gang for fullt.

Kva kan vere årsakene til dei markerte skilnadane i utgiftene?
Det vil sjølvsagt være ei rekke årsaker til slike skilnader, men det kan være nærliggande å peike på:
-Kommunestorleik
-Del av befolkninga over 80 år (demografi)
-Geografi og grad av spreidd busetnad
-Skilnad i sjukelegheit og særleg krevjande brukarar
-Skilnader i standard/kvalitet/organisering på tenestene
-Skilnader i bruk av tenester frå instansar utanfor kommunen

Det vil føre for langt å gå inn på slike meir komplekse samanhengar i denne nyhendesaka. Vi har valt å sjå på nokre enkle samanhengar, og brukar her opptaksområdet for Helse Førde (noverande Sogn og Fjordane) som døme.

a) Fig. 3 Samanheng mellom utgifter og kommunestorleik

Vi ser at utgiftene (blå linje) svingar mykje mellom kommunar av relativ lik storleik. Den generelle tendensen er at når kommunestorleiken aukar (raud line), er utgiftene pr. innbyggar lågare. Samanhengen totalt har ein korrelasjon på 0,65 som betyr ein høg grad av samvariasjon.

b) Fig. 4 Samanheng mellom utgifter og del eldre 80 år og over

Figuren viser betydeleg variasjonar mellom kommunar med om lag like store delar eldre over 80 år. Særleg utmerkar Balestrand seg. Kommunen har truleg ein større del yngre ressurskrevjande klientar etter at institusjonen for psykisk utviklingshemma som låg der (Granlia) vart nedlagd. Jamnar vi ut med bruk av trendliner (stripla) ser vi samla sett ein klar samanheng også her (korrelasjon 0,47).

c) Fig. 5 Samanheng mellom utgifter og bruk av DRG-poeng (ressursar) frå spesialisthelsetenesta

Her ser vi ikkje samvariasjon (korrelasjon 0,10) mellom ressursar brukt i kommunen og ressursar brukt i spesialisthelsetenesta. Ressursbruken i spesialisthelsetenesta ser altså ikkje ut til å samvariere med kostnadsnivå internt i kommunen.

Oppsummering:

-Kostnader for kommunane til helse- og omsorgstenester aukar i alle kommunane. Det er å forvente ein sterk auke vidare framover når «eldrebølgja» slår meir innover oss.

-I Sogn og Fjordane er kostnadane nærare 10 000 kroner meir pr. innbyggar enn landsgjennomsnittet. Hordaland ligg på snittet og Rogaland ligg under.

-Det er store skilnader mellom kommunane, også innanfor same Kostragruppe.

-I diskusjonar kring kommunesamanslåingar ser vi ofte uro for auka kostnadar.

-Grunnane til skilnadane er sjølvsagt samansette. I denne nyhendesaka har vi berre sett på enkle samanhengar i Sogn og Fjordane. Desse tyder på at kommunestorleik kan spele ei klar rolle. Det same er også auken i delen eldre over 80 år i befolkninga. Det er likevel ikkje samvariasjon med kor mykje sjukehusressursar (i form av DRG-poeng) kommunane forbrukar.

-Det bør stimulerast til helsetenesteforsking på dette området.

 

Av Hans Johan Breidablik