Rapportert overvekt og fedme ved sesjon i Sogn og Fjordane og Noreg

Fokuset omkring overvekt og fedme har vore stort i seinare år. Tidvis vert det omtalt som ein «fedmeepidemi», og i nokre land er store delar av befolkninga overvektige t.d. USA og England. Det har også vore diskutert om det er rett å kalle det overvekt når Kroppsmasseindeksen (KMI) ligg mellom 25 og 30, då det ikkje er haldepunkt for at dette har klare skadeverknader medisinsk sett. Men for gruppa med KMI over 30 vil det også handle om ekstra risiko for ulike medisinske lidingar og i nokre tilfelle å bli ekskludert frå aktivitetar.

Vi har i Noreg sett ei avflating av veksten i KMI hjå barn over tid, og i det siste er det teikn på at dette kan være tilfelle hjå den vaksne delen av befolkninga (Helseundersøkingane i Nord-Trøndelag, HUNT).

Det har vore kjent og debattert ein del omkring detat KMI hjå yngre vaksne i Sogn og Fjordane er klart høgare enn landsgjennomsnittet i forbindelse med sesjon (militærteneste). Desse dataene er basert på eigenrapportering, men feilkjeldene i dette er truleg ikkje større her enn andre stader i landet. Først frå 2015 vart jentene innkalla til sesjon i Noreg.

Fig. I viser utvikling av KMI ved sesjon over tid, samla for begge kjønn

Vi ser at den øvre linja som viser utviklinga i Sogn og Fjordane ligg klårt over landsgjennomsnittet (nedre blå linje). Det er ein viss auke over tid, men for Sogn og Fjordane ser det ut til å flate av frå rundt 2013-2016 og utover. «Annleisfylket» skil seg altså på dette livsstilområdet ut frå andre i negativ retning. Det vert hevda at overvekt er eit større problem i utkantar enn i større byar, og at dette kan vere ei delforklaring på fenomenet.

Fig. II viser fordeling av overvekt/fedme i forbindelse med innkalling til sesjon mellom kommunane i Sogn og Fjordane

 

Det er betydelege skilnader mellom dei ulike kommunane (der KMI>30 er null er det truleg for få personar for å publisere dette.). KMI mellom 25-30 varierer frå 15,3% i Hornindal og til 42,1% i Aurland, men begge desse er små kommunar der den tilfeldige variasjonen kan vere framtredande.

Ser vi på fedmeandelane (KMI>30) så ligg byar som Førde, Sogndal og Eid noko under snittet for fylket, medan Florø ligg omtrent på snittet. Industrikommunane Årdal, Høyanger og Bremanger ligg over gjennomsnittet. Det same gjeld ein del utkantkommunar, men mønsteret hjå desse varierer ein del.