KORONAVARIABLAR I SAMHANDLINGSBAROMETERET

Det har vore gode og detaljerte oversikter både i media og på nettet over koronasituasjonen rundt omkring i landet, både når det gjeld smitta pr. kommune, innlagde på sjukehus inkludert på intensivbehandling og talet på døde.

No er situasjonen relativt fredeleg med få innlagde, og ein er i ferd med å endre på dei ulike og omfattande restriksjonane som har vore. Pandemiar kan imidlertid kome i fleire bølgjer slik t.d. Spanskesjuka gjorde, og det er heller ikkje utsikter til at vaksinasjon eller effektiv behandling er nær føreståande.

Samhandlingsbarometeret har fram til no ikkje laga eigne variablar knytt til status og utvikling av koronasituasjonen innanfor vår region (Helse Vest).

Det har imidlertid kome fram ønskje om å ta inn variablar relatert til koronaepidemien i Samhandlingsbarometeret. Frå før ligg det mykje data og presentasjonar av koronadata både frå media (VG.no ) og Helsedirektoratet

Samhandlingsbarometeret fokuserer i hovudsak på status og utviklingstrekk over lengre tidsrom, der oppdatering av variablane sjeldan er hyppigare enn kvart tertial. For denne nye regionale koronavariabelen oppdaterer vi tal ein gong i veka (kvar tysdag).

I Helse Vest samanheng har Samhandlingsbarometeret valt å sjå på omfanget av innleggingar i sjukehus for dei fire helseføretaka og Noreg, og andelar pr. 100 000 innbyggjarar i opptaksområda.

Omfanget av smitta i befolkninga er ein meir usikker faktor, då dette også vil avhenge av kor mykje ein testar, og det er truleg betydelege mørketal her. I VG si oversikt er denne variabelen med på kommunenivå.

Dødelegheita ved infeksjonane er sterkt aldersavhengig, og stig bratt etter 60-årsalderen som figuren under viser. Menn som er mest utsette (Jeremy Rossman Kent Univ. basert på rate frå Kina/New York).

 

Innanfor Helse Vest-området er det særleg Helse Førde som har ein stor andel eldre med  størst risiko, men så langt er der ingen døde i dette opptaksområdet (tidl. Sogn og Fjordane).

Etter kvart vil ein truleg kome i gang med meir testing for oppnådd motstandskraft (immunitet) mot sjukdommen, anten ved å ha vore smitta utan å ha blitt sjuk eller ev. gjennom ein vaksine, om/når denne kjem. I samanheng med smittsomme sjukdommar snakkar ein ofte om «flokkimmunitet», som betyr at når ein tilstrekkeleg del av befolkninga er blitt motstandsdyktige vil utbreiing av smitten stoppe opp. Slik sett vil også flokkimmunitet vere til nytte for dei som verken er smitta eller vaksinerte. Ei kommunevis fordeling av denne andelen vil vere av klar interesse, men ligg nok fram i tid.

Ofte snakkar ein om det absolutte talet på smitta. Men sidan befolkningsmengda varierer mykje i ulike delar av landet, og tilsvarande at opptaksområda for dei ulike føretaka kan variere frå under 100 000 til over ein halv million, vil det å rekne ut andel pr. 100 000 innbyggarar gje eit lettare forståeleg inntrykk av skilnader mellom opptaksområda.

Samhandlingsbarometeret har difor i første omgang valt å ta inn innleggingar pr. føretak i Helse Vest (Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sjukehus er slått saman) i tillegg til landsgjennomsnittet. I presentasjonen nyttar ein gjennomsnittsverdiar for tre dagar om gongen.

 

Eksempel på presentasjonar i Samhandlingsbarometeret:

Figur 1: Andel pr. 100 000 i opptaksområdet av innleggingar for koronasjukdom (gjennomsnitt for tre døgn).

Frå nedste linja (12. mai 2020) ser vi at Helse Bergen (inkludert Haraldsplass) har den høgaste andelen innan Helse Vest-området, medan Helse Stavanger ikkje har nokon innlagde for tida. Gjennomsnittet for heile Noreg er også lågt med 1,1 pasientar innlagde pr. 100 000.

Figur 2: Ofte vil ei grafisk framstilling av utviklinga over tid være mest interessant. Når ein vel denne presentasjonsmåten i Samhandlingsbarometeret vert det slik:

Vi ser ein rask stigning i omfanget av innleggingar i starten, men der Helse Førde låg noko etter. Sidan har det vore nedgang hjå alle føretaka i Helse Vest, og utviklinga for Helse Stavanger sitt opptaksområde er mest markert ved at der ikkje er innlagde pasientar i det heile siste dagane.

Samhandlingsbarometeret vil arbeide meir med publisering av koronadata og ev. ta inn fleire variablar etter kvart dersom situasjonen endrar seg.

Av Hans Johan Breidablik