RAPPORT TIL BRUK I HELSEFELLESSKAPET SOGN OG FJORDANE

Samhandlingsbarometeret har hausten 2023 utarbeidd ein rapport på bestilling frå Helse Førde ved utviklingsdirektør og samhandlingssjef.
Rapporten presenterer status og utviklingstrekk for sentrale statistikkvariablar i dei seinare åra for Sogn og Fjordane helsefellesskap. Data er basert på tilgjengeleg statistikk i Samhandlingsbarometeret på data frå NPR (Norsk Pasientregister), KPR (Kommunalt Pasient- og brukerregister), FHI (Folkehelseinstituttet), SSB (Statistisk Sentralbyrå), Nasjonale Kvalitetsindikatorar (Hdir.) og Vestland fylkeskommune si Folkehelseundersøking frå 2022.
Alle data i SB er i utgangspunktet relevante for samhandlinga mellom kommune- og spesialisthelsetenesta, og såleis også for arbeidet i helsefellesskapet. Rapporten omfattar utvalde indikatorar (variablar) som belyser samhandling generelt, og det som så langt er tilgjengeleg knytt til dei fire nasjonalt prioriterte pasientgruppene:
– Vaksne med alvorleg psykisk sjukdom,
– Vaksne med kroniske lidingar
– Eldre med skrøpelegheit
– Barn og unge med langvarige tenestebehov

Valet av variablar til rapporten er gjort i samarbeid med Faggruppa for barometeret, inkludert samhandlingssjef og fagdirektør i Helse Førde.
Det har vore semje om å inndele helsefellesskapsområdet i tre område for at tabellar og figurar skal bli meir oversiktelege. Samanslåing av kommunar, har gjort det utfordrande å plassere kommunane inn i dei tradisjonelle tre geografiske områda Nordfjord, Sogn og Sunnfjord. Særleg gjeld dette for Kinn kommune med ein del i Sunnfjord og i Nordfjord, og kommunane Høyanger og Hyllestad i Ytre Sogn som er lagt til Sunnfjord i rapporten.
Ein har vald følgjande inndeling:
– Nordfjord: Stad, Stryn, Gloppen, Bremanger, Kinn
– Sogn: Lærdal, Aurland, Årdal, Luster, Sogndal, Vik
– Sunnfjord: Høyanger, Hyllestad, Solund, Fjaler, Askvoll, Sunnfjord
Data vert presenterte både på dei tre regionnivåa og på kommunenivå.

Les rapporten her: Rapport 2023 – Status og utviklingstrekk for Sogn og Fjordane helsefellesskap