Samfunnsmedisin i praksis på kommunenivå – Artikkel i Utposten desember 2023 basert på data frå Samhandlingsbarometeret

Utposten er eit norsk fagtidsskrift for allmennlegar og samfunnsmedisinarar. Den sentrale personen i tidsskriftet var Olav Rutle frå Fjærland.

Tilsette i Samhandlingsbarometeret har skrive og fått publisert ein artikkel knytt til  samfunnsmedisinske problemstillingar på lokalplan.

Vi har teke utgangspunktet i dødelegheit (tidleg død) i dei to nabokommunane Aurland og Vik på sørsida av Sognefjorden. Trass i at begge er småkommunar og naboar så ligg dei i kvar sin ende av skalaen for tidleg død og over lengre tid.

Basert på data frå Samhandlingsbarometeret og andre kjelder har vi sett på ulike faktorar i lokalsamfunna som kan tenkast å verke inn på dødelegheita, som også er ein av dei mest sentrale Folkehelseparameterane innan samfunnsmedisinen.

Det er særleg menn som står for ulikheitene, det er ulikheiter ved kva næringar befolkninga er sysselsette i og ein viss ulikheit i røykefrekvensen mellom kommunane, medan mange andre parameter ikkje er så ulike.

Les heile artikkelen her:

Samfunnsmedisin i praksis på kommunenivå _ Utposten