Helsefellesskapa; første indikator er på plass i Samhandlingsbarometeret

Samhandlingsbarometeret har over tid hatt som mål å publisere indikatorar relatert til dei fire prioriterte pasientgruppene for dei 19 Helsefellesskapa i Norge.

Ei av desse gruppene er personar med alvorlege psykiske lidingar. Her er det nasjonalt plukka ut eit sett med diagnosar frå ICD-10 systemet i spesialisthelsetenesta (F20: Schizofreni, F22-F29: andre psykoselidingar og F30-F31: alvorlege stemningslidingar med maniar eller bipolare lidingar).

Samhandlingsbarometeret har sett på kor mykje innbyggarane i dei ulike kommunane brukar av spesialisthelsetenester til behandling av desse diagnosane, men ikkje kor mange personar i kvar kommune som har desse lidingane (i små kommunar kan dette gjelde få enkeltpersonar).

Både behovet i kommunen for spesialisthjelp til pasientgruppa, terskelen for å tilvise dei til spesialisthelsetenesta, kommunen sine eigne ressursar til gruppa og kulturar i den lokale helsetenesta kan verke inn på kor mykje tenester dei får frå spesialisthelsetenesta.

Ein har her valt å presentere data som gjennomsnittlege årsratar pr. 1000 innby. i kommunane over 3-årsperiodar, og dei tilsvarande absolutte tala for fylgjande inndeling:

  • Innleggingar og liggedagar i psyk. institusjonar,
  • Polikliniske konsultasjoner (inkl. dagbehandling)
  • Private avtalespesialistbesøk.

Når vi sorterer dette for kommunar som høyrer til under dei ulike helseføretaka sine opptaksområde kjem det fram markerte skilnader. Illustrasjonen under viser Helse Fonna sine opptakskommunar og deira forbruk når det gjeld polikliniske konsultasjonar/dagbehandling.

Dette er forhold som det er naturleg at samhandlinga i helsefellesskapa set på agendaen framover. Kva er det som gjer at befolkninga i nokre kommunar tilsynelatande har lite behov for/forbruk av spesialisthelsetenester til dei alvorleg psykisk sjuke, medan andre kommunar har eit tilsynelatande stort behov/forbruk?

*Utsira manglar grunna små tal.