Eldrebølgja og kostnadsauke innan kommunale helsetenester framover

Det har vore mykje merksemd omkring den kommande auken i talet på eldre i kommunane. Særleg i utkantkommunar med fråflytting vert andelen over yrkesaktiv alder høg.

Ein betydeleg del av dei kommunale utgiftene går til helsesektoren der pleie- og omsorgstenestene utgjer storparten. Samtidig veit vi at behovet for pleie- og omsorgstenester aukar med alderen, særleg når personar blir over 80 år. Dette gjev utfordringar knytt til rekruttering av fagpersonell, og vil ha betydelege økonomiske konsekvensar. I Samhandlingsbarometeret er det ein variabel kalla «Berekraftsbrøk». Denne viser forholdet mellom tal personar i yrkesaktiv alder og talet på eldre framover. Dei forventa endringane er betydelege.

Figur 1. under viser andelen i prosent av kommunen sine samla utgifter som går til helse- og omsorgsføremål. Det varierer frå rundt ein tredel til omkring halvparten av dei samla utgiftene.

Dersom vi ser på dei siste tala for netto driftsutgifter til helse- og omsorgstenester pr. innbyggar i kommunane i Sogn og Fjordane, får vi ei fordeling som vist i figur 2. under (det manglar tal for Luster kommune).

Det er ein variasjon frå rundt kr. 19 000 pr. innbyggar i Førde og opp til nesten kr. 60 000 i Balestrand. Truleg er dei mange gjenverande HVPU-klientar i Balestrand med på å dra dette talet opp. Ser vi på dei tre kommunane Hyllestad, Bremanger og Aurland så ligg desse rundt kr. 40 000, altså meir enn det doble av Førde kommune i 2018. Dersom vi antek at utgiftene blir tilsvarande også i tida framover, vil talet på personar i aldersgruppa over 80 år bli avgjerande for kommunane sine utgifter på sikt.

I Samhandlingsbarometeret har vi difor sett på befolkningsprognosane fram mot 2040 når det gjeld talet prosentvis auke av personar i gruppa over 80 år. Dette er vist i figur 3. under.

Den prosentvise auken er klart forskjellig mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Gjennomsnittleg vil kommunane i fylket ha nærare 90% auke i talet på personar som er 80 år og eldre fram til 2040. Men det er stor variasjon her, frå Bremanger med 22% auke til Førde med heile 185% auke. Slik sett har nokre kommunar allereie fått den såkalla «eldrebølgja» innover seg, og har måtta møte denne allereie.

Dei tre kommunane som vil få minst auke i eldregruppa over 80 år; Bremanger, Vik og Hornindal, ligg allereie i dag høgt på kostnader pr. innbyggar, og utfordringa med å få nok kvalifisert personell kan bli dei viktigaste framover.

Vi ser ein omvendt tendens for kommunane som i dag har forholdsvis låge kostnader til kommunale helsetenester. Særleg for Førde sitt vedkomande vil dette kunne gje store økonomiske implikasjonar. Dei går inn i den nye Sunnfjord kommune med klart større utfordringar enn dei noverande mindre samarbeidande nabokommunane. Dette har nok med den raske oppbygginga av og tilflyttinga til Førde som fylkessenter for ein generasjon sidan.

Kva faktorar kan endre seg i dette?
Framskrivinga av talet på eldre vil truleg vere rimeleg sikkert, då det generelt er liten mobilitet ut av kommunane for desse, og mest truleg vil også den forventa levealderen fortsette å auke framover. Den samla befolkningsutviklinga er meir usikker, og berre Sogndal ser i dag ut til å gå mot ein klar auke i denne framover.

Ein mykje omdiskutert mekanisme er det som vert kalla «kompresjon av sjukdomsperioden». Bakgrunnen her er at eldre er blitt gjennomgåande friskare med tida, slik at perioden med hjelpebehov kan flytte seg oppover i alder. Andre stikkord er utvikling av velferdsteknologi og endra organisering av tenestene som gjer at desse kan leverast til mindre kostnader.

I same perioden vil Noreg truleg redusere på oljeinntektene sine, slik at det er tvilsamt om dei statlege overføringane til kommunane vil halde tritt med den forventa utgiftsauken. Kommunane må nok difor belage seg på utfordrande prioriteringar framover.

Av Hans Johan Breidablik