Oppføringer av

UNDERVISNING OM FOLKEHELSE OG SAMHANDLINGSBAROMETERET FOR SJUKEPLEIESTUDENTAR

Sjukepleiegruppa, og utdanninga for denne, er ein sentral komponent i framtidas helseteneste der samhandling blir tiltakande viktig. Studentane skal få kunnskap om førebygging og kunne skrive oppgåver knytt til slike tema. Tradisjonelt har mykje av undervisninga og praksis på høgskular vore knytt til behandling og omsorg av einskildpasientar. Men tiltak knytt til store grupper og […]

Samhandlingsnytt for april!

  Kvar månad sender samhandlingssjefen i Helse Førde,  Stig Igland, ut Samhandlingstnytt der informasjon om tema som er nyttige for både kommunane og spesialisthelsetenesta vert formidla.  No er samhandlingsnytt for april sendt ut til kommunane, andre instansar og samarbeidspartar Samhandlingsnytt April 2017  

Samhandlingsbarometeret som datakjelde for Høgskulen!

Fagmiljøet i organisasjon og leiing ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, inviterte Hans Johan Breidablikk til seminar den 02 .mars for å orientere om Samhandlingsbarometeret. Bakgrunnen for invitasjonen var eit ønske om å lære meir om kva Barometeret er, kva data som er tilgjengelege og kva dei kan brukast til. Fagmiljøet driv eit deltids mastergradsstudium […]

Skjema for melding om samhandlingsavvik og uønska hendingar er no lett tilgjengeleg på samhandlingssida!

Koordineringsrådet har vedteke ei felles ordning for melding av avvik og uønskte hendingar knytt til samhandling. For å få eit godt samarbeid, kvalitetsforbetring og læring, er det viktig å melde frå om avvik og uønskte hendingar internt i Helse Førde, internt i kommunane og mellom kommunane og Helse Førde. Det er utarbeidd eit skjema for […]

Nye folkehelseindikatorar er publisert i Samhandlingsbarometeret!

I samarbeid med kommunar, fylkeskommunen, Fylkesmannen og NAV har Helse Førde det siste året jobba for at mange av dei indikatorane kommunane treng i det lovpålagde helseovervakingsarbeidet sitt vert samla i Samhandlingsbarometeret. Kommunar, og andre, vil då langt på veg sleppe å orientere seg i fleire ulike databasar for å hente dei data dei treng. […]

Samhandlingsbarometeret presentert på Den første nasjonale konferansen i Helsetenesteforsking!

Den 14. og 15. mars arrangerte NTNU (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet) og Nasjonalt nettverk for helsetjenesteforskning Den første nasjonale konferansen i Helsetenesteforsking i Trondheim. Konferansen samla mange deltakarar frå heile landet, og langt fleire enn arrangørane hadde trudd. I dag føregår det helsetenesteforsking i små miljø rundt om i landet. Dei er lite koordinerte og er […]

Regionale dagsamlingar om samhandlingsavvik

Tirsdag 14.mars blei årets første regionale dagsamling knytt til samhandlingsavvik arrangert i Nordfjord. Omlag 25 deltakarar var møtt fram i Storstova på Nordfjord psykiatrisenter. Heile seks kommunar var representert, i tillegg til fleire tilsette frå både Psykisk Helsevern og somatisk del i Helse Førde HF. Dei frammøtte var samde om at det er nyttig å […]

Samhandlingsnytt- mars 2017

Samhandlingskonferansen i Sogn og Fjordane Torsdag 20. & fredag 21. april på Scandic Sunnfjord Hotel, Førde Samhandlingskonferansen er eit årleg fellesarrangement mellom fleire viktige samfunnsaktørar i fylket. Helse Førde HF, KS Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Det felles brukarutvalet i fylket og Høgskulen på Vestlandet er arrangørar. På Samhandlingskonferansen freistar ein på […]

Samhandlingskonferansen 2017: Saman er vi dynamitt!

Vi inviterer til Samhandlingskonferansen 2017: «Saman er vi dynamitt!» oppgåveløysing gjennom leiing, innovasjon og velferdsteknologi Scandic Sunnfjord Hotel og Spa 20.-21. april 2017 Konferansen har som mål å bidra til god kultur for samhandling på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, gi kunnskap gjennom gode innlegg og drøftingar, synleggjere døme på innovative satsingar, god praksis og […]