Oppføringer av

FRAMSKRIVING AV ETTERSPØRSEL ETTER HELSE- OG OMSORGSTENESTER; ELEFANTEN SOM BERRE SSB VIL SJÅ?

  SSB (Statistisk sentralbyrå) har nyleg gitt ut ein rapport med Regional framskriving av etterspørsel etter helse- og omsorgstjenester, 2017 – 2035 (2019/26). Det ser så langt knapt ut til at medieverda har oppdaga denne. Er problematikken for stor og utfordrande til at ein vil sjå og diskutere den? Samhandlingsbarometeret har tidligare hatt ei nyhendesak […]

FAGDAG VALD OG OVERGREP MOT BARN OG UNGE

Barne- og ungdsomsavdelinga i Helse Førde arrangerar Sogn og Fjordane sin første fagdag om vald og overgrep mot barn og unge i samarbeid med Fylkesmannen Vestlandet. Mål med fagdagen: Auke merksemda blant helsepersonell på barn og unge som kan ha vore utsett for vald, overgrep og omsorgssvikt.  Auke kjennskapen til kva som finst av […]

Kva meiner du om Samhandlingsbarometeret?

Dette ønskjer vi svar på i spørjeundersøkinga som er sendt ut i dag til eit utval personar i kommunane i Sogn og Fjordane og Rogaland. Om du ikkje har fått undersøkinga på epost, bruk gjerne lenken her og gje oss dine synspunkt. Samhandlingsbarometeret er under kontinuerlig oppdatering og utvikling. Av den grunn har vi behov […]

Pasientreiser – to nye variablar i Samhandlingsbarometeret

Etter ønskje frå brukargrupper av Samhandlingsbarometeret har vi tatt inn statistikk knytt til pasienttransport med drosje. Dette gjeld både reiser internt i kommunane og reiser til/frå spesialisthelsetenesta. Samla sett representerer desse reisene store kostnader. Alle kostandane vert dekka av spesialisthelsetenesta, også transportar internt i kommunane sjølve. Samstundes er slike reiser ei viktig inntektskjelde for drosjenæringa, […]

Legemiddelgjennomgangar i sjukeheimar i Sogn og Fjordane

Helsedirektoratet presenterer statistikk frå ulike kvalitetsindikatorar på nettet, og ein av desse er Legemiddelgjennomgang hos beboere på sykehjem Stadig fleire eldre har mange sjukdomar og får fleire legemiddel samtidig. Fleire legemiddel samtidig aukar også sannsynligheita for feilmedisinering, unødvendig bruk og uheldige kombinasjonar av legemiddel. Eldre er særleg sårbare for biverkander og legemiddelrelaterte problem, og undersøkingar […]

Folkehelseundersøkinga i Sogn og Fjordane

Datainnsamlinga for den første folkehelsekartlegginga mellom vaksenbefolkninga i Sogn og Fjordane vart gjennomført av Folkehelseinstituttet i perioden frå 13. mars til 7. april 2019. Undersøkinga vart gjennomført på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Tilsvarande undersøking vart gjennomført i Hordaland i 2018. Målet er å skaffe fram informasjon om subjektiv helse, livskvalitet, helserelatert åtferd og […]

RANDKOMMUNAR OG BRUK AV TENESTER FRÅ HELSE FØRDE

Som dei fleste vil være kjent med er Sogn og Fjordane halvvegs inne i sitt siste år som eige fylke. Frå 2020 blir det samanslåing med Hordaland til det nye Vestland fylke. Men når det gjeld helseføretak er det så langt ikkje lagt opp til ei tilsvarande omorganisering. Helse Førde og Helse Bergen vil i […]

Folkehelseindikatorar – oppdaterte tal i Samhandlingsbarometeret

Kommunane er pålagde å ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga, påverkningsfaktorar, folkehelseutfordringar og ressursar. Dette for å planlegge og gjennomføre effektive og målretta tiltak mot dei lokale utfordringane i folkehelsearbeidet. Det kan vere krevjande for kommunane å finne fram til og velje ut relevant statistikk og data. Saman med m.a. representantar frå nokre kommunar, […]

Fagseminar om « Tolking og bruk av helsestatstikk i små utval – utfordringar og moglegheiter»

15. mai arrangerte Forskargruppa folkehelse, livstil og overvekt ved Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde i samarbeid med Samhandlingsbarometeret fagseminar om tolking og bruk av helsestatistikk i små utval. Temaet vart belyst gjennom føredrag frå fagfolk og forskarar frå ulike instansar, og det vart sett av tid til diskusjonar og synspunkt frå dei frammøtte. Seminaret […]

Rekruttering av sjukepleiarar til kommunar i Sogn og Fjordane

I 2040 vil Norge trenge mellom 167.000 og 224.000 sjukepleiarar, basert på ein rapport Samfunnsøkonomisk analyse har gjort på oppdrag frå Helsedirektoratet. Befolkningsvekst, høgare levealder og aukande etterspørsel etter helsetenester, gjer at behovet er stort framover. Særleg har kommunehelsetenesta i mindre utkantkommunar hatt vanskar, og nyleg såg vi i media at også byen Florø mangla […]