Oppføringer av

KOSTRATAL FOR 2019 ER PUBLISERT I SAMHANDLINGSBAROMETERET

KOSTRA-tal (saman med Kostragrupper) er no klare for 2019, og eit utval av desse variablane er lagt inn i Samhandlingsbarometeret. Dette er etter tidlegare fylke- og kommunestruktur, ikkje den som er gjeldande frå 2020 av. Det kan vere av interesse å sjå på utviklinga i bruttokostnader pr. innbyggar til helse og omsorgsområdet i åra fram […]

Pasientane våre får tilbod om videokonsultasjonar

  For å halde fysiske møter mellom menneskjer til eit minimum og redusere risiko for smitte, vil sjukehusa no bruke videokonsultasjonar så langt det er mogleg. – Det er viktig å halde dei tilsette og pasientar friske, samstundes som alle skal få eit godt og tilstrekkeleg tilbod. At vi no kan tilby videokonsultasjonar er eit […]

Viktig informasjon angåande Korona

Helse Førde og kommunane har felles prosedyre for «Samarbeid mellom Helse Førde og kommunane ved influensapandemi» Etter oppmoding frå koordineringsrådet vert no denne prosedyra sendt ut til alle kommunane v/kommunedirektørane for å starte arbeidet med å etablere operativt samhandlingsråd og taktisk samhandlingsgruppe. I første omgang er det taktisk samhandlingsgruppe som vert etablert. Eksisterande prosedyre er […]

Lærings- og mestringssenteret arrangerer ein fagdag for alle med direkte pasientkontakt i 1. og 2. linjetenesta. Her vil du få ein gjennomgang av nyttige framgangsmåtar i møte med pasientar, brukarar og pårørande. Både vanlege og meir utfordrande menneskemøte. Eksempla er realistiske, og du får innsikt i kva du gjer bra og korleis du kan bli […]

UFØRETRYGDING VESTLANDET pr. 2019

Noreg har ein høg andel uføretrygda personar samanlikna med mange andre land. Samstundes har ein låg arbeidsløyse og høg yrkesdeltaking generelt her i landet. Ved utgangen av 2019 var det i overkant av 352 000 uføretrygda i landet (10,3% av befolkninga mellom 18 og 67 år), og talet auka med 13 000 i løpet av […]

Fagnettverksamling for eldremedisin/eldreomsorg 26.mars er avlyst

Fagnettverksamling innan eldremedisin/eldreomsorg er 26.mars er avlyst. På grunn av smittesituasjon knytt til koronavirus avlyser vi fagdagen 26.mars. Dette er i samsvar med råd frå Folkehelseinstituttet og i samråd med kommuneoverlege. Vi vil vurdere om vi kan tilby kommunane tema/undervisning på video/webinar, men vil avvente til vi ser om det er realistisk og fornuftig med […]