RANDKOMMUNAR OG BRUK AV TENESTER FRÅ HELSE FØRDE

Som dei fleste vil være kjent med er Sogn og Fjordane halvvegs inne i sitt siste år som eige fylke. Frå 2020 blir det samanslåing med Hordaland til det nye Vestland fylke.
Men når det gjeld helseføretak er det så langt ikkje lagt opp til ei tilsvarande omorganisering. Helse Førde og Helse Bergen vil i hovudsak ha same opptaksområde som no. Men både funksjonsfordeling og fritt sjukehusval gjer at pasientflyten kan endre seg over tid. I dette ligg også at Helse Førde er eit lite føretak med avgrensa tal innbyggarar i opptaksområdet. Dersom talet på brukarar av Helse Førde også blir mindre, vil det kunne føre til utfordringar med å halde oppe eit så breitt spekter av behandlingstilbod for befolkninga.

Det kan difor være av interesse å sjå på utviklinga knytt til bruk av Helse Førde for randkommunar samanlikna med gjennomsnittet i fylket elles. Typisk for randkommunar i denne samanhengen er at dei ligg på grensa til naboføretak, og at dei også har kort veg til spesialistheletenester i naboføretaka.

Vi har då vald ut fire typiske randkommunar: Gulen, Vik, Aurland og Hornindal.

1. Innlegging som øyeblikkeleg hjelp samla pr. 1000 innbyggjar i perioden 2009 – 2018

Vi ser av den øvste linja at gjennomsnittet for heile Sogn og Fjordane ligg rundt 110-120 pr. 1000 innb. og dette har vore relativt stabilt dei seinare åra.
Alle dei fire randkommunane låg allereie i 2009 under gjennomsnittet for fylket når det gjeld øyeblikkeleg sjukehusinnlegging i Helse Førde, og særleg låg Vik kommune lågt med under halvparten så mykje også i 2009. Dette har nok samanheng med at kommunen har nytta Voss sjukehus (Helse Bergen) i periodar der vegen over Vikafjellet har vore open. Men trass i nokre svingingar er omfanget i bruken av Helse Førde mykje på same nivå i 2018 som i 2009. Ein liknande trend ser vi for Aurland sitt vedkomande bortsett at dei heile tida har nytta Helse Førde meir (har kort veg til Lærdal sjukehus).

Men for dei to andre kommunane Gulen og Hornindal ser vi ein markert reduksjon av innleggingar i Helse Førde i perioden. Gulen har i dag legevakt- og KAD-tenester lokalisert i Nord-Hordaland (Knarvik), og Hornindal vil om kort tid bli ein del av Møre og Romsdal (Volda sjukehus).

2. Tilvising til poliklinikk samla (både planlagde og øyeblikkeleg hjelp) pr. 1000 innb. i perioden 2009 – 2018 frå heile opptaksområdet og dei fire randkommunane

Omfanget av etterspurnad om polikliniske tenester frå Helse Førde er som vi ser aukande fram til 2014, og har sidan vore stabilt for fylket samla sett. Omfanget tilsvarar nesten ein nytilvising for annankvar person i fylket. Også her ligg alle dei fire randkommunane lågare allereie i 2009. Imidlertid ser vi her for Aurland og Vik ein viss auke i bruken av Helse Førde over tid. For Gulen og Hornindal er det ein reduksjon også i nytilvisingar dei siste åra, og mest markert for Gulen sitt vedkomande. Mønsteret når det gjeld poliklinikkbruk er såleis litt annleis enn vi såg over for øyeblikkeleg hjelp-innleggingar.

Konklusjon: Dei fire randkommunane har til saman 8078 innbyggjarar i 2018, og utgjer i overkant av 7% av den samla befolkninga i Sogn og Fjordane. Dersom storparten av desse skulle søke seg mot andre føretak ville det likevel kunne vere ei utfordring for Helse Førde. I noko grad kan vi sjå ei slik utvikling for sjukehusinnleggingar, men noko mindre i høve poliklinisk aktivitet. Generelt er bruken av Helse Førde lågare frå randkommunane, men dette har vore tilfelle over lengre tid.

Av Hans Johan Breidablik