UFØRETRYGDING VESTLANDET pr. 2019

Noreg har ein høg andel uføretrygda personar samanlikna med mange andre land. Samstundes har ein låg arbeidsløyse og høg yrkesdeltaking generelt her i landet.

Ved utgangen av 2019 var det i overkant av 352 000 uføretrygda i landet (10,3% av befolkninga mellom 18 og 67 år), og talet auka med 13 000 i løpet av 2019. Det er uttrykt bekymring over utviklinga, også fordi befolkningsutviklinga gjer at det blir mindre andel av personar i arbeidsfør alder framover (sjå t.d. Samhandlingsbarometeret og variabelen «Berekraftsbrøk»).

Det er klare geografiske skilnader i andelane med uføretrygding der Aust-Agder og Østfold ligg på topp med 14,8% og Oslo på botnen med 5,9%. Område med høg andel eldre vil naturleg også ha meir uføretrygding. Kvinner er meir uføretrygda enn menn, og skilnaden mellom kjønna har auka over tid slik figuren under viser.

Fig. 1 Utvikling over tid nasjonalt for kvart kjønn

Fig. 2 Uføretrygding og alder

Vi ser ei jamn auke uføretrygda med aukande alder fram til 65 års-alderen, fallet deretter har truleg med pensjonsordningar å gjere. Det er likevel i dei yngre aldersgruppene ein særleg har sett auke i uføretrygding.

 

Korleis er situasjonen i Helse Vest sitt opptaksområde (Vestlandet med gjeldande regioninndeling pr. 2019)

Fig. 3 Utvikling for Vestlandsfylka

Vi ser at alle dei dåverande tre fylka på Vestlandet hadde lågare andel av uføretrygda enn landet generelt, og at det ved utgangen av 2019 ikkje var skilnader mellom dei tre fylka (8,3%), (Sogn og Fjordane hadde den eldste befolkninga av dei tre).

Fig. 4 Andel uføretrygda i kommunar/bydelar i Helse Vestområdet 2019 (obs. at ikkje alle radetikettane = kommunane/bydelane har fått plass til namnet)

I Helse Vest sitt opptaksområde ligg dei to Rogaland-kommunane Sokndal og Lund høgast med 13,9%/13,4% av befolkninga, deretter kjem Vaksdal i dåverande Hordaland (12,7%) og Høyanger i dåverande Sogn og Fjordane med 12,4%.

I den andre enden ligg dåverande Sogndal kommune i Sogn og Fjordane med 5,6% og Bergenhus bydel i Bergen med det same. Skilnaden er altså 2,5 gonger frå lågast til høgast.

Konklusjonar
• Helse Vest-området ligg klart under landsgjennomsnittet for uføretrygding.
• Ved utgangen av 2019 hadde dei tre tidlegare Vestlandsfylka same andel av uføretrygda med 8,7% av befolkninga mellom 18 og 67 år.
• Det er 2,5 gonger skilnad mellom lågaste (Sogndal) og høgaste kommune (Sokndal) når det gjeld omfang av uføretrygding
• Både alderssamansetning av befolkninga, utdanningsnivå og det lokale arbeidslivet spelar nok inn på omfanget.

Av Hans Johan Breidablik