Nesten 4 års skilnad i leveutsikter på kvar side av Lærdalstunellen

Levealder

Forventa levealder ved fødsel er eit sentralt folkehelsemål. Generelt har vi hatt ei stadig auke i denne over tid. Samtidig har vi sett frå Oslo at det er store skilnader mellom unike bydelar når det gjeld leveutsikter. For menn har ein no skilnader på rundt 7 år mellom bydelar, men skilnadane har her vore avtakande gjennom dei seinare åra. For kvinner er skilnadane no rundt 6 år.

Samhandlingsbarometeret har nyleg teke inn variabelen «Forventa levealder ved fødsel» for kommunane i Sogn og Fjordane. Det er av interesse å sjå i kva grad det er skilnader lokalt også i dette fylket som har ei meir homogen befolkning enn det vi finn i hovudstaden.

Fig. 1. Forventa levealder ved fødsel menn/kvinner i Noreg, Sogn og Fjordane samla og dei to nabokommunane Lærdal og Aurland

Vi ser ein jamn auke i forventa levealder for menn i Sogn og Fjordane, men auken er mindre enn samla for Noreg. I siste periode (2002-2016) skil det berre 0,6 år i favør av vårt fylke. For menn i dei to nabokommunane Lærdal og Aurland er det imidlertid ein markert skilnad på 3,8 år. I Lærdal har levealderen auka til 81,4 år, medan menn i Aurland knapt har hatt nokon auke over tid, og ligg på 77,6 år.

For kvinner har Sogn og Fjordane samla ein jamn auke på linje med landstalet, og med 1,2 år i favør av Sogn og Fjordane. Og for kvinner i Lærdal ser vi ei motsett utvikling over tid, medan kvinner i Aurland har hatt ein markert auke. Likevel ligg både Lærdal og Aurland under gjennomsnittet for Sogn og Fjordane.

Tidleg død

Eit anna liknande folkehelsemål er omfanget av tidleg død. Dette omfattar personar som døyr tidlegare enn vanleg forventa i alderen 0-74 år, og har då også i seg årsaker som kan være førebyggbare i noko grad.

Fig. 2. Tidleg død (0-74 år) alle årsaker (rater pr. 100 000)

Igjen ser vi at menn i Aurland har tydeleg aukande dødelegheit, medan menn i Lærdal har avtakande dødelegheit over tid. For kvinner er det igjen motsett tendens med klart avtakande dødlegheit for kvinner i Aurland, men ikkje for kvinner i Lærdal.

Den hyppigaste dødsårsaka i mange land er knytt til hjerte- og karsjukdommar. Det er difor av interesse å sjå om vi finn same utviklingstrekka for denne dødsårsaka i dei to kommunane.

Fig. 3. Tidleg død av hjerte-karsjukdom nasjonalt og i Aurland og Lærdal

Det er klart fallande dødelegheit av denne sjukdomsgruppa over tid, og mest for menn sitt vedkomande. For menn i Lærdal er denne utviklinga markert i positiv retning, medan den ikkje har vore til stades hjå kvinner (slik sett har kvinner gått i negativ retning over tid når ein samanliknar med den nasjonale utviklinga). Menn i Aurland har hatt noko nedgang, medan tala for kvinner i Aurland er for små til å bli vist.

Årsakene til at utviklinga er slik er truleg samansette, men Samhandlingsbarometeret kan ikkje seie noko nærare om dette.