Responstider for akuttoppdrag

Tida til ein pasient får nødvendig helsehjelp etter ei alvorleg hending, er av avgjerande betydning for å unngå unødvendig tap av leveår og redusert funksjonsnivå. Helsedirektoratet har utvikla kvalitetsindikatorar for akuttmedisinske tenester. Indikatorar er utvikla for mellom anna gjenoppliving etter hjartestans, responstider knytt til ambulanseoppdrag samt svartid på medisinsk naudnummer 113.

Samhandlingsbarometeret publiserer tala som viser dei geografiske skilnadane i responstider i høvesvis grisgrendte og tettbygde strøk, samt tal akutte hendingar. For akutte og alvorlege hendingar er målsetjinga å nå fram til pasienten innan 12 minutt etter varsling i tettbygde strøk, medan ein for grisgrendte strøk har sett målsetjinga til 25 minutt. Dette skal omfatte 90% av alle henvendingane i området.

I 2020 var mediantida i tettbygde strøk 9,5 minutt, medan den for grisgrendte strøk var på 15,1 minutt. I 2021 var tidene høvesvis 9,9 minutt og 15,4 minutt for tettbygde og grisgrendte strøk. Det er betydeleg geografisk variasjon i responstider i grisgrendte strøk, med variasjon frå under 10 minutt til rundt 30 minutt i kommunane med høgast responstid.

Det er òg stor geografisk variasjon i tal hendingar per 1000 innbyggarar. Helse Midt har lågast tal hendingar med 20 hendingar per 1000 innbyggarar, tett følgd av Helse Nord og Helse Vest, medan Helse Sør-Øst har 33 hendingar per 1000 innbyggarar. Tala inkluderer ikkje tal oppdrag med luft- eller båtambulanse, som har ulike ratar i ulike landsdelar. Det bør merkast at turistar/gjestande vil gje utslag i ratane for tal oppdrag per innbyggar.

 

Kjelde: Nasjonale kvalitetsindikatorar Hdir/Norsk Pasientregister (NPR)

https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/kvalitetsindikatorer/akuttmedisinske-tjenester-utenfor-sykehus/median-tid-fra-amk-varsles-til-ambulanse-er-pa-hendelsessted-kommune