Resultat frå spørreundersøkinga om Samhandlingsbarometeret

Ei spørjeundersøking om bruk og nytteverdi av Samhandlingsbarometeret vart sendt til kommunane i oktober. Tusen takk til alle som tok dykk tid til å svare, det har gitt oss gode tilbakemeldingar på korleis Samhandlingsbarometeret blir brukt og kva forbetringar brukarane ynskjer. Undersøkinga fekk ein svarprosent på 38.

Kommunane seier at dei nyttar Samhandlingsbarometeret regelmessig og at dei opplever det som nyttig.

91% av dei som svara opplevde at Samhandlingsbarometeret er svært nyttig og nær 50% bruker det kvar månad. Om brukarvennlegheit svara litt over 50% at den er god, medan 47 % svara at den er middels god, ingen svara at den er dårleg.

Data frå Samhandlingsbarometeret blir brukt til ulike føremål; planlegging (56%), refleksjon over praksis (41%), dialog med spesialisthelsetenesta (15%), til styringsdokument og rapportar (41%), presentasjonar og oversiktsdokument (44%), studentoppgåver og forsking (6%). I tillegg til data/tal har brukarane behov for analyse av eit utval variablar, eller eit tema som Samhandlingsbarometeret kan sjå nærare på og lage rapportar, profilar eller faktaark rundt.

Om utfordringane med bruken av Samhandlingsbarometeret seier 45% av dei som svara at verktøyet ikkje er logisk oppbygd, at det er tidkrevjande å hente ut statistikk og at forklaringane (definisjonane) om tala bør vere meir informative. Dessutan er lay-out steril og har lita skrift som er vanskeleg å lese. Barometeret må ikkje ha for mykje informasjon (data), ha gode mulegheiter for søk og ha lenker til ressursar for tiltak som kommunane evt. kan sette i verk. 35% svarar at oppdatering av data kan bli betre.

Samhandlingsbarometeret skal skifte til ny publiseringsløysing. Kva løysing som blir valgt, og når dette skjer er ikkje bestemt. Men bruk av nyare teknologi vil bety endra struktur og enklare oppdatering av data. I dette arbeidet skal representantar frå brukarane involverast, og tilbakemeldingane frå undersøkinga vert viktig.

Dersom du ikkje fekk anledning til å delta i undersøkinga, men likevel ønskjer å gje oss ei tilbakemelding, ta gjerne kontakt med oss på: samhandling@helse-forde.no