Arkiv

RANDKOMMUNAR OG BRUK AV TENESTER FRÅ HELSE FØRDE

Som dei fleste vil være kjent med er Sogn og Fjordane halvvegs inne i sitt siste år som eige fylke. Frå 2020 blir det samanslåing med Hordaland til det nye Vestland fylke. Men når det gjeld helseføretak er det så langt ikkje lagt opp til ei tilsvarande omorganisering. Helse Førde og Helse Bergen vil i […]

Studentar i praksis hjå Samhandlingsbarometeret. Sjukepleiestudentar har undersøkt antibiotikabruk i kommunene

Samhandlingsbarometeret har i mai/juni hatt fire sjukepleiestudentar i praksis i «Helsefremmande og førebyggande fag» frå Campus Førde i Høgskulen på Vestlandet (HVL). Studentane har teke utgangspunkt i data frå variabelen Antibiotikabruk i kommunane. Høg antibiotikabruk og tilhøyrande risiko for resistensutvikling mot dei vanlege antibiotika er eit problem som dei siste åra har fått auka fokus […]

Folkehelseindikatorar – oppdaterte tal i Samhandlingsbarometeret

Kommunane er pålagde å ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga, påverkningsfaktorar, folkehelseutfordringar og ressursar. Dette for å planlegge og gjennomføre effektive og målretta tiltak mot dei lokale utfordringane i folkehelsearbeidet. Det kan vere krevjande for kommunane å finne fram til og velje ut relevant statistikk og data. Saman med m.a. representantar frå nokre kommunar, […]

Tilvisingar frå fastlegar i Sogn og Fjordane

Samhandlingsbarometeret har heilt frå starten i 2012 hatt opplysningar om tilvisingsomfanget frå dei einskilde fastlegane i fylket. No gjeld denne statistikken tilvisingar til spesialisthelsetenesta i Helse Førde, Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale sjukehus i Bergen. Tilvisingar til privatpraktiserande spesialistar og andre helseføretak, t.d. Helse Møre og Romsdal, er ikkje med. Det er to presentasjonsmåtar av […]

Fagseminar om « Tolking og bruk av helsestatstikk i små utval – utfordringar og moglegheiter»

15. mai arrangerte Forskargruppa folkehelse, livstil og overvekt ved Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde i samarbeid med Samhandlingsbarometeret fagseminar om tolking og bruk av helsestatistikk i små utval. Temaet vart belyst gjennom føredrag frå fagfolk og forskarar frå ulike instansar, og det vart sett av tid til diskusjonar og synspunkt frå dei frammøtte. Seminaret […]

Rekruttering av sjukepleiarar til kommunar i Sogn og Fjordane

I 2040 vil Norge trenge mellom 167.000 og 224.000 sjukepleiarar, basert på ein rapport Samfunnsøkonomisk analyse har gjort på oppdrag frå Helsedirektoratet. Befolkningsvekst, høgare levealder og aukande etterspørsel etter helsetenester, gjer at behovet er stort framover. Særleg har kommunehelsetenesta i mindre utkantkommunar hatt vanskar, og nyleg såg vi i media at også byen Florø mangla […]

KAD-statistikk kjem snart i Samhandlingsbarometeret (kommunalt døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp)

Eit av hovudmåla i Samhandlingsreforma frå 2012 var å flytte meir av pasientbehandlinga over på det kommunale nivået i helsetenesta. Som følgje av dette vart det bestemt at kommunane skulle skaffe eit tilbod om øyeblikkeleg hjelp på døgnbasis med eigne senger. Pasientar som kunne få eit like godt tilbod om behandling (observasjon, utgreiing og tiltak) […]