Arkiv

Pasientreiser – to nye variablar i Samhandlingsbarometeret

Etter ønskje frå brukargrupper av Samhandlingsbarometeret har vi tatt inn statistikk knytt til pasienttransport med drosje. Dette gjeld både reiser internt i kommunane og reiser til/frå spesialisthelsetenesta. Samla sett representerer desse reisene store kostnader. Alle kostandane vert dekka av spesialisthelsetenesta, også transportar internt i kommunane sjølve. Samstundes er slike reiser ei viktig inntektskjelde for drosjenæringa, […]

Legemiddelgjennomgangar i sjukeheimar i Sogn og Fjordane

Helsedirektoratet presenterer statistikk frå ulike kvalitetsindikatorar på nettet, og ein av desse er Legemiddelgjennomgang hos beboere på sykehjem Stadig fleire eldre har mange sjukdomar og får fleire legemiddel samtidig. Fleire legemiddel samtidig aukar også sannsynligheita for feilmedisinering, unødvendig bruk og uheldige kombinasjonar av legemiddel. Eldre er særleg sårbare for biverkander og legemiddelrelaterte problem, og undersøkingar […]

LIVSSTILSFAKTORAR BLANT VAKSNE I SOGN OG FJORDANE

Vi møter dagleg omgrepet «livsstilssjukdomar» i media og gjerne knytt til førebygging av uhelse. «Livsstil er summen av enkeltpersoners levevaner og atferd. Betegnelsen brukes om måten en person lever på, først og fremst om de aktiviteter man selv har råderett over, og som avspeiler egne valg. Livsstil er knyttet til mer eller mindre bevisste personlige […]

Folkehelseundersøkinga i Sogn og Fjordane

Datainnsamlinga for den første folkehelsekartlegginga mellom vaksenbefolkninga i Sogn og Fjordane vart gjennomført av Folkehelseinstituttet i perioden frå 13. mars til 7. april 2019. Undersøkinga vart gjennomført på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Tilsvarande undersøking vart gjennomført i Hordaland i 2018. Målet er å skaffe fram informasjon om subjektiv helse, livskvalitet, helserelatert åtferd og […]

RANDKOMMUNAR OG BRUK AV TENESTER FRÅ HELSE FØRDE

Som dei fleste vil være kjent med er Sogn og Fjordane halvvegs inne i sitt siste år som eige fylke. Frå 2020 blir det samanslåing med Hordaland til det nye Vestland fylke. Men når det gjeld helseføretak er det så langt ikkje lagt opp til ei tilsvarande omorganisering. Helse Førde og Helse Bergen vil i […]

Studentar i praksis hjå Samhandlingsbarometeret. Sjukepleiestudentar har undersøkt antibiotikabruk i kommunene

Samhandlingsbarometeret har i mai/juni hatt fire sjukepleiestudentar i praksis i «Helsefremmande og førebyggande fag» frå Campus Førde i Høgskulen på Vestlandet (HVL). Studentane har teke utgangspunkt i data frå variabelen Antibiotikabruk i kommunane. Høg antibiotikabruk og tilhøyrande risiko for resistensutvikling mot dei vanlege antibiotika er eit problem som dei siste åra har fått auka fokus […]

Folkehelseindikatorar – oppdaterte tal i Samhandlingsbarometeret

Kommunane er pålagde å ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga, påverkningsfaktorar, folkehelseutfordringar og ressursar. Dette for å planlegge og gjennomføre effektive og målretta tiltak mot dei lokale utfordringane i folkehelsearbeidet. Det kan vere krevjande for kommunane å finne fram til og velje ut relevant statistikk og data. Saman med m.a. representantar frå nokre kommunar, […]