Tilvisingar frå fastlegar i Sogn og Fjordane

Samhandlingsbarometeret har heilt frå starten i 2012 hatt opplysningar om tilvisingsomfanget frå dei einskilde fastlegane i fylket. No gjeld denne statistikken tilvisingar til spesialisthelsetenesta i Helse Førde, Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale sjukehus i Bergen. Tilvisingar til privatpraktiserande spesialistar og andre helseføretak, t.d. Helse Møre og Romsdal, er ikkje med.

Det er to presentasjonsmåtar av statistikken, totaltal tilvisingar pr. lege, og ein rate pr. 1000 på legen si pasientliste. Vidare er det delt inn i planlagde (elektive) og øyeblikkeleg hjelp tilvisingar for innlegging og for poliklinikkar.

Dersom vi ser på totale tilvisingar berre til Helse Førde over perioden 2009-2017 får vi dette mønsteret:

Det har vore ein klar auke av tilvisingar til poliklinikk i perioden. I 2017 var det nærare 500 tilvisingar pr. 1000 innbyggarar i fylket berre til Helse Førde sine poliklinikkar. For ø.hj. innleggingar (dei fleste innleggingar) er talet stabilt over tid og rundt ¼ så mange som til poliklinikkar.

Når vi så ser på omfanget av tilvisingar pr. lege (her er også Helse Bergen og Haraldsplass inkludert) får vi følgjande fordeling:

Vi ser ein betydeleg variasjon mellom fastlegane i volumet av tilvisingar i 2018. Det kan vere mange grunnar til dette, som t.d. at legen har ei særleg krevjande pasientliste med mange eldre og kronisk sjuke. Andre tilhøve som vil påverke talet på tilvisingar er om legen har hatt redusert praksis det aktuelle året grunna permisjonar, sjukdom, vidareutdanning eller anna. Nye fastlegar vil ofte ha kort listelengde første tida, og då ofte kunne arbeide med andre fastlegar sine pasientar. Turnuslegar og andre i kommunen sine tilvisingar er ikkje med i statistikken her.

For å korrigere for dette er det i figuren over berre inkludert fastlegar som har arbeidd i minst 2 år samanhengande, og som har minst 50 tilvisingar i 2018. Variasjonen er likevel nærare 7 gonger mellom dei som tilviser minst og mest. Truleg kan dette også ha med ulike måtar å innrette praksisen sin på, noko som kan innebere at pasientar kan få ulikt tilbod frå spesialisthelseteneste avhengig av kven dei har til fastlege.

Framstillinga viser variasjonar mellom einskildlegar i kommunane i Sogn og Fjordane, og Barometeret går ikkje ut med namn på legen. Alle legane har ein tilfeldig kodenøkkel, og kvar lege kan få kjennskap til eigen tilvisingsrate, og slik sett sjå sin eigen praksis opp mot eit gjennomsnitt for fylket. Målet er slik at ein gjennom kjennskap til variasjonane, vil kunne stimulere til refleksjonar omkring eigen praksis.