Arkiv

Samhandlingskonferansen 2020 er avlyst/utsett

 På bakgrunn av den pågåande situasjonen med Korona er samhandlingskonferansen avlyst/utsett. Vi kjem tilbake når situasjonen har roa seg.    

Lærings- og mestringssenteret arrangerer ein fagdag for alle med direkte pasientkontakt i 1. og 2. linjetenesta. Her vil du få ein gjennomgang av nyttige framgangsmåtar i møte med pasientar, brukarar og pårørande. Både vanlege og meir utfordrande menneskemøte. Eksempla er realistiske, og du får innsikt i kva du gjer bra og korleis du kan bli […]

UFØRETRYGDING VESTLANDET pr. 2019

Noreg har ein høg andel uføretrygda personar samanlikna med mange andre land. Samstundes har ein låg arbeidsløyse og høg yrkesdeltaking generelt her i landet. Ved utgangen av 2019 var det i overkant av 352 000 uføretrygda i landet (10,3% av befolkninga mellom 18 og 67 år), og talet auka med 13 000 i løpet av […]

Sjølvmord i Helse Vest området

Ari Behn sitt sjølvmord i jula har ført til ein stor debatt omkring denne problematikken. Stikkord for denne debatten har gått mykje på openheit omkring eigne problem og tilbodet innan psykisk helsevern. Vurdering av sjølvmordrisiko er også del av vurderingane innan det psykiske helsevernet. Vi veit at berre halvparten av dei som tek sjølvmord har […]

Fagnettverksamling for eldremedisin/eldreomsorg 26.mars er avlyst

Fagnettverksamling innan eldremedisin/eldreomsorg er 26.mars er avlyst. På grunn av smittesituasjon knytt til koronavirus avlyser vi fagdagen 26.mars. Dette er i samsvar med råd frå Folkehelseinstituttet og i samråd med kommuneoverlege. Vi vil vurdere om vi kan tilby kommunane tema/undervisning på video/webinar, men vil avvente til vi ser om det er realistisk og fornuftig med […]

Forskningsartikkel basert på data frå unge i Sogn og Fjordane

Samhandlingsbarometeret har i sin Folkehelsedel data frå ulike kartleggingar som er gjennomført i skulane i det som inntil 2020 var Sogn og Fjordane fylke. Resultata frå desse er også brukt i ulike vitskapelege publikasjonar. Den siste av desse vart nyleg publisert i tidsskriftet Scandinavian Journal of Public Health, og såg på følgjer av familieoppløysing (skilsmisse) […]

Diabetesforum

Diabetesforum er ein tverrfaglig konferanse om moderne diabetesbehandling. Nytt høvet til ei oppdatering for deg og medarbeidarane dine! Kurset går over tre vekedagar og startar om kvelden onsdag 22. og sluttar fredag 24. April ved lunjstider. Søkt godkjent som emnekurs tellande for allmenmedisin. Stad: Scandic Hotel Sunnfjord, Førde.Tid: Onsdag 22. april til fredag 24. april […]