Forskningsartikkel basert på data frå unge i Sogn og Fjordane

Samhandlingsbarometeret har i sin Folkehelsedel data frå ulike kartleggingar som er gjennomført i skulane i det som inntil 2020 var Sogn og Fjordane fylke. Resultata frå desse er også brukt i ulike vitskapelege publikasjonar.
Den siste av desse vart nyleg publisert i tidsskriftet Scandinavian Journal of Public Health, og såg på følgjer av familieoppløysing (skilsmisse) og seinare foreldrekontakt.

Dette var basert på svar frå i alt 1225 elevar i ungdomsskulealder som var med i kartleggingane både i 2011 og 2013. Sogn og Fjordane har gjennomgåande lågt omfang av familieoppløysing. 17 prosent av elevane oppgav dette i 2011, og det auka med 5 prosent i løpet av dei neste to åra fram til 2013. Nasjonalt vil rundt 40 prosent av alle norske barn oppleve at foreldra går frå kvarandre, før dei har nådd slutten av tenåra.

I tidlegare liknande studiar har ein vist at det er særleg dei borna som misser kontakten med foreldra (i hovudsak far) som opplever meir helseplager. Hovudverk, nakkesmerter og psykiske helseplager er typiske eksempel. Forskinga viser og at desse barna har lågare sjølvtillit.
Denne studien fann at skilsmisse i seg sjølv hadde liten betydning for tenåringane. Men tap av fortrulegheit (kommunisere om vanskelege tema) med ein av foreldra, viser seg å ha sterk innverknad på helseplager og sjølvtillit.

Fortrulegheit med både mor og far er viktig for barnet, men vi finn først og fremst ein sterk effekt av redusert fortrulegheit med far. Dette ser vi kan gje barn både psykiske og fysiske helseplager, seier professor emeritus Eivind Meland, som har leia denne studien.

Han meiner dette talar klart for at hovudregelen etter samlivsbrot må vere at mor og far får like mykje samvær med barna. Praksisen med at ein av foreldra nærast vert valde vekk etter ei skilsmisse må endrast, og lovgjevarar over det meste av Europa held no også på å ta konsekvensane av denne kunnskapen seier han.

Les meir om studien her

Lenke til studien