Pasientane våre får tilbod om videokonsultasjonar

 

For å halde fysiske møter mellom menneskjer til eit minimum og redusere risiko for smitte, vil sjukehusa no bruke videokonsultasjonar så langt det er mogleg.

– Det er viktig å halde dei tilsette og pasientar friske, samstundes som alle skal få eit godt og tilstrekkeleg tilbod. At vi no kan tilby videokonsultasjonar er eit viktig tiltak for å redusere smitterisikoen i sjukehusa, men òg å sikre at pasientane får eit trygt og frivillig alternativ for kontakt med sin behandlar, seier utviklingsdirektør i Helse Førde Anne Kristin Kleiven.

Alle som har erfaring med  bruk av offentlege tenester nett, vil meistre denne løysinga. God rettleiing i bruk av video-tenesta er publisert på Helse Førde sine nettsider. Det er også tilbod om brukarrettleiing via telefon.

Videokonsultasjonen startar i innkallingsbrevet som blir sendt pasienten digitalt
Dei pasientane som er aktuelle for ein videokonsultasjon vil bli kontakta av sjukehuset. Innkallinga vert sendt til pasienten si side på Helsenorge.no. Når pasienten opnar brevet vil det ligge ei aktiv lenke til videokonsultasjonen i innkallinga.

– Behandlaren vurderer om ein konsultasjon krev at pasienten er fysisk til stades, eller om konsultasjonen kan bli gjennomført via video eller telefon. Dersom pasienten ikkje kjenner seg komfortabel med konsultasjon på video er det lov å takke nei og be om anna løysing, seier Kleiven.

Videokonsultasjonar treng ikkje anna utstyr enn det folk flest har
Pasienten kan logge seg inn, og kople seg på videokonsultasjonen på via smarttelefon, PC eller nettbrett.

Det er fordelar og ulemper med dei dei fleste digitale tenestene, men med videokonsultasjonar kan pasienten vere heime og verne seg sjølv og andre mot smitte, og likevel få ein god konsultasjon med behandlaren sin.

Meir informasjon om å kople seg opp til videokonsultasjon, finn du her: https://helse-vest-ikt.no/aktuelt/videokonsultasjon-med-behandlar-via-helsenorgeno#oppkopling-til-videokonsultasjonen