Cannabisbruk blant ungdom i Sogn og Fjordane

I seinare tid har det vore mykje merksemd og debatt nasjonalt rundt dei såkalla lette narkotiske stoffa hasj og marihuana. Stoffa har fram til i dag vore ulovlege, men ulike politiske parti, særleg ungdomsparti, har gått inn for legalisering av bruken (ei utvikling vi også har sett i andre land).

UngData (NOVA) har i sin siste rapport, Ungdata 2018, særskilt sett på samanhengen mellom cannabisbruk og ei rekke andre livsstilsfaktorar. Bakgrunnen for dette er den aukande bruken ein har sett i ulike ungdomsmiljø i seinare tid.

Bildet er at denne gruppa skil seg negativt ut i varierande grad for dei fleste område som er analyserte. Dei er mindre nøgde med eiga helse, har klart meir fysiske og psykiske helseplager, eit meir usunt kosthald, røyker meir, har vore meir alkoholpåverka, har meir skjermbruk, trivst dårlegare på skulen, trenar mindre, skulkar meir og er mindre fornøgde med foreldre og lokalmiljøet.

Figuren under viser utviklinga i rapportert cannabisbruk nasjonalt for ungdomsskule og vidaregåande skule.

Vi ser at det er mindre skilnad mellom gutar og jenter på ungdomsskulenivået, og her har det heller ikkje vore noko klar auke over tid. Derimot er det klar auke mellom gutar i vidaregåande skule, der 16% opplyser å ha brukt cannabis siste året.

Tilsvarande tal for Sogn og Fjordane i 2017 for fylket og kommunane viser at:

Ungdomsskule
– gutar: fylkesgjennomsnitt er 2%, medan høgaste kommuneverdi er 4,4%
– jenter: fylkesgjennomsnitt er1%, medan høgaste kommuneverdi er 3%

Vidaregåande skule
– gutar: fylkesgjennomsnitt 10%, medan høgaste kommuneverdi er 20%
– jenter: fylkesgjennomsnitt 4%, med høgste kommuneverdi 7%

Rapportert cannabisbruk hjå unge i Sogn og Fjordane ligg altså klart under landsgjennomsnittet. For elevar i ungdomsskulen og jenter i vidaregåande skule er omfanget i underkant av halvdelen så stort, medan gutar i vidaregåande skule ligg ein tredjedel under landsnivået (6 %-poeng).

Sjølv om fylket totalt ligg lågt er det likevel i enkelte kommunar verdiar på og over landsgjennomsnittet.

Dersom vi ser bakover i tid på elevar i vidaregåande skular ser vi følgjande bilde.

NB: Spørsmålet her var om dei hadde prøvd narkotiske stoff nokon gong. Fram til og med år 2009 var det basert på vidaregåande elevar berre i Førde, medan det i 2012 var elevar i 2. trinn (3. skuleår) i heile Sogn og Fjordane. 2017 er frå UngData. Ein må difor tolke svara i lys av dette).

Med dei reservasjonar som er nemnde over, så ser det likevel ut som om ungdom i vidaregåande skule her i fylket også har prøvd ut narkotiske stoff tidlegare. Vi ser at det over ein 15-års periode har vore ein nedgang fram til 2012 for så å stige igjen, særleg for gutar (UngData 2017). Det er også kjent at det nasjonalt var ein tilsvarande periode med mindre helserisikoåtferd (ungdom vart «meir skikkelege»). Det kan då være teikn på at den positive trenden i bruken av lette narkotiske stoff er i ferd med å snu?

Av Hans Johan Breidablik