Sjølvmord i Helse Vest området

Ari Behn sitt sjølvmord i jula har ført til ein stor debatt omkring denne problematikken. Stikkord for denne debatten har gått mykje på openheit omkring eigne problem og tilbodet innan psykisk helsevern. Vurdering av sjølvmordrisiko er også del av vurderingane innan det psykiske helsevernet.
Vi veit at berre halvparten av dei som tek sjølvmord har kontakta hjelpeapparatet, og mange er yngre menn. Talet på sjølvmordforsøk er imidlertid langt høgare og dominert av yngre kvinner.
Det kan difor være av interesse å sjå på omfanget og utviklinga av talet på sjølvmord over tid for Vestlandet samanlikna med Noreg og det fylket som ligg høgast på statistikken (Nordland fylke).

Fig. 1 Utvikling av sjølvmord over tid i Helse Vest-området (etter tidlegare regioninndeling) samanlikna med Norge og Nordland

I 10-årsperioden (2009-2018) ser vi av dei stipla trendlinjene at både Sogn og Fjordane og Nordland har hatt ein aukande førekomst, men med ein betydeleg skilnad mellom desse fylka (Sogn og Fjordane 8,9 pr. 100 000 innbyggjarar mot Nordland fylke med 15,8 i 2018). Begge desse regionane har elles likskap ved å være «utkantfylke» med mykje spreidd folkesetnad.
Utviklinga nasjonalt (Noreg) viser ikkje større endringar i perioden, og heller ikkje i Rogaland og Hordaland har bildet endra seg så mykje (at tala hoppar opp og ned i dei ulike åra har nok delvis samanheng med at det er få tilfelle, og dermed meir tilfeldig variasjon). Det er ikkje store nok tal til å vise sjølvmord ned på kommunenivået.

Dersom vi deler inn alle sjølvmorda i Noreg etter kjønn og dei viktigaste måtane det skjer ved, får vi ei fordeling som vist i figur 2.

Fig. 2 Samla tal sjølvmord i Norge, kjønnsfordeling og viktigaste måtar (henging/kveling og forgifting over perioden 2014-2018)

Det er over dobbelt så mange menn (472 i 2018) som kvinner (202 i 2018). For menn er det ein auke frå 2017 til 2018. Forgiftingar som måte er ganske lik mellom kjønna, medan henging/kveling er vanlegare mellom menn.

Fig. 3 Utvikling over ein lengre periode (1970-2018) fordelt på kjønn og to aldersgrupper innan Helse Vest-området (stripla linjer er gjennomsnittet av 5-årsperiodar)

Yngre kvinner ligg lågast, og utan særleg endring i perioden, medan dei eldre 45-75 år ligg høgare og med noko meir variasjon over tid. For dei yngre mennene 0-44 år, ser det ut til å være ein topp midt i tidsperioden. For eldre menn er det ein topp på 80-talet.
Datakjelder: Norgeshelsa/Dødsårsaksregisteret.

Lenke til Nasjonalt senter for selvmordsforskning og –forebygging:

https://www.med.uio.no/klinmed/forskning/sentre/nssf/

Oppsummert:
• Det har vore stor merksemd omkring sjølvmordsproblematikken i seinare tid.
• Talet på sjølvmord svingar, men ser ikkje ut til å gå ned over tid slik vi vi t.d. ser innanfor andre dødsårsaker/trafikkulykker
• Det er særleg menn i alderen 45-75 år som tek sjølvmord
• Det er stort behov for å finne effektive førebyggande tiltak