KAN OPPLEVING AV EIGA HELSE I UNGDOMSTIDA VERE EIN INDIKATOR FOR MULTISJUKDOM I VAKSENALDEREN?

Denne problemstillinga vert belyst gjennom ein vitskapeleg publikasjon i tidsskriftet SSM – Population Health som nyleg kom ut, og to av forfattarane er tilknytt miljøet ved Samhandlingsbarometeret.

Arbeidet nyttar materiale frå helseundersøkingane i Nord-Trøndelag (HUNT) der ein følgjer same personar gjennom livet via gjentakande kartleggingar. Data frå desse undersøkingane, frå rundt 9000 ungdommar (10-19 år) i 1995/97, vart kopla saman med seinare konsultasjonsregister for fastlegar (KUHR-databasen) i perioden 2006-14, altså fastlegekonsultasjonar 10-19 år seinare i livet.

Dei mange ulike diagnosane frå desse konsultasjonane vart så grupperte saman til fem grupper: a) lite plager («friske») 35%, b) generelle plager og infeksjonar 26%, c) muskel-skjelettplager 21%, d) mentale plager 6% og e) multisjukdom 13%.

Det viser seg då å vere ein klar samanheng mellom eigenopplevd helse i ungdomstida og tendensen til å hamne i multisjukdomsgruppa seinare i livet. Særleg var dette tydeleg for gruppa som opplevde eiga helse som ikkje god i ungdomstida, som samanlikna med dei som rapporterte veldig god helse, hadde tre gangar så stor risiko for å hamne i gruppa kalla multisjukdom. I tillegg viser figuren under at dei som opplevde helsa si som veldig god hadde mykje større sannsynlegheit for å hamne i gruppa som omfattar dei som i vaksenalder opplever lite plager/friske (Healthy).

Fig. 1 Sannsynlegheita for å høyre til i ein av dei fem klassane basert på opplevd/rapportert helse i ungdomstida

Dette er i tråd med tidlegare forsking som har vist at eigenopplevd/subjektiv helse tidleg i livet har stor betydning for korleis den reelle/objektive helsetilstanden blir seinare i livet, også tidleg død.

Kroniske sjukdommar aukar og mange pasientar får fleire ulike sjukdommar utover i livet. Gruppa med multisjukdom representerer i dag store utfordringar for helse- og omsorgstenesta.

Resultata frå denne studien kan bety at dersom vi finn effektive metodar for å påverke den subjektive opplevinga av helse i ungdomstida, så kan det tenkast å gje mindre kronisk sjukdom seinare i livet. Subjektiv helseoppleving kan altså sjåast på som ein av fleire andre risikofaktorar som t.d. fysisk aktivitet og røyking, og ein bør kanskje notere denne rutinemessig i pasientjournalane.

Forskarane gir her eit viktig bidrag til faktagrunnlaget og kunnskapen rundt førebygging og tidleg intervensjon.

Les  artikkelen i fullteks her; https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S235282732030241X?via%3Dihub

Informasjon frå Helse Førde HF ang. føretaket sine rutinar i høve studentar i praksis i kombinasjon med deltidsstilling i kommunane

Helse Førde føl til ei kvar tid gjeldande nasjonale retningslinjer i smittevernet for covid-19. Studentar som har praksis og får undervisning i føretaket er omfatta av dei same retningslinjene som helsepersonell.

Helse Førde har no utarbeidd retningslinjer for praksis som gjeld for studentar, elevar og lærlingar, samt leiarar, ansvarlege og undervisarar i Helse Førde og frå undervisningsstadane. Det er sett opp rammer for praksisnær praksis og klinisk undervisning knytt til avstand mellom personar, handhygiene og at færrast mogleg personar er samla over kortast mogeleg tid. Leiarar og undervisarar skal vurdere om pasientnær praksis og klinisk undervisning skal skje hos smitte-isolerte pasientar – her er bruk av smittevernutstyr, som er ein avgrensa ressurs, sentralt.

Alle studentar skal fylle ut eit screeningsskjema der dei må svare på spørsmål rundt eigen praksis og om evt. symptom på covid-19. Skjemaet inneheld også informasjon om kva studentane må gjere om dei får symptom på covid-19 under praksis-/klinisk undervisningsperioden. Skjemaet vert sendt dei før oppstart og skal framviast fyrste dag.

Helse Førde har ikkje laga rutine i høve studentar i praksis i kombinasjon med deltidsstilling i kommunane. Per no kan studentar ha deltidsjobb i kommunen medan dei er i praksis i helseføretaket.

Under finn du Helse Førde sine rutinar:

Covid-19 smittevern for pasientnær praksis og klinisk undervising i Helse Førde

Informasjon og screening for covid-19 for studentar i praksisklinisk undervising i Helse Førde

Ved spørsmål kan de ta kontakt med samhandlingskoordinator Elin Sørbotten, tlf. 404 12 850, eller samhandlingssjef Tone Holvik, tlf. 481 22 237.

 

Todelt samhandlingssjefstilling og ny fagdirektør i Helse Førde

Frå og med juni deler Tone Holvik og Margun Thue på funksjonen som samhandlingssjef i Helse Førde. Enkelte oppgåver og funksjonar skal dei dele mellom seg, medan andre skal dei ha ansvar for saman.

Mellom anna vil begge møte i fag – og koordineringsrådet, begge skal delta i planlegginga av møta medan Tone Holvik vert den som har hovudansvar for fascilitering, innkalling og møtereferat og vert den som leiarane av råda skal forholde seg til.

Dei skal begge delta i regionale fora for samhandlingssjefane i Helse Vest.

Når det gjeld samhandlingssjefsrolla ut mot kommunane, blir det ei fordeling der Margun Thue tek hovudansvar og er fast kontaktpunkt for kommunane i Sogn og HAFS. Tone Holvik har hovudansvar og er fast kontaktpunkt for nordfjordkommunane, Bremanger, Sunnfjord og Kinn.

Oppgåvene som ligg i dette er mellom anna oppfølging av Helse Førde sitt ansvar i avtaleverket som regulerer samhandlinga mellom Helse Førde og kommunane.

Helse Førde og kommunane har også samarbeid om ulike utviklingsarbeid. Mellom anna skal partane samarbeide om ernæringsstrategi, helsefellesskap og kvalitetsreformen Leve heile livet. Også i desse arbeida vil Thue og Holvik saman ivareta samhandlingsjefen si rolle.

I tillegg har vi samhandlings-og erfaringskonferansane. Tone Holvik har vore med og planlagt neste samhandlingskonferanse, medan Margun Thue vil gå inn i gruppa som skal planlegge kommande erfaringskonferanse.

Ny fagdirektør

1. juni i år hadde Evy-Helen Helleseth sin første arbeidsdag som fagdirektør i Helse Førde. Frå same dato går Trine Hunskår Vingsnes over i stillinga som direktør for medisinsk klinikk. ​

Den nye fagdirektøren er 47 år gammal og spesialist i psykiatri og i allmennmedisin. Ho kjem frå stillinga som overlege i akutt døgn og seksjonsleiar for legetenesta i psykiatrisk klinikk ved Førde sentralsjukehus.
.

Workshop om helsefellesskapa sine behov for data

Den 11. juni inviterte Samhandlingsbarometeret representantar frå helsedirektoratet/NPR, kommunar/KS og helseføretak i Helse Nord og Helse Vest sine opptaksområde til diskusjonar rundt behovet som helsefellesskapa har for data. Møtet vart avvikla virtuelt med 20 personar som var kopla opp frå ulike stader i landet.

Helsefellesskapa skal finne løysingar som passar til lokale behov og føresetnader. I dette arbeidet er ein avhengig av eit godt faktagrunnlag gjennom data og analyse for å kunne målrette prioriterte samarbeidstiltak. Her er Samhandlingsbarometeret eit viktig verktøy, særleg fordi det vert publisert data/variablar som er retta inn mot både den kortsiktige og meir langsiktige samhandlinga mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

Møtet hadde interessante innlegg og gode diskusjonar. Det skjer mykje på feltet, særleg knytt til å definere dei fire prioriterte pasientgruppene som helsefellesskapa bør samarbeide om, og til å lage planar for konkrete satsingar mellom kommunane og føretaka. Dette vil i neste omgang synleggjere kva behov ein har for data.

Spørsmålet er «kva data treng vi» og ikkje «kva data har vi». Skal ein svare godt på dette er ein avhengig av brei deltaking og lokal forankring, og å kunne sjå kommune- og sjukehusdata i samanheng. Dette vil Samhandlingsbarometeret kunne bidra til på ein måte som er tilpassa dei lokale behova.

Førebudde innlegg og program for møtet finn du her:

Program for workshop om helsefellesskap og behov for data

Tone Data til Helsefellesskap 11.06.2020

Beate NHSP styringsinformasjon

Emma Data til helsefellesskapa i Samhandlingsbarometeret

Frode Helsefellesskap-BehovForDataKS

Magne Samhandlingsbarometeret

 

Nytt frå Leve heile livet

Det regionale støtteapparatet for kvalitetsreform Leve heile Livet vil to gangar i året gje ut eit Nyhetsbrev for å oppdater kva som skjer i forhold til Leve heile live reforma i Vestland

Det regionale støtteapparatet består av Fylkesmannen, Utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste og KS.

Her kjem det det første Nyhetsbrevet:

Nytt frå Leve heile livet i Vestland juni 2020 (002)

Ny nettside for appen «Pust Deg Bedre»

​Nettsida fungerer som opplæringsplattform for Pust Deg Bedre- appen, der målsettinga er å gje brukarne lik tilgang på informasjon, uavhengig av kvar i landet dei bur.

​Nettsida er utvikla i samarbeid med lokale leverandørar og støtta økonomisk av Stiftelsen Dam.

Gå til nettside: www.pustdegbedre.no.

Då korona-pandemien braut ut påverka det planane til prosjektet «Pust Deg Bedre». Appen er utvikla som eit digitalt verktøy for lungesjuke slik at dei vert betre i stand til å ta vare på eiga helse og unngå unødige sjukehusinnleggingar. Sidan lungesjuke er ekstra sårbare om dei vert utsett for virussmitte, vart det viktig å få appen raskt tilgjengeleg for brukarane. Rundt påsketider vart appen gjort tilgjengeleg, og fram til no er den lasta ned over 1200 gongar.

– Godt samarbeid med mange ulike personar har vore avgjerande. I tillegg til ei enorm støtte i eiga avdeling og frå Helse Førde, så har prosjektet andre viktige samarbeidspartar; LHL, HVL, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Helse Vest IKT. I denne tida har dei alle vore tett på for å komme i mål. Nettsida er eit synleg resultat på kva vi kan få til med eit godt samansett team, seier spesialfysioterapeut i Helse Førde, Elin Johnsen.

«Pust Deg Bedre» blir òg gjort synleg via Helsenorge.no

I arbeidet med å breidde dei digitale verktøya, app og nettside, har Helse Førde arbeidd saman med Norsk helsenett (NHN) og Helse Vest, med mål om å etablere ei informasjonsside på Helsenorge.no.
Informasjonssida på Helsenorge.no blir publisert 04. juni eit døgn etter at Pustdegbedre.no vart  gjort tilgjengeleg.

Helsenorge.no er den offentlege nettstaden for innbyggarar i Noreg. Innhaldet vert levert av ulike aktørar i helsesektoren, og det er Norsk Helsenett som har ansvar for drift og utvikling av nettstaden.
Helsenorge.no har informasjonssider, der du finn kvalitetssikra helseinformasjon om ei rekke tema, og sjølvbeteningsløysingar, der du har tilgang til ulike helserelaterte nett-tenester.

– Dette er ein viktig nasjonal kanal og ein god måte å få bredda tenesta nasjonalt. Ambisjonen var å publisere informasjon om appen «Pust Deg Bedre» på begge plattformane på tilnærma same tid, noko vi har klart, seier Elin Johnsen.

 

Bli med på lansering av nasjonalt helseatlas for psykisk helse og rus!

Helse Førde lanserer oversiktsatlas innan psykisk helsevern og rusbehandling 10.juni. I høve dette vert det halde ei digital markering 12:00-14:00

Du kan følgje lanseringa her

12:00 – 12:15
Velkommen
Arve Varden, administrerande direktør, Helse Førde
Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør, Helse Førde

12:15 – 12:30
Praktisk informasjon og plassering i samsvar med smittevern og virtuelt møterom
Terje Ulvedal, kommunikasjonssjef, Helse Førde
Thomas Christopher Manzini Lindseth, kommunikasjonsrådgjevar, Helse Førde

12:30 – 12:50
Variasjon i behandlingstilbudet – vi må lære av hverandre
Bent Høie, helse- og omsorgsminister

12:50 – 13:10
Er tenestene i psykisk helsevern og rusbehandling likeverdige uansett kvar du bur?
Marte Bale, leiar av helseatlas i Helse Førde

13:10 – 13:25
Helseatlas psykisk helsevern og rusbehandling sett frå klinikken
Børge Tvedt, klinikkdirektør psykisk helsevern og rus, Helse Førde

13:25 – 13:35
Helseatlas; frå svar til spørsmål
Lars Ravn Øhlckers

13:35 – 14:00
Opning for spørsmål/oppsummering/avslutting
Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør, Helse Førde

Publikum og presse
Media er velkomne til å bli med oss i det fysiske auditoriet på sentralsjukehuset i Førde, eller dei kan delta i det virtuelle møterommet.

Det vil vere to alternativ for å delta:

  • Sjå livesendinga frå konferansen på nett: https://vimeo.com/event/75723
  • Når konferansen er slutt vert livesendinga pakka ned i ein video og gjort tilgjengeleg for ålmenta. Lekkje til denne vil ikkje vere klar før etter konferansen.

 

Omfang av pasientreiser for kommunane og helseføretaka i Helse Vest

Det er ei eiga forskrift frå 2016 som gjeld for pasientar, ledsagarar og pårørende sin rett til dekning av utgifter ved reise til helsetenester (pasientreiseforskrifta).
Denne omfattar reiser til/frå spesialisthelsetenesta og innanfor ulike delar av kommunehelsetenesta (t.d. reiser til kommunelege/fysioterapeut).
Samhandlingsbarometeret har hatt ein variabel for kommunevise reiser innanfor kommunane i Helse Førde sitt opptaksområde. Denne er no arkivert, og i staden har vi fått inn ein ny variabel for samla tal førehandsrekvirerte reiser pr. 1000 innb. for kommunane og for helseføretaka sine opptaksområde. Her er det no lagt inn tal for 2018 og 2019. Kommunane er likevel rubriserte etter den nye kommunestrukturen som gjeld frå 2020.
Dette handlar om førehandsbestilte einskildreiser med drosje for pasientar, og viser difor ikkje alle andre transportmåtar som er aktuelle for pasientar å nytte:
Viktige transportmåtar for pasientar som IKKJE er inkluderte her blir då t.d.:
1. Ambulansetransport
2. Pasient som anten køyrer sjølv, eller blir køyrt av andre private personar.
3. Pasientar som nyttar offentleg organisert transport som buss/båt o.l. inkludert Helseekspress-bussar (Fonna).
4. Pasientar som bestiller drosjetransportane sjølve.
Eit vekslande tal kommunar er utan avtalar med drosjene om intern transport, og dette er ofte bakgrunnen for store endringar i omfanget av registrerte Pasientreiser frå år til år. Dette gjer det også vanskeleg å samanlikne mellom einskildkommunar dersom ein ikkje kjenner dei lokale tilhøva.
Pasientreiser prøver heile tida å få ein mest mulig optimal bruk av systemet, og det ser ut som dette kan ha gitt resultat gjennom ein viss samla nedgang i omfanget frå 2018 til 2019.

Figur 1. Pasientreiser pr. 1000 innb. for dei fire helseføretaksområda innan Helse Vest

Det er ein lett nedgang samla sett i talet på pasientreiser frå 2018 til 2019 (-3,4% for Helse Vest samla), og dette er mest markert i Helse Førde sitt opptaksområde (tidl. Sogn og Fjordane) (-13,5%). Vi ser at omfanget stig frå sør til nord på Vestlandet. Busetnadsmønster og aldersfordeling vil truleg spele inn.

Figur 2. Tal pasientreiser pr. 1000 innb. i 2019 for kommunane i Helse Førde sitt opptaksområde.

Det er klare skilnader mellom kommunane i opptaksområdet i omfanget av rekvirerte pasientreiser.

Koronapandemien i 2020 vil truleg føre til endringar også i omfang og mønster av slike pasientreiser.

Av Hans Johan Breidablik

KORONAVARIABLAR I SAMHANDLINGSBAROMETERET

Det har vore gode og detaljerte oversikter både i media og på nettet over koronasituasjonen rundt omkring i landet, både når det gjeld smitta pr. kommune, innlagde på sjukehus inkludert på intensivbehandling og talet på døde.

No er situasjonen relativt fredeleg med få innlagde, og ein er i ferd med å endre på dei ulike og omfattande restriksjonane som har vore. Pandemiar kan imidlertid kome i fleire bølgjer slik t.d. Spanskesjuka gjorde, og det er heller ikkje utsikter til at vaksinasjon eller effektiv behandling er nær føreståande.

Samhandlingsbarometeret har fram til no ikkje laga eigne variablar knytt til status og utvikling av koronasituasjonen innanfor vår region (Helse Vest).

Det har imidlertid kome fram ønskje om å ta inn variablar relatert til koronaepidemien i Samhandlingsbarometeret. Frå før ligg det mykje data og presentasjonar av koronadata både frå media (VG.no ) og Helsedirektoratet

Samhandlingsbarometeret fokuserer i hovudsak på status og utviklingstrekk over lengre tidsrom, der oppdatering av variablane sjeldan er hyppigare enn kvart tertial. For denne nye regionale koronavariabelen oppdaterer vi tal ein gong i veka (kvar tysdag).

I Helse Vest samanheng har Samhandlingsbarometeret valt å sjå på omfanget av innleggingar i sjukehus for dei fire helseføretaka og Noreg, og andelar pr. 100 000 innbyggjarar i opptaksområda.

Omfanget av smitta i befolkninga er ein meir usikker faktor, då dette også vil avhenge av kor mykje ein testar, og det er truleg betydelege mørketal her. I VG si oversikt er denne variabelen med på kommunenivå.

Dødelegheita ved infeksjonane er sterkt aldersavhengig, og stig bratt etter 60-årsalderen som figuren under viser. Menn som er mest utsette (Jeremy Rossman Kent Univ. basert på rate frå Kina/New York).

 

Innanfor Helse Vest-området er det særleg Helse Førde som har ein stor andel eldre med  størst risiko, men så langt er der ingen døde i dette opptaksområdet (tidl. Sogn og Fjordane).

Etter kvart vil ein truleg kome i gang med meir testing for oppnådd motstandskraft (immunitet) mot sjukdommen, anten ved å ha vore smitta utan å ha blitt sjuk eller ev. gjennom ein vaksine, om/når denne kjem. I samanheng med smittsomme sjukdommar snakkar ein ofte om «flokkimmunitet», som betyr at når ein tilstrekkeleg del av befolkninga er blitt motstandsdyktige vil utbreiing av smitten stoppe opp. Slik sett vil også flokkimmunitet vere til nytte for dei som verken er smitta eller vaksinerte. Ei kommunevis fordeling av denne andelen vil vere av klar interesse, men ligg nok fram i tid.

Ofte snakkar ein om det absolutte talet på smitta. Men sidan befolkningsmengda varierer mykje i ulike delar av landet, og tilsvarande at opptaksområda for dei ulike føretaka kan variere frå under 100 000 til over ein halv million, vil det å rekne ut andel pr. 100 000 innbyggarar gje eit lettare forståeleg inntrykk av skilnader mellom opptaksområda.

Samhandlingsbarometeret har difor i første omgang valt å ta inn innleggingar pr. føretak i Helse Vest (Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sjukehus er slått saman) i tillegg til landsgjennomsnittet. I presentasjonen nyttar ein gjennomsnittsverdiar for tre dagar om gongen.

 

Eksempel på presentasjonar i Samhandlingsbarometeret:

Figur 1: Andel pr. 100 000 i opptaksområdet av innleggingar for koronasjukdom (gjennomsnitt for tre døgn).

Frå nedste linja (12. mai 2020) ser vi at Helse Bergen (inkludert Haraldsplass) har den høgaste andelen innan Helse Vest-området, medan Helse Stavanger ikkje har nokon innlagde for tida. Gjennomsnittet for heile Noreg er også lågt med 1,1 pasientar innlagde pr. 100 000.

Figur 2: Ofte vil ei grafisk framstilling av utviklinga over tid være mest interessant. Når ein vel denne presentasjonsmåten i Samhandlingsbarometeret vert det slik:

Vi ser ein rask stigning i omfanget av innleggingar i starten, men der Helse Førde låg noko etter. Sidan har det vore nedgang hjå alle føretaka i Helse Vest, og utviklinga for Helse Stavanger sitt opptaksområde er mest markert ved at der ikkje er innlagde pasientar i det heile siste dagane.

Samhandlingsbarometeret vil arbeide meir med publisering av koronadata og ev. ta inn fleire variablar etter kvart dersom situasjonen endrar seg.

Av Hans Johan Breidablik

Ledig stilling som praksiskonsulent i Helse Førde

Helse Førde har ledig fast 20% stilling for allmennlege som praksiskonsulent for område Nordfjord. Søknadsfrist: 15.08.2020

 

Er du som allmennlege engasjert i samarbeidet mellom kommunehelsetenesta og

spesialisthelsetenesta? Då er denne oppgåva noko for deg!

Helse Førde har ledig fast 20% stilling for allmennlege som praksiskonsulent for område Nordfjord.

Praksiskonsulentane er allmennlegar med deltidsstilling i Helse Førde. Oppgåva er å bidra til gjensidig

samarbeid, kunnskap og informasjon mellom nivåa i helsetenestene.

Ein av våre trufaste praksiskonsulentar skal no pensjonere seg, og vi søkjer ein lege som kan erstatte

henne, og som gjerne har praksis i Nordfjord-regionen.

Helse Førde har 3 praksiskonsulentar, ein for kvar region; Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Stillinga er knytt

til i Fag- og utviklingsavdelinga med utviklingsdirektør som leiar, og fagdirektør og samhandlingssjef som

nære samarbeidspartar.

Stillingsutlysning

Les meir om praksiskonsulentane