Arkiv

Markerte skilnader i dødelegheit av hjarte- karsjukdom i Sogn og Fjordane

I 1910 var forventa levealder i Noreg 56,4 år for menn og 59,3 år for kvinner. I dag kan menn forvente å leve 77,7 år og kvinner 82,5 år. Dødelegheit blir ofte målt som døde pr. 100 000 i ein tidsperiode. Denne vert ofte målt samla for alle dødsårsaker, og i tillegg for ulike sentrale […]

Samarbeid om folkehelse i Sogn og Fjordane

Folkehelsefeltet spenner frå primærførebygging til tertiærførebygging, og har med det eit bredt lovgrunnlag og mange aktørar. Alle har eit ansvar for å implementere folkehelsearbeid i sine ansvarsområde. Det er viktig at aktørane ikkje jobbar kvar for seg, men samordnar/samarbeider om folkehelse på tvers av nivå, sektorar og fagleg ståstad. Koordineringsrådet (det øvste administrative samhandlingsorganet mellom […]

Reinnleggingar og medisinske akuttinnleggingar – oppdaterte data i Samhandlingsbarometeret

Det er stor interesse for, og diskusjon omkring, reinnleggingar på sjukehus. Denne heng også saman med problematikken omkring korte liggetider og tidleg utskriving frå spesialisthelsetenesta til vidare behandling i kommunehelsetenesta. Det vert hevda at tidleg utskriving av pasientar med samansette sjukdomsbilde kan føre til at dei blir innlagde på nytt etter kort tid, noko som […]

Erfaringskonferansen

Etter suksessen for to år sidan, inviterte KS og Helse Førde HF onsdag 2. og fredag 3. februar til ny erfaringskonferanse. Dette var den tredje i rekka ! Med nær 140 engasjerte deltakarar frå 23 av kommunane i fylket, mange frå spesialisthelsetenesta, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Fylkesmannen, NAV og brukarrepresentantar, så må ein kunne seie […]

FRISK – Folkehelsekartlegging mellom vaksenbefolkninga i Sogn og Fjordane

Ei samling av fagfolk og forskarar frå Vestlandet med tyngde i Sogn og Fjordane har starta arbeidet med å planlegge ei helseundersøking for alle vaksne innbyggjarar i fylket. Prosjektet har fått namnet FRISK Sogn og Fjordane. Årsaka til at vi treng ei slik kartlegging er at vi veit svært lite om den faktiske helsetilstanden til […]

Samhandlingsbarometeret – dataverktøy med mange føremål

Eit innovativt prosjekt i Sogn og Fjordane som no breier seg til andre delar av landet. Då samhandlingsreforma var på veg i 2011, såg Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane behov for ein nettstad som samla data av felles interesse når dei ulike nivåa i kommune- og spesialisthelsetenesta skulle samhandle. Slik kunne samhandlingspartane […]

Avvik og uønska hendingar relatert til samhandling – ny rapport

Kommunikasjonen mellom AMK og kommunal lege synest ikkje lenger å vere den same utfordringa som det var i 2014 og delar av 2015, her er det no få avviksmeldingar. Dette skuldast innskjerping av krav og rutinar og innføring av naudnettet. Dette er ei vesentleg årsak til at andelen meldingar knytt til innlegging er redusert.