Doktoravhandling : Sårbare barn i et fedmefremmende samfunn

KOSTRATAL FOR 2019 ER PUBLISERT I SAMHANDLINGSBAROMETERET

KOSTRA-tal (saman med Kostragrupper) er no klare for 2019, og eit utval av desse variablane er lagt inn i Samhandlingsbarometeret. Dette er etter tidlegare fylke- og kommunestruktur, ikkje den som er gjeldande frå 2020 av.

Det kan vere av interesse å sjå på utviklinga i bruttokostnader pr. innbyggar til helse og omsorgsområdet i åra fram til utgangen av 2019.

Figur 1. Utvikling i bruttokostnader nasjonalt og i tidlegare fylke på Vestlandet

Vi ser at alle har ein klar auke i driftsutgifter til helse og omsorg i siste 5-årsperiod 2015-2019. Nasjonalt var denne auken på 24%, og i tidlegare Hordaland fylke er endringane i stor grad i samsvar med landet. Tidlegare Sogn og Fjordane hadde ein oppgang på 27% i denne perioden. Som vi ser er det markerte skilnader i kostnader mellom Rogaland og Sogn og Fjordane (kr 13 600 i skilnad pr. person). Dette mønsteret samsvarar også med at andelen eldre er stigande frå sør til nord på Vestlandet.

På kommunenivået finn vi enno meir markerte skilnader. Kommunane er svært ulike både i innbyggartal, demografi og geografi. For å gjere dei meir samanliknbare er dei inndelt i Kostragrupper, og gruppert langs tre ulike dimensjonar: Folkemengd, bundne kostnader og frie disponible inntekter per innbyggar. Dette blir m.a. gjort for at kommunane skal bli meir samanliknbare.

I Samhandlingsbarometeret kan ein sortere kostrastatistikken etter kostragruppene ved å trykke inne i ruta der det står Kostra-gruppe. Systemet vil då kunne sortere stigande eller synkande, sjå fig. under (Noreg og fylka har ikkje slik gruppering og får null).

Figur 2: Sortering på Kostra-grupper i Samhandlingsbarometeret.

Om vi ser på eit par eksempel på skilnader innan same kostragruppe frå Helse Vest området finn vi slik variasjon innan t.d. kostragruppe 2.

Figur 3 Brutto driftsutgifter helse- og omsorg i Kostragruppe 2 på Vestlandet for 2019

I hovudsak ligg desse kommunane over gjennomsnittet for Noreg, men vi ser likevel eit unntak. Men skilnaden mellom høgaste (Lærdal) og lågaste (Rennesøy) er stor, og 2,8 gonger større for Lærdal sitt vedkommande.

 

Figur 4 Tilsvarande finn ein for Kostragruppe 13 på Vestlandet:

For Kostragruppe 13 ser vi at fleirtalet ligg under det nasjonale nivået, og skilnaden mellom lågaste (Sola) og høgaste (Haugesund) er også klart mindre, 1,4 gonger forskjell.

I kostragruppe 16 finn vi dei ti kommunane i landet med høgast frie disponible inntekter per innbyggar. Det er t.d. små kommunar med høge kraftinntekter. Halvparten av desse kommunane ligg på Vestlandet, og utgiftsnivået hjå desse er som følgjer.

Figur 5 Kostragruppe 16 på Vestlandet

Oppsummering:

-Kostratal er basert på kommunane si rapportering, og kvaliteten på denne vil såleis kunne variere.

-Inndeling i ulike Kostragrupper skjer for å lettare kunne samanlikne kommunar, men fangar nok ikkje alle dei mange skilnadane mellom kommunane i Noreg.

-2020 vil bli eit særleg kostbart år for helse- og omsorgsdelen i kommunane grunna Koronakrisa, men også i dei fem åra fram til 2019 var det ein markert auke i utgiftene (rundt 25%).

-Det er betydelege skilnader mellom kommunane også innanfor same kostragruppe, og mest for mindre kommunar.

-Vestlandet har halvparten av kommunane med høgast nivå av frie inntekter pr. innbyggar. Kostnadsnivået hjå desse er svært høgt.

-Mykje av kostnadsnivået er nok bestemt av alderssamansetninga (demografien), og framover får vi den store auken i eldrebefolkninga. Dette vil truleg føre til ein stor auke også vidare framover i kostnader på dette området.

Av Hans Johan Breidablik

Pasientane våre får tilbod om videokonsultasjonar

 

For å halde fysiske møter mellom menneskjer til eit minimum og redusere risiko for smitte, vil sjukehusa no bruke videokonsultasjonar så langt det er mogleg.

– Det er viktig å halde dei tilsette og pasientar friske, samstundes som alle skal få eit godt og tilstrekkeleg tilbod. At vi no kan tilby videokonsultasjonar er eit viktig tiltak for å redusere smitterisikoen i sjukehusa, men òg å sikre at pasientane får eit trygt og frivillig alternativ for kontakt med sin behandlar, seier utviklingsdirektør i Helse Førde Anne Kristin Kleiven.

Alle som har erfaring med  bruk av offentlege tenester nett, vil meistre denne løysinga. God rettleiing i bruk av video-tenesta er publisert på Helse Førde sine nettsider. Det er også tilbod om brukarrettleiing via telefon.

Videokonsultasjonen startar i innkallingsbrevet som blir sendt pasienten digitalt
Dei pasientane som er aktuelle for ein videokonsultasjon vil bli kontakta av sjukehuset. Innkallinga vert sendt til pasienten si side på Helsenorge.no. Når pasienten opnar brevet vil det ligge ei aktiv lenke til videokonsultasjonen i innkallinga.

– Behandlaren vurderer om ein konsultasjon krev at pasienten er fysisk til stades, eller om konsultasjonen kan bli gjennomført via video eller telefon. Dersom pasienten ikkje kjenner seg komfortabel med konsultasjon på video er det lov å takke nei og be om anna løysing, seier Kleiven.

Videokonsultasjonar treng ikkje anna utstyr enn det folk flest har
Pasienten kan logge seg inn, og kople seg på videokonsultasjonen på via smarttelefon, PC eller nettbrett.

Det er fordelar og ulemper med dei dei fleste digitale tenestene, men med videokonsultasjonar kan pasienten vere heime og verne seg sjølv og andre mot smitte, og likevel få ein god konsultasjon med behandlaren sin.

Meir informasjon om å kople seg opp til videokonsultasjon, finn du her: https://helse-vest-ikt.no/aktuelt/videokonsultasjon-med-behandlar-via-helsenorgeno#oppkopling-til-videokonsultasjonen

 

Fortløpande informasjon og status om samhandling rundt Covid-19

OPPDATERTE FOLKETAL ETTER NY REGION- OG KOMMUNESTRUKTUR – KOR MANGE ER I RISIKOGRUPPA KNYTT TIL KORONAVIRUSET I ULIKE KOMMUNAR?

Situasjonen rundt koronaviruset dominerer for tida nyhendebildet i alle land.

I Helse Vest sitt ansvarsområde har ein pr. 25. mars 15 koronasjuke innlagde i Helse Bergen og Helse Stavanger, 9 i Helse Fonna og 1 i Helse Førde. Men dette bildet vil endre seg frå dag til dag, og det er forventa ein auke framover utan at det er råd å seie kor stor denne blir.

Eldre er ei særleg risikogruppe, og det blir rådd i frå å ha samkvem med desse frå andre i familien. Det blir også diskutert om ein skal sette inn endå strengare tiltak for å verne nettopp denne gruppa, der mange også bur på ulike kommunale institusjonar.

Det kan difor vere av interesse å få fram kor mange som er i denne gruppa rundt om i kommunane i Helse Vest-området.

Oppdaterte folketal pr, 01.01.2020 viser at Helse Stavanger har 13% av folketalet sitt over 67 år, Helse Bergen 14%, medan Helse Fonna og Helse Førde har klart fleire med 17% av befolkninga.

Befolkningstal for kommunane i Helse Førde sitt opptaksområdet finn du her.

Andelen eldre over 67 år varierer betydeleg innanfor Helse Vest-området. T.d. har Sandnes i Rogaland 11% eldre. Kommunar som Tysnes og Hyllestad i Vestland har 24% eldre.

Samanslåing av kommunar, og særleg justering av grenser innanfor dei eldre kommunane (t.d. Bryggja i Nordfjord) har gjort det krevjande å få til korrekt befolkningsstatistikk bakover i tid for dei nye kommunane, t.d. Kinn.

Av Hans Johan Breidablik

Viktig informasjon angåande Korona

Helse Førde og kommunane har felles prosedyre for «Samarbeid mellom Helse Førde og kommunane ved influensapandemi»

Etter oppmoding frå koordineringsrådet vert no denne prosedyra sendt ut til alle kommunane v/kommunedirektørane for å starte arbeidet med å etablere operativt samhandlingsråd og taktisk samhandlingsgruppe.

I første omgang er det taktisk samhandlingsgruppe som vert etablert. Eksisterande prosedyre er ikkje heilt i tråd med dagens realitetar når det gjeld deltakarar og koordineringsrådet kom med følgjande forslag til samansetting av gruppa:

Frå kommunane: Jan Helge Dale, Thomas Vingen Vedeld, Øystein Furnes og Leiv Erik Husabø (kommune overlegar/smittevernlegar i hhv. Kinn, Stad, Sunnfjord og Sogndal), Elin Sørbotten (samhandlingskoordinator).

Frå Helse Førde: Kari Furevik (leiar smittevern) Terje Olav Øen (beredskapssjef), Laila Haugland (avd. sjef med. avd.), Robert Brennersted (avd. sjef AAM), Evy- Helen Helleseth (fagdirektør).

I ettertid er gruppa supplert med Frode Myklebust (Lærdal), Torgeir Finjord (med.fagleg rådgjevar med.avd.) og Tone Holvik (samhandlingssjef).

Fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes i Helse Førde er leiar av gruppa.

Tilråding til kommunane: Prioriterte oppgåve

Taktisk samhandlingsgruppe sender no ut ei sterk oppmoding til kommunane om å gje høgste prioritet til førebuingar for å kunne handtere ein komande pandemi innan kort tid. Gruppa ber kommunane gå gjennom rutinar i samband med pandemi . Særleg er der behov for å kartleggje og starte planlegging i høve:

  • Lokalitetar for isolering/kohort
  • Personell
  • Utstyr

Samhandlingsgruppa ber og om at kommunane melder tilbake status for dei tre punkta til samhandlingskoordinator Elin Sørbotten innan torsdag 12.03.

Forankring av arbeidet i den taktiske samhandlingsgruppa

Kommunane og Helse Førde har behov for gjensidig informasjonsutveksling, involvering og samhandling for å sikre gode rutinar og for best mogleg å nytte dei ressursane vi har samla sett.

Den taktiske samhandlingsgruppa kan bistå med medisinske vurderingar og tilrådingar, og kan ta ei rolle i å koordinere tiltaka i primær- og spesialisthelsetenesta. For å kunne bidra med dette, treng gruppa forankring i kommunane. Helse Førde tok difor (på vegne av samhandlingsgruppa) dette opp som sak i Fylkesmannen sitt møte med kommunane og Helse Førde 09.03.20.

Praksiskonsulentane sender ut løpande informasjon til fastlegane. Denne informasjonen finn du og her https://samhandling-sfj.no/samhandlingstiltak/praksiskonsulentane/

 

 

Samhandlingskonferansen 2020 er avlyst/utsett

 På bakgrunn av den pågåande situasjonen med Korona er samhandlingskonferansen avlyst/utsett.

Vi kjem tilbake når situasjonen har roa seg.

 

 

Lærings- og mestringssenteret arrangerer ein fagdag for alle med direkte pasientkontakt i 1. og 2. linjetenesta. Her vil du få ein gjennomgang av nyttige framgangsmåtar i møte med pasientar, brukarar og pårørande. Både vanlege og meir utfordrande menneskemøte. Eksempla er realistiske, og du får innsikt i kva du gjer bra og korleis du kan bli betre.

Det er når vi gir omsorgsfull og rett behandling at det er gjevande å vere helsearbeidar. Når du er både varm og effektiv kjem den gode kjensla av å vite at du er god i jobben din.

Tema: «Varm og effektiv-god kommunikasjon i ein travel kvardag»

Tid:  kl 10-15.00

Program: Varm, effektiv og god kommunikasjon

Påmelding: 3.april anne.ovreboe@helse-forde.no eller 57 83 98 70

 

UFØRETRYGDING VESTLANDET pr. 2019

Noreg har ein høg andel uføretrygda personar samanlikna med mange andre land. Samstundes har ein låg arbeidsløyse og høg yrkesdeltaking generelt her i landet.

Ved utgangen av 2019 var det i overkant av 352 000 uføretrygda i landet (10,3% av befolkninga mellom 18 og 67 år), og talet auka med 13 000 i løpet av 2019. Det er uttrykt bekymring over utviklinga, også fordi befolkningsutviklinga gjer at det blir mindre andel av personar i arbeidsfør alder framover (sjå t.d. Samhandlingsbarometeret og variabelen «Berekraftsbrøk»).

Det er klare geografiske skilnader i andelane med uføretrygding der Aust-Agder og Østfold ligg på topp med 14,8% og Oslo på botnen med 5,9%. Område med høg andel eldre vil naturleg også ha meir uføretrygding. Kvinner er meir uføretrygda enn menn, og skilnaden mellom kjønna har auka over tid slik figuren under viser.

Fig. 1 Utvikling over tid nasjonalt for kvart kjønn

Fig. 2 Uføretrygding og alder

Vi ser ei jamn auke uføretrygda med aukande alder fram til 65 års-alderen, fallet deretter har truleg med pensjonsordningar å gjere. Det er likevel i dei yngre aldersgruppene ein særleg har sett auke i uføretrygding.

 

Korleis er situasjonen i Helse Vest sitt opptaksområde (Vestlandet med gjeldande regioninndeling pr. 2019)

Fig. 3 Utvikling for Vestlandsfylka

Vi ser at alle dei dåverande tre fylka på Vestlandet hadde lågare andel av uføretrygda enn landet generelt, og at det ved utgangen av 2019 ikkje var skilnader mellom dei tre fylka (8,3%), (Sogn og Fjordane hadde den eldste befolkninga av dei tre).

Fig. 4 Andel uføretrygda i kommunar/bydelar i Helse Vestområdet 2019 (obs. at ikkje alle radetikettane = kommunane/bydelane har fått plass til namnet)

I Helse Vest sitt opptaksområde ligg dei to Rogaland-kommunane Sokndal og Lund høgast med 13,9%/13,4% av befolkninga, deretter kjem Vaksdal i dåverande Hordaland (12,7%) og Høyanger i dåverande Sogn og Fjordane med 12,4%.

I den andre enden ligg dåverande Sogndal kommune i Sogn og Fjordane med 5,6% og Bergenhus bydel i Bergen med det same. Skilnaden er altså 2,5 gonger frå lågast til høgast.

Konklusjonar
• Helse Vest-området ligg klart under landsgjennomsnittet for uføretrygding.
• Ved utgangen av 2019 hadde dei tre tidlegare Vestlandsfylka same andel av uføretrygda med 8,7% av befolkninga mellom 18 og 67 år.
• Det er 2,5 gonger skilnad mellom lågaste (Sogndal) og høgaste kommune (Sokndal) når det gjeld omfang av uføretrygding
• Både alderssamansetning av befolkninga, utdanningsnivå og det lokale arbeidslivet spelar nok inn på omfanget.

Av Hans Johan Breidablik