FRAMSKRIVING AV ETTERSPØRSEL ETTER HELSE- OG OMSORGSTENESTER; ELEFANTEN SOM BERRE SSB VIL SJÅ?

 

SSB (Statistisk sentralbyrå) har nyleg gitt ut ein rapport med Regional framskriving av etterspørsel etter helse- og omsorgstjenester, 2017 – 2035 (2019/26). Det ser så langt knapt ut til at medieverda har oppdaga denne. Er problematikken for stor og utfordrande til at ein vil sjå og diskutere den? Samhandlingsbarometeret har tidligare hatt ei nyhendesak om rekruttering av sjukepleiarar i Sogn og Fjordane, og denne rapporten passar godt til dei funna vi presenterte den gongen.

Rapporten lagar ei framskriving av behovet for nye årsverk i helse- og omsorgstenesta for dei ulike regionane av landet fram mot 2035. Dette under føresetnad av uendra standard på tenestene i høve det som er i dag. Når vi ser på mediebildet er det stort sett behovet for auka strandard både på dette og andre samfunnsområder som blir debattert.

Drivaren for utviklinga handlar i hovudsak om ei endra befolkningssamansetning (demografi) der auken i talet på eldre skjer parallell med manglande auke av yngre i arbeidsfør alder. Gruppa som skal skape verdiane og «ber» resten av befolkninga får difor ein stadig større og tyngre «ryggsekk». Dette vil handle både om økonomiske midlar, men kanskje i endå større grad om tilgjengelege fagpersonar.

Området er allereie ein av elefantane i dag der 310 000 årsverk blir brukt i helse- og omsorgstenestene til ein svimlande pris av 342 milliardar kr. Dette utgjer 21% av alle offentlege utgifter i dag, og er finansiert i hovudsak gjennom skattar. «Elefanten» er berekna å vekse til heile 410 000 årsverk i 2035, altså 100 000 fleire enn i dag. SSB har ikkje berekna kostnader i rapporten, men eit enkelt anslag vil vel vere at dette vil krevje minst 50 milliardar ekstra i høve dagens situasjon. Det er altså duka for heilt nye prioriteringsdebattar framover.

Grunna sentralisering av busettingsmønsteret og aukande levealder vil auken i talet på eldre også kome i sentrale strøk av landet. Oslo-området, Bergen og Vestre Viken-området får difor den største auken i behovet for nye årsverk som er estimert til 33-44 prosent auke. For perifere område som Finnmark, Helgeland og Sogn og Fjordane vert auken lågare med rundt 25 prosent. Dette vil då kunne vere med på å flytte både pengar og personell mot dei sentrale stroka, dvs. Bergens-området for nye Vestland fylke. Utkantane står att med dei største andelane eldre, og størst utfordringar i å skaffe kompetent arbeidskraft som t.d. sjukepleiarar. Samtidig vil flyttemønsteret gjere at yngre bur langt borte, og i mindre grad kan stå for såkalla «uformell omsorg».

Kva vil dette bety i praksis for det nye Vestland fylke? I denne perioden fram mot 2035 er det berekna 2 prosent folkevekst i Sogn og Fjordane, men heile 42 prosent vekst i gruppa over 67 år. Ingen andre stader i landet vil «bærekraftsbrøken» (forholdet mellom yrkesaktive og eldre) endre seg så mykje som her i løpet av perioden.

Bergensområdet er forventa å ha ein samla folkevekst på 12 prosent i same periode, men vil få heile 52 prosent vekst av gruppa over 67 år.

Behovet for nye årsverk er delt i tre område:
a) Spesialisthelsetenesta: Helse Førde 399 nye årsverk, og Helse Bergen 2572 nye årsverk.
b) Kommunale omsorgstenester: Sogn og Fjordane 1177 nye årsverk, og Bergensregionen opp 5482 nye årsverk.
c) Kommunehelsetenesta: Sogn og Fjordane opp34 årsverk, og Bergensområdet opp 527 årsverk.

Det er altså innanfor dei kommunale omsorgstenestene ein får den klart største auken, og her er det særleg sjukepleiarar og helsefagarbeidarar som utgjer dei store personellgruppene.

I dag vert det utdanna 120 nye sjukepleiarar årleg i Sogn og Fjordane, og rundt 45 prosent av desse tek seg arbeid i fylket etter avslutta utdanning. Dette betyr rundt 50 nye sjukepleiarar årleg. Truleg vil desse ikkje kunne dekke behovet framover, og kanskje vil Bergensområdet trekke til seg fleire av desse også?

Særleg kommunane bør snarast ta opp denne problematikken, og kanskje også søke å rekruttere meir personell frå utlandet framover. Men eit problem i dette er at mangelen på sjukepleiarar er stor også i fleire andre land med tilsvarande demografisk utvikling.

Av Hans Johan Breidablik

FAGDAG VALD OG OVERGREP MOT BARN OG UNGE

Barne- og ungdsomsavdelinga i Helse Førde arrangerar Sogn og Fjordane sin første fagdag om vald og overgrep mot barn og unge i samarbeid med Fylkesmannen Vestlandet.

Mål med fagdagen:

  • Auke merksemda blant helsepersonell på barn og unge som kan ha vore utsett for vald, overgrep og omsorgssvikt.
  • Auke kjennskapen til kva som finst av tilbod og ressursar i regionen
  • Auke kunnskapen til korleis ein gå fram ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Målgruppe er helsepersonell som møter barn og unge som pasientar eller
pårørande i sitt arbeid:

  • Legar
  • Sjukepleiarar
  • Helsesjukepleiar
  • Anna helsepersonell

Dato: 20.11.2019
Tid: 09.00 – 15.15
Stad: Thon Hotel Jølster på Skei

Kurset er gratis og det vert servert lunch.

Det er søkt Legeforeninga, Fagforbundet og NSF om godkjenning av kurset som valfrie poeng/timar

Meld deg på her

Kontaktperson:
Anders Bjørkhaug
Overlege ved Barne- og ungdomsavdelinga
Helse Førde HF

SAMHANDLINGSNYTT

Foto: Oddleiv Apneseth

Etter lang tids pause gjenoppstår samhandlingsnytt i ny utgåve.

I ein digital verden vil det ikkje bli sendt ut nyhendeskriv i «papirversjon» lenger. Heretter vil aktuelle saker på samhandlingsområdet bli lagt ut på sida «Samhandling i Sogn og Fjordane». På denne sida vil tilsette i kommunane i Sogn og Fjordane og Helse Førde finne all aktuell informasjon for samhandlingsområdet.

Det einaste du treng å gjere er å melde deg på nyhendeskriv på sida https://samhandling-sfj.no/. Vi treng di hjelp til å informere kollegaer og andre om dette, slik at Samhandlingsnytt kan nå ut til dei som tidlegare har fått «papirutgåva».

Har du tips til saker innan samhandling som du meiner fleire bør få høyre om? Ta kontakt med tone.holvik@helse-forde.no eller anne.marte.solsnes@helse-forde.no

INFORMASJON FRÅ SAMHANDLINGSFORA:

Fagrådet (rådgjevande organ for koordineringsrådet)
12. september var det møte i Fagrådet i Dale. Tenesteleiar for bistand og omsorg, Kjersti Valvik, tok imot Fagrådet på Helsetunet.

Aktuelle saker var:
• Nytt frå praksiskonsulentane
• Samhandlingsavvik
• LIS-situasjonen i spesialist- og kommunehelsetenesta
• Prosess for prehospital plan
• Nasjonal handlingsplan for eliminering av Hepatitt-C – plan for kommunane og Helse Førde
• Meld. St. 15 (2017-2018) Leve heile livet
• Vel heim-prosjektet i Helse Vest
• Praksis for allmennlegar i spesialisthelsetenesta
• Status elektronisk meldingsutveksling
• Revisjon av Helse Førde sin strategi for forsking og innovasjon
Meir informasjon finn du her: https://samhandling-sfj.no/samhandlingsfora/fagradet/referat-fra-fagradet/

Koordineringsrådet
24. september var det møte i Koordineringsrådet i Lærdal på Villakssenteret. Rådmann Arne Johansen viste oss rundt på Lærdal bu- og omsorgsheim etter møtet.

Aktuelle saker var:
• Kontaktmøte mellom KS og Helse Førde. Passar det inn i samhandlingsstrukturen?
• Prehospital plan
• Orientering om ungdomsrådet
• Samhandlingskonferansen 2020
• LIS1-utdanning – felles ansvar
• Ny kommunelov – har det konsekvensar for samhandlinga?
• Praksis for allmennlegar i spesialisthelsetenesta
• Helse Førde sin strategi for forsking og innovasjon
• Kartlegging av sjukepleiesituasjonen i fylket
• NOU 2019: 10 Åpenhet i grenseland
• Korleis skal vi arbeide vidare med samhandlingsavvik?

Meir informasjon finn du her så snart referatet er klart: https://samhandling-sfj.no/samhandlingsfora/koordineringsradet/referat-fra-koordineringsradet/

Kva meiner du om Samhandlingsbarometeret?

Dette ønskjer vi svar på i spørjeundersøkinga som er sendt ut i dag til eit utval personar i kommunane i Sogn og Fjordane og Rogaland. Om du ikkje har fått undersøkinga på epost, bruk gjerne lenken her og gje oss dine synspunkt.

Samhandlingsbarometeret er under kontinuerlig oppdatering og utvikling. Av den grunn har vi behov for å høyre di meining om korleis du opplever bruken og nytteverdien av Samhandlingsbarometeret. Undersøkinga tek ca 2 minutt (9 spørsmål).

Trykk her og bli med! 

Undersøkinga er anonym. Alle innspel er velkomne!

Svarfrist 1.oktober

Samhandlingsbarometeret og Samfunnsmedisin

Ein av nestorane innan norsk samfunnsmedisin, Magne Nylenna, har nyleg kome med ei bok med tittelen Samfunnsmedisin på norsk.

Kva forstår vi med samfunnsmedisin?
Samfunnsmedisin er ein av spesialitetane innan medisinen, og har slik sett sitt spesifikke utdanningsløp. Faget skal beskrive og analysere interaksjonar mellom menneske og omgjevnader. Det handlar om samanhengar, system, utviklingstrekk og helsemessige konsekvensar av desse. Måla er både å styrke helsa og å hindre uhelse i befolkninga gjennom organisering, prioritering og kunnskapsformidling.
Dei fleste medisinske spesialitetane rettar seg inn mot behandling av einskildpasientar innafor eit stort spekter av fagområde og sjukdommar. Samfunnsmedisinen har ikkje dette individretta perspektivet.
To særskilde perspektiv karakteriserar faget:
1. Samfunnsmedisinen er i stor grad retta inn mot grupper eller heile befolkninga (gruppeorienteringa). Gruppene kan vere av svært ulike størrelsar som t.d. innanfor skular, nabolag, fritidsaktivitetar, arbeidsplassar, aldersgrupper, kommunar, regionar, heile nasjonen eller også globalt. Samanlikningar mellom gruppene er sentrale element i faget.

2. Tidsdimensjonen er sentralt i faget. Andre delar av medisinen handlar mykje om konkrete sjukdomsforløp og påverknaden på desse. Samfunnsmedisinen skal sjå meir på dei lange linjene både bakover og framover, på samanhengen (konteksten) mellom helse og samfunnet i stort. Rådande haldningar og verdiar i samfunnet vil difor også spele inn i større grad enn når det gjeld den vanlege kliniske medisinen.
Sentralt i faget er også utviklinga av såkalla «samsjukdomar», der mange helseproblem handlar om forholdet menneske i mellom og i samfunnet. Problematikk rundt livsstil, subjektiv opplevelse, meistring og velbefinnande (livskvalitet) er typisk.

Samfunnsmedisin og Samhandlingsbarometeret
Mykje av verksemda i Samhandlingsbarometeret er basert på liknande perspektiv som Samfunnsmedisinen. Det skal vere ein open kunnskapsbank med data knytt til befolkning, helsetenester, samhandling og folkehelse, og med inndeling på aldersgrupper, kommunenivå, regionnivå og landsnivå for dei fleste variablane.
Perspektivet er også ofte meir langsiktig enn den løpande styringsinformasjonen som dei som driv tenestene også har bruk for. Barometeret vil difor vere særleg egna for dei som driv med planlegging og utvikling av tenestene, folkehelsearbeid og for dei som vil drive forsking på desse områda. Kommunelegar og andre som driv med samfunnsmedisinske/ folkehelserelaterte oppgåver vil truleg også kunne finne svar på ein del av sine spørsmål her.
God samhandling blir stadig viktigare for velfungerande tenester både i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Samhandlingsbarometeret tek sikte på å vere ein sentral instans for å plukke ut og presentere relevante data som kunnskapsgrunnlag for styring og utvikling innan samhandling i Helse Vest sitt opptaksområde.

 

Pasientreiser – to nye variablar i Samhandlingsbarometeret

Etter ønskje frå brukargrupper av Samhandlingsbarometeret har vi tatt inn statistikk knytt til pasienttransport med drosje. Dette gjeld både reiser internt i kommunane og reiser til/frå spesialisthelsetenesta. Samla sett representerer desse reisene store kostnader. Alle kostandane vert dekka av spesialisthelsetenesta, også transportar internt i kommunane sjølve. Samstundes er slike reiser ei viktig inntektskjelde for drosjenæringa, og kan være med på å oppretthalde drosjetilbodet i mindre utkantkommunar. Datamaterialet har Barometeret fått gjennom eit samarbeid med Pasientreiser Helse Førde.

Mykje pasienttransport føregår også gjennom andre former som bruk av eigen bil eller offentlege transportmiddel. I nokre kommunar har Pasientreiser heller ikkje avtalar med drosjenæringa lokalt. I tillegg kjem ambulansetransport med dei sjukaste pasientane som må transporterast liggande og med følgje av fagpersonell. Desse reisene er ikkje med i talmaterialet her.

1. Pasienttransport internt i kommunane
Dette handlar i hovudsak om rekvirerte drosjetransportar til/frå fastlegar og fysioterapeutar.

Figur 1: Interne drosjereiser til/ frå kommunelegar i kommunane i Sogn og Fjordane i 2018

Det er ein klar variasjon mellom kommunane der Førde ligg lågast med 52 drosjeturar, medan Bremanger tilsvarande har 579 turar pr. 1000 innbyggar (Aurland har ikkje avtale med drosjene og har difor registrert 0 turar).

Figur 2: Interne drosjereiser til/frå fysioterapeutar i kommunane i 2018

Omfanget av drosjereiser til/frå fysioterapeutar er høgare enn for legebesøk, og også her ser vi ein stor variasjon frå Balestrand med 84 slike turar, medan Askvoll, Bremanger og Vågsøy har nesten like mange turar som det er innbyggarar i kommunen.

2. Pasienttransport mellom kommunar og ulike sjukehus i 2018

Ein stor prosentandel av drosjetransportane frå dei ulike kommunane går til næraste lokalsjukehus/sentralsjukehus i Helse Førde. Vi ser at kommunar i Indre Sogn sender mange til Lærdal sjukehus, og tilsvarande for Nordfjordkommunane til Nordfjord sjukehus. Frå Vik kommune går mange turar til Voss sjukehus og tilsvarande går mange turar frå Gulen til Haukeland Universitetssjukehus. Turar frå Nordfjordkommunar til og frå Helse Sunnmøre inngår ikkje i datamaterialet.
Enkeltpasientar, med t.d. dialysebehandling, kan påverke reiseomfanget

Konklusjon:
Det er betydelege skilnader mellom kommunane i høve til rekvirering av drosjetransportar til og frå legar og fysioterapeutar i kommunen. Når det gjeld drosjetransportar til/frå sjukehus går desse oftast frå/til næraste sjukehus. Alle har turar til og frå Haukeland Universitetssjukehus i varierande omfang. Berre Vik, og til ein viss grad Aurland, har turar til Voss sjukehus.

Legemiddelgjennomgangar i sjukeheimar i Sogn og Fjordane

Helsedirektoratet presenterer statistikk frå ulike kvalitetsindikatorar på nettet, og ein av desse er Legemiddelgjennomgang hos beboere på sykehjem

Stadig fleire eldre har mange sjukdomar og får fleire legemiddel samtidig. Fleire legemiddel samtidig aukar også sannsynligheita for feilmedisinering, unødvendig bruk og uheldige kombinasjonar av legemiddel.

Eldre er særleg sårbare for biverkander og legemiddelrelaterte problem, og undersøkingar har vist at heile tre av fire pasientar i sjukeheimar har eit eller fleire legemiddelrelaterte problem (Veileder om legemiddelgjennomganger).

Etter Forskrift om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp, skal ein syte for ein systematisk legemiddelgjennomgang for pasientar på langtidsopphald i sjukeheim ved innkomst, og seinare minst ein gong årleg. I tillegg til dette skal legemiddelgjennomgang utførast når det er nødvendig av omsyn til forsvarleg behandling. Legemiddelgjennomgang skal utførast av lege, åleine eller i samarbeid med anna helsepersonell.

Målet med legemiddelgjennomgangen er å sikre at den einskilde pasient får god effekt av legemidla samstundes som risikoen for uheldige verknader vert minimalisert og kan handterast. Studiar syner at den mest vanlege endringa ved legemiddelgjennomgangar, særlig for eldre, er at legemiddel ikkje lengre blir vurdert som nødvendige og blir stoppa (seponert). Det er også vist at legemiddel ofte vert gitt i for høg eller for låg dose.

Riktig legemiddelbruk i sjukeheim er eit av innsatsområda i Pasienttryggleiksprogrammet.

På landsbasis i 2018 har 54,6 % av bebuarane over 67 år på langtidsopphald hatt legemiddelgjennomgang i løpet av dei siste 12 månadane. I 2017 var denne andelen på 49,4 %.

Det er variasjonar mellom dei ulike fylka og stor spreiing mellom kommunane. Oslo fylke har høgast andel av bebuarane over 67 år på langtidsopphald med legemiddelgjennomgang med 88,1 %. Troms har lågast andel med 33,9 %.

Figur 1 under syner fordelinga på fylkesnivå av registrert gjennomført legemiddelgjennomgang i 2018

Vi ser at Sogn og Fjordane ligg omtrent på landsgjennomsnittet med 48,3% legemidelgjennomgang blant langtidsbebuarane. Men det er ein veg å gå før ein kan innfri kravet i lovverket, og slik sett sikre bebuarane kvalitet og pasienttryggleik på dette viktige området. Det har imidlertid vore ein klar betring frå 2016 då andelen var 35,7 %.

Fig. 2 viser fordelinga mellom kommunar i Sogn og Fjordane

Vi ser ein betydeleg variasjon mellom kommunane. I tillegg til dette har vi nokre kommunar som etter den offisielle statistikken knapt driv legemiddelgjennomgang, eller ikkje har rapportert slik gjennomgang for langtidspasientar i kommunen, sjå tabell under.

Tabell 1: Kommunar som har rapportert manglande legemiddelgjennomgang siste 12 månader.

Kommune Andel bebuarar med manglande legemiddelgjennomgang (%)
Årdal

Balestrand

Hyllestad

Jølster

Naustdal

81

84

95

Ingen rapport

67

Samla sett inngår 791 langtidsbebuarar i rapporteringa, altså eit betydeleg større tal enn dei som ligg inne i spesialisthelsetenesta til ei kvar tid.

Konklusjon: Kvalitetsindikatorar er sentrale måleparameter for i kva grad pasientane får gode og trygge helsetenester. I dette tilfellet er det også ei rettigheit som er lovpålagd (forskrift). Imidlertid vil ofte resultata vere påverka av kvaliteten på innrapporteringa. Helsedirektoratet skriv også at det på dette området er underrapportering då opplysningane ikkje vert dokumentert i journal, eller ikkje rapportert til dei nasjonale registra p.g.a. at dei ikkje er dokumentert/registrert på rett stad og i riktig format. Samhandlingsbarometeret har vore i kontakt med Førde kommune for å høyre kva som er årsaka til den lave måloppnåinga her. Svaret er at det handlar om manglar knytt til rapporteringsrutinene, og at ein forventar betring i 2019 på dette. Truleg kan dette også gjelde for fleire av dei andre kommunane som ligg lavt eller manglar heilt tal for legemiddelgjennomgang.

Men det er uansett ikkje grunn til å vere nøgd med statusen i mange kommunar slik den framstår i dag. Men det er også positivt å sjå at nokre kommunar (t.d. Gloppen og Leikanger) har nådd nærast full dekning på dette området.

LIVSSTILSFAKTORAR BLANT VAKSNE I SOGN OG FJORDANE

Vi møter dagleg omgrepet «livsstilssjukdomar» i media og gjerne knytt til førebygging av uhelse.

«Livsstil er summen av enkeltpersoners levevaner og atferd. Betegnelsen brukes om måten en person lever på, først og fremst om de aktiviteter man selv har råderett over, og som avspeiler egne valg. Livsstil er knyttet til mer eller mindre bevisste personlige preferanser, men påvirkes i høy grad av omgivelsene» (Magne Nylenna – Store Medisinske Leksikon).

Livsstilssjukdomar aukar i førekomst i industrialiserte land, også knytt til at befolkninga lever lengre. Døme på livsstilssjukdomar er hjartesjukdom, hjerneslag, høgt blodtrykk, visse typar kreft, type 2-diabetes, kronisk lungesjukdom (KOLS), beinskjørheit, depresjon, medikamentmisbruk, overvekt, slitasjegikt og hiv/aids.

I det førebyggande helsearbeidet har fokuset vore mykje på følgjande «livsstilsfaktorar/risikofaktorar»:
– Fysisk aktivitet
– Kosthald
– Tobakk
– Alkohol
– Ulykker

I den ferske Folkehelseundersøkinga blant vaksenbefolkninga i Sogn og Fjordane finn vi blant anna tal for følgjande faktorar:

Alkohol: Risikofull alkoholbruk blir målt med såkalla AUDIT-spørsmål, og det blir rekna ut ein sum-skåring for desse. I Noreg har ein berekna at det samla inntaket av alkohol tilsvarar omkring 7 liter rein alkohol årleg pr. vaksen person, og 10% av brukarane står for halvparten av bruken. Skadeverknadane er knytt både til akutt rusing og langvarig høgt forbruk.

Til skilnad frå ulike andre livsstilsfaktorar finn vi her ikkje klar samanheng med utdanningsnivået. Men det er ein klar skilnad i disfavør av menn i alle gruppene. Den yngste aldersgruppa på 18-29 år ligg klart høgast (menn 4,8 og kvinner 3,8), og gruppene over 70 år klart lågast. Dersom dette mønsteret mellom dei yngre held seg gjennom livet vil det vere grunn for uro, men det kan også tenkast at det endrar seg med alderen hos den einskilde.

Tobakk: Dette er den risikofaktoren som fører til mest helsetapsjusterte leveår (såkalla DALY) mellom befolkninga under 75 år i Noreg. Sogn og Fjordane har tradisjonelt hatt eit lågt tobakksforbruk, noko som kan vere ei av årsakene til den høge forventa levealderen her i fylket. I 1973 røykte 42% av befolkninga, medan dette var nede på 12% i 2018.
I Sogn og Fjordane er rundt 10% av befolkninga i HAFS/Ytre Sogn daglegrøykarar, medan dei andre regionane ligg nede på rundt 8%.

Som det framgår av figuren ser vi her ein klassisk gradient knytt til aukande utdanningsnivå. Det er gledeleg at dei yngste aldersgruppene (18-29 år) ligg særleg lågt (kvinner 1,6% og menn 4,2%). Om dette held seg utover i livet vil det medføre ein betydeleg folkehelsegevinst.

Kosthald: På dette området er det mange ulike element som inngår og ulike råd og til dels motstridane meiningar og forskingsresultat. Men sidan det ser ut til å vere rimeleg semje om at inntak av fisk er bra, kan vi sjå på denne faktoren frå undersøkinga. Det er rapportert om 7% nedgang i forbruket av heil fisk dei siste 10 åra. Anbefalinga frå Helsedirektoratet er inntak av fisk 2-3 gonger i veka.
Nærare 80% svarar at dei et fisk minst ein gong i veka. Det er også her ein tendens til at dei med høg utdanning et meir fisk, og litt meir mellom dei som bur i HAFS/Ytre Sogn-området.

Det er ikkje vidare skilnader mellom kjønn i inntak av fisk. Derimot ser vi ein klar skilnad knytt til alder, der dei yngste mellom 18 og 29 år ligg på rundt 60%, og vidare oppover i alder stig det jamt til 60 årsalderen då rundt 90% et fisk minst kvar veke. Også her er mønsteret negativt dersom tendensen mellom dei unge i dag føl dei vidare opp gjennom livet.

-Fysisk aktivitet: Dette er den einskildfaktoren mange først tenkjer på når ein nemner livsstil, og som mange antek er den viktigaste i førebyggingssamanheng sjølv om lite fysisk aktivitet ligg eit stykke ned på lista over helsetapsjusterte leveår. Ofte blir den omtala saman med overvektsproblematikken, men denne er kanskje meir knytt til kosthald.

Vi ser at rundt kvar tredje person er fysisk aktiv dagleg, og dette er nok lågare enn det som er ønskjeleg. Det er ikkje skilnader mellom regionane i fylket, og som figuren over viser er det heller ikkje stor skilnad knytt til utdanningsnivå. Dette er kanskje uventa. Det er heller ikkje større skilnad mellom dei ulike aldersgruppene.

Ulykker/skadar: Dette har eit vidt spekter både i alvorsgrad og kva aktivitet dei er knytt til. For dei alvorlege trafikkulykkene har vi sett ei klar forbetring over seinare år. Spørsmålet i undersøkinga er meir generelt om ein har vore UTSETT FOR SKADE SISTE 12 MÅNADER. Samla sett svarar 18% av kvinner og 20% av menn ja på dette. Utdanningsgrad og buregion ser ikkje ut til å bety mykje for omfanget.

Omfanget av skadar er noko høgare hjå dei yngre, men etter dette ser det ikkje ut til å vere aldersavhengig.

Konklusjon:
Folkehelseundersøkinga i Sogn og Fjordane gjev oss verdfulle data om viktige livsstilsfaktorar i Sogn og Fjordane. Røyking ligg gledeleg lågt, særleg mellom unge, medan alkoholbruken kan gje meir utfordringar. Inntak av fisk er også lågare blant unge. Elles er det mindre skilnader knytt til utdanningsgrad enn ein ser andre stader. Slik sett er fylket kanskje prega av meir likskap når det gjeld livsstil enn det ein kan sjå andre stader.

 

Folkehelseundersøkinga i Sogn og Fjordane

Datainnsamlinga for den første folkehelsekartlegginga mellom vaksenbefolkninga i Sogn og Fjordane vart gjennomført av Folkehelseinstituttet i perioden frå 13. mars til 7. april 2019. Undersøkinga vart gjennomført på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Tilsvarande undersøking vart gjennomført i Hordaland i 2018.

Målet er å skaffe fram informasjon om subjektiv helse, livskvalitet, helserelatert åtferd og lokale tilhøve (både risikofaktorar og helsefremjande faktorar) som kan vere til nytte i folkehelsearbeidet i fylka og kommunane. Undersøkingane i Sogn og Fjordane og Hordaland gjev viktige bidrag til kunnskapsgrunnlaget for den fyrste folkehelseplanen for Vestland fylke. Ei viktig side ved folkehelseundersøkingane er at dei skal skaffe fram nye data, slik at folkehelsearbeidet kan baserast på eit ferskast mogeleg evidensgrunnlag.

I overkant av 20 000 vart inviterte til å delta. Utvalet omfatta vaksne frå 18 år og oppover. Femtitre prosent var kvinner, og gjennomsnittsalderen var 47,9 år. 9149 personar har svart, som gjev ein samla svarposent på 45,4%. Det var ein viss overvekt av personar med høgare utdanning.Delar av resultata er no komne i form av ein rapport. I analysene har ein sett dei ulike forholda opp mot kjønn, alder og utdanning på regionsnivå. Førebels er det altså ikkje offentleggjort tal for einskildkommunar, og det er usikkert i kva grad slike vil kome grunna små talmateriale.

Regioninndelinga i rapporten er slik:
• Nordfjord: Bremanger, Gloppen, Selje/Eid, Stryn (2070 svar)
• Sunnfjord: Flora/Vågsøy, Gaular/Jølster/Førde/Naustdal (3302 svar)
• HAFS/Ytre Sogn: Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Solund, Høyanger (1187 svar)
• Indre Sogn: Aurland, Balestrand/Leikanger/Sogndal, Luster, Lærdal, Vik, Årdal (2590 svar).

Eksempel: Trivsel og sjølvopplevd helse
Dette er to sentrale parametrar knytt til folkehelsa.

TRIVSEL i Sogn og Fjordane

a) Trivsel etter region:

Gjennomsnittleg oppgjev i overkant av 70% stor grad av trivsel i nærmiljøet (raud stripla linje). Deltakarane frå Indre Sogn oppgjev som vi ser noko høgare trivsel enn dei andre tre regionane.

b) Trivsel etter alder og kjønn

Dei yngre aldersgruppene oppgjev lågare grad av trivsel i nærmiljøet enn dei eldre, og det er ein jamn stigning frå rundt 60% i 18-29 årsalder til nærare 80% for 60-åringar og eldre. Kjønnsskilnadane er ikkje markerte utover ei lett overvekt for kvinner i aldersgruppene 30 til 59 år.

c) Kva er viktig for å trivast?

Det går fram at tilgang på natur- og friluftsområde, samt kommunale tenester og butikkar er det som blir rangert å ha størst innverknad på trivsel, medan kulturaktivitetar, møteplassar og gang- og sykkelvegar skårar klart lågare.

SJØLVOPPLEVD HELSE i Sogn og Fjordane

a) Sjølvopplevd helse og utdanning/kjønn

Oppleving av eiga helse som god viser eit klart mønster der denne vert betre til høgare utdanningsgrad ein har, og det er ikkje markerte kjønnsskilnader i dette.

b) Sjølvopplevd helse og alder

Den sjølvopplevde helsa vert i noko grad redusert med alderen, men også i gruppa over 70 år opplever rundt 70% at dei har god helse.

Konklusjon: Kartlegginga av folkehelsefaktorar i Sogn og Fjordane er ei klar nyvinning på dette området, og kjelde for kunnskap på område der det ofte har vore meir synsing basert på enkelttilfelle. Det er synd at ein ikkje kan gje data ned på einskildkommunar, då det er kommunane som etter lovverket har størst ansvar for det primærførebyggande arbeidet. Det er også litt overraskande at resultata så langt ikkje har vore meir framme i mediabildet.

Lenke til Sogn og Fjordane sin omtale av undersøkinga og rapporten

Av Hans Johan Breidablik

RANDKOMMUNAR OG BRUK AV TENESTER FRÅ HELSE FØRDE

Som dei fleste vil være kjent med er Sogn og Fjordane halvvegs inne i sitt siste år som eige fylke. Frå 2020 blir det samanslåing med Hordaland til det nye Vestland fylke.
Men når det gjeld helseføretak er det så langt ikkje lagt opp til ei tilsvarande omorganisering. Helse Førde og Helse Bergen vil i hovudsak ha same opptaksområde som no. Men både funksjonsfordeling og fritt sjukehusval gjer at pasientflyten kan endre seg over tid. I dette ligg også at Helse Førde er eit lite føretak med avgrensa tal innbyggarar i opptaksområdet. Dersom talet på brukarar av Helse Førde også blir mindre, vil det kunne føre til utfordringar med å halde oppe eit så breitt spekter av behandlingstilbod for befolkninga.

Det kan difor være av interesse å sjå på utviklinga knytt til bruk av Helse Førde for randkommunar samanlikna med gjennomsnittet i fylket elles. Typisk for randkommunar i denne samanhengen er at dei ligg på grensa til naboføretak, og at dei også har kort veg til spesialistheletenester i naboføretaka.

Vi har då vald ut fire typiske randkommunar: Gulen, Vik, Aurland og Hornindal.

1. Innlegging som øyeblikkeleg hjelp samla pr. 1000 innbyggjar i perioden 2009 – 2018

Vi ser av den øvste linja at gjennomsnittet for heile Sogn og Fjordane ligg rundt 110-120 pr. 1000 innb. og dette har vore relativt stabilt dei seinare åra.
Alle dei fire randkommunane låg allereie i 2009 under gjennomsnittet for fylket når det gjeld øyeblikkeleg sjukehusinnlegging i Helse Førde, og særleg låg Vik kommune lågt med under halvparten så mykje også i 2009. Dette har nok samanheng med at kommunen har nytta Voss sjukehus (Helse Bergen) i periodar der vegen over Vikafjellet har vore open. Men trass i nokre svingingar er omfanget i bruken av Helse Førde mykje på same nivå i 2018 som i 2009. Ein liknande trend ser vi for Aurland sitt vedkomande bortsett at dei heile tida har nytta Helse Førde meir (har kort veg til Lærdal sjukehus).

Men for dei to andre kommunane Gulen og Hornindal ser vi ein markert reduksjon av innleggingar i Helse Førde i perioden. Gulen har i dag legevakt- og KAD-tenester lokalisert i Nord-Hordaland (Knarvik), og Hornindal vil om kort tid bli ein del av Møre og Romsdal (Volda sjukehus).

2. Tilvising til poliklinikk samla (både planlagde og øyeblikkeleg hjelp) pr. 1000 innb. i perioden 2009 – 2018 frå heile opptaksområdet og dei fire randkommunane

Omfanget av etterspurnad om polikliniske tenester frå Helse Førde er som vi ser aukande fram til 2014, og har sidan vore stabilt for fylket samla sett. Omfanget tilsvarar nesten ein nytilvising for annankvar person i fylket. Også her ligg alle dei fire randkommunane lågare allereie i 2009. Imidlertid ser vi her for Aurland og Vik ein viss auke i bruken av Helse Førde over tid. For Gulen og Hornindal er det ein reduksjon også i nytilvisingar dei siste åra, og mest markert for Gulen sitt vedkomande. Mønsteret når det gjeld poliklinikkbruk er såleis litt annleis enn vi såg over for øyeblikkeleg hjelp-innleggingar.

Konklusjon: Dei fire randkommunane har til saman 8078 innbyggjarar i 2018, og utgjer i overkant av 7% av den samla befolkninga i Sogn og Fjordane. Dersom storparten av desse skulle søke seg mot andre føretak ville det likevel kunne vere ei utfordring for Helse Førde. I noko grad kan vi sjå ei slik utvikling for sjukehusinnleggingar, men noko mindre i høve poliklinisk aktivitet. Generelt er bruken av Helse Førde lågare frå randkommunane, men dette har vore tilfelle over lengre tid.

Av Hans Johan Breidablik