Reisetider til akuttenester

Det har vore eit ynskje å ta inn variablar i Samhandlingsbarometeret som beskriv tidene det tek å få ambulanse fram på staden i dei ulike kommunane, samt forventa reisetider til legevakt og sjukehus.

Grunna eit pågåande arbeid med ny rapporteringsløysingbasert på presentasjonsverktøyet Power BI for Samhandlingsbarometeret har ein valt å vente med å ta inn desse variablane. Vi har her henta statistikk frå Helsedirektoratet sine datapublikasjonar på nettet (https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/reisetid-til-akuttjenester).

Tab. 1 Responstider for akuttambulansar (bilambulanse) til 90% av befolkninga i Helse Vest-området.

Helse Vest Akuttambulanse Legevakt (kommunal/interkommunal)
Helse Stavanger 13 minutt 15 minutt
Helse Bergen 17 minutt 19 minutt
Helse Fonna 21 minutt 29 minutt
Helse Førde 26 minutt 60 minutt

Som venta vil responstidene variere, og dei to føretaka med stor andel av befolkninga konsentrert i store byar (Stavanger og Bergen) ser vi har kortast responstid. Det mest spreddbygde området (Helse Førde) har 26 minutt, altså det doble av Stavanger. Likevel er det slik at heile området får ambulanse fram til storparten (90%) av innbyggarane på under halvtimen.

Det same mønsteret går igjen også for reisetider til kommunal legevakt. I Helse Førde sitt område er denne tida det doble av ambulanseresponstida.

Mykje av merksemda omkring responstider for ambulansar er knytt til dei einskilde kommunane, og gjerne utkantkommunar som ligg lengre frå sjukehus.

Tab. 2 Dei 6 kommunane med lengst responstid for akuttambulansar i Helse Vest-området

Gulen Helse Bergen/Helse Førde 55 minutt
Masfjorden Helse Bergen 52 minutt
Modalen Helse Bergen 43 minutt
Suldal Helse Fonna 42 minutt
Gaular (no Sunnfjord) Helse Førde 37 minutt
Aurland Helse Førde 35 minutt

Der folk er busette på øykommunar (t.d. Solund) vil ikkje dei reelle responstidene gå fram av statistikken, og også innanfor same kommune kan det vere ulike tider avhengig av kor langt frå sentrum i kommunen dei bur.

Som det går fram av tabell 2 høyrer dei tre kommunane med lengste responstider inn under Helse Bergen si ambulanseteneste. Helse Fonna/Førde har dei tre neste.

På bakgrunn av at reisetidene til den kommunale legevakta er særleg lange i Helse Førde sitt opptaksområde kan det vere interessant å sjå på den kommunevise fordelinga. Denne regionen har tre interkommunale legevakter, der Ytre Sogn og Sunnfjord (SYS IKL) omfattar eit særleg stort område geografisk.

Fig. 1 Reisetider til kommunal legevakt for 90% av befolkninga i kommunar i Helse Førde-området (tidl. Sogn og Fjordane og kommunestruktur før 2020)

 

Det er betydelege skilnader i denne reisetida – 8 minutt for dei som bur i tidlegare Førde kommune som er vertskommune for den største interkommunale legevakta. Mange av kommunane med lengst reisetid høyrer inn under den same legevakta (SYS IKL).

Aller lengst reisetid har innbyggarar i Gulen, som har legevakt i Knarvik.

Helseinnovasjonskonferansen 2021

Den årlege konferansen for helseinnovasjon går av stabelen den 28. januar, denne gang digitalt. Dette er ein stad der framoverlente bedrifter, helsearbeidarar og representantar frå utdanningssektoren møtast på tvers av fag og bransjar, for å dele kunnskap og erfaring. Konferansen har som mål å bidra til meir samhandling og kompetansedeling, og passar alle som ynskjer meir innovativ tenking i arbeidet sitt.

 

På programmet i 2021 finn du mykje spennande! Konferansen byr på store nasjonale namn som Karen Dolva og Silvija Seres, som skal prate om korleis innovativ og framtidsretta tenking har prega deira arbeid. I tillegg vil du mellom mykje anna møte sjukepleiar Gunn-Berit Neergård som forskar på innovasjon med utgangspunkt i helsepersonell som innovativ ressurs, prosjektleiar Annette Eri Norevik som vil fortelje om det 3-årige programmet e-Helse Vestland, og leiar i IT utvalet til legeforeinga, Kjartan Olafsson, som skal snakke om Teknologioptimisme med beina godt planta i klinisk kvardag.

 

Konferansen vert arrangert av Helse Førde, i samarbeid med Noregs Forskingsråd, Kunnskapsparken Vestland, Innovasjon Noreg, Sunnfjord Utvikling,  NHO og Høgskulen på Vestlandet.

 

Sjekk ut heile programmet og meld deg på ved å trykke på denne lenka: Helseinnovasjonskonferansen 2021 – Nasjonale, regionale og lokale satsingar på helseinnovasjon

 

Vel møtt!

Kommunale KAD/ØHD-tilbod – oppdaterte tal for 2019

Eit av hovudmåla i Samhandlingsreforma frå 2012 var å flytte meir av pasientbehandlinga over på kommunehelsetenesta. Det vart difor bestemt at kommunane skulle organisere eit tilbod om kommunal øyeblikkeleg hjelp på døgnbasis med eigne senger til føremålet.

Pasientar som kunne få eit like godt tilbod om behandling, observasjon og utgreiing i kommunane skulle då kunne innleggast i KAD/ØHD-senger i staden for på sjukehus. På denne måten skulle spesialisthelsetenesta avlastast, særleg innanfor nokre av dei korte medisinske akuttinnleggingane og som alternativ til reinnlegging.

Kommunane måtte ha sjukepleiekompetanse døgnet rundt på desse ordningane, og tilgang på kommunal tilsynslege/legevaktslege å støtte seg til. Innlegging på KAD/ØHD skulle i hovudsak styrast av den kommunale helsetenesta, og det var ikkje meininga at ferdigbehandla pasientar frå sjukehusa skulle til KAD/ØHD før heimsending

Tilbodet vart obligatorisk frå 1. januar 2016. Året etter vart det utvida til også å omfatte mentale lidingar og rusproblematikk.

Mangelfull registrering, og med det avgrensa tilgang på data, har gjort, og gjer det også delvis i dag utfordrande å publisere data for KAD/ØHD-bruk. Førebels er rapporteringsordninga avgrensa til manuell utfylling frå den einskilde KAD, og er ikkje ein del av kommunane sitt ordinære rapporteringssystem. Datakvaliteten kan difor variere meir her enn for anna statistikk.

Samhandlingsbarometeret har tilgang til data frå KAD/ØHD ordningane til Helsedirektoratet og har i samarbeid med føretaka i Helse Vest lagt inn i to separate variablar: a) Driftstal for KAD/ØHD og b) Fagtal som går på diagnosar for KAD/ØHD-opphalda.

Mange kommunar har inngått samarbeid om KAD/ØHD-tilboda med ein av kommunane som vertskommune. Det er difor ikkje alltid data for kvar einskild kommune i slike fellesordningar.

Organisering av KAD/ØHD-ordningar nasjonalt:

Om lag 60% av KAD-einingane er lokalisert til sjukeheimar, ein del er knytt til legevakter og andre til Lokalmedisinske senter o.l. Sjukestover har ein berre i Nord-Noreg.
Størrelsen på KAD-ordningane varierer mykje på landsbasis, det same gjer bruken/utnyttinga av kapasiteten. Beleggsprosenten har mange stader vore låg.

Fig. 1: Utvikling i samla tal opphald i KAD/ØHD i Noreg i perioden 2016 til 2019:

Tal innleggingar i KAD/ØHD auka noko i perioden frå 2016 til 2018, men det var ein mindre nedgang frå 2018 til 2019.
Sidan opphalda gjennomsnittleg har blitt lengre, er det ikkje same nedgangen i talet på liggedøgn. Men det ser altså ut til at bruken av KAD/ØHD flatar ut.

Samanheng med omfanget av akutte medisinske korttidsinnleggingar?

Samhandlingsbarometeret har også ein variabel for akutte medisinske korttidsinnleggingar (innlagt frå 0-2 døgn) som kanskje er dei sjukehusinnleggingane der KAD kan vere eit alternativ.

Fig 2.: Dersom vi ser på Helse Fonna sine opptakskommunar og summen av medisinske korttidsinnleggingar og KAD-bruken i 2019, får vi følgjande mønster (innlegging KAD/ØHD pr. 1000 innb. mot medisinsk korttidsinnlegging sjukehus pr. 1000 innb.)

Figuren syner at det er 2,7 gonger så sannsynleg å bli innlagt på anten sjukehus eller KAD/ØHD om ein bur i Vindafjord i forhold til om ein bur i Bokn kommune (der ingen har vore registrert på KAD/ØHD i 2019). Det kan vere mange årsaker til dette, men Samhandlingsbarometeret har ikkje noko klare svar på dette.

Det ser heller ikkje ut som det er nokon samanheng mellom omfanget av KAD/ØHD-innleggingar og omfanget av akutte medisinske korttidsinnleggingar. Ut frå dette mønsteret i 2019 ser vi altså ikkje klare teikn på at KAD-bruken fungerer som eit alternativ til akuttinnlegging i spesialisthelsetenesta. Men, for å få eit meir nyansert bilde her kan ein også sjå på fleire ulike faktorar og på utvikling over tid. Slike data kan ein også finne i Samhandlingsbarometeret.

Lenke

Gratis fagsamlig «Kommunikasjon for helsearbeidarar»

Lærings- og meistringsenteret i Helse Førde, i samarbeid med Nettverk for læring og meistring i Helse Vest, arrangerer

webinar (Auditoriet Førde Sentralsjukehus) 15 januar 2021. Sjå lenke for meir info;

Kommunikasjon for helsefagarbeidarar (002)

Helse Førde inviterer til nettmøte om førebygging av sjølvmord

Til deg som fastlege| tenesteleiar| helsestasjon
Likelydande invitasjon har gått til ulike kommunale fagpersonar i Sogn og Fjordane. Vi ber om at e-posten blir sendt vidare til personar i din kommune som kan ha interesse og nytte av den informasjonen som blir gitt i dette nettmøtet.

Føretaka i Helse Vest skal gjennomføre ein folkeopplysningskampanje denne vinteren, og opplyse befolkninga på Vestlandet om at det ikkje er farleg å snakke om sjølvmordstankar, og at det er hjelp få. Helse Førde inviterer kommunehelsetenesta i Sogn og Fjordane til nettmøte om kampanjen  «Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.»

 Tema for det halvtime-lange nettmøte er:

  • Presentasjon av folkeopplysningskampanjen
  • Tips om lett tilgjengelege ressursar for å auke kompetanse innan førebygging av sjølvmord

Same møtet, tre alternative datoar – vel dag og tid som passar deg best:

Tysdag 17. november kl. 9.00 – 09.30

Onsdag 18. november kl. 11.00 – 11.30

Torsdag 19. november kl. 14.00 – 14.30

Informasjon og oppkopling til nettmøte:
Helse Førde nyttar Norsk Helsenett si løysing Join for å gjennomføre desse nettmøta. Ein koplar seg opp frå PC via nettlesarar som Crome og Egde. Om løysinga,  framgangsmåte og teknisk hjelp:  https://nhn.no/kan-jeg-teste-lyd-og-bilde-foer-moetet/

Informasjon om nettmøtet m.m. finn du på Helse-førde.no :  https://helse-forde.no/kampanje

Nullvisjon for sjølvmord i Noreg

Slik innleier regjeringa sin handlingsplan for å redusere talet på sjølvmord i Noreg. I Helse Førde vedkjem denne visjonen oss, og vi tenkjer at skal vi lukkast må vi samarbeide, de i kommunehelsetenesta og vi i spesialisthelsetenesta.

Tal sjølvmord i Noreg går ikkje ned. Kvart einaste år tek omlag 600 menneske sitt eige liv.

Årsakene til sjølvmord er samansette og komplekse, og det utfordrar oss å kunne førebygge og forhindre at menneske vel døden som ein utveg når livet blir tungt å leve.

Vennleg helsing

Helse Førde:
Psykologspesialist ved psykiatrisk klinikk, Stig Magne Solstad
Psykiatrisk sjukepleiar ved Nordfjord psykiatrisenter, Monica Røed Frøyset
Seksjonsleiar ved Indre Sogn psykiatrisenter, Brit Marie Follevåg
Psykologspesialist ved psykisk helsevern for barn og unge, Eili Nygard Riise
Kommunikasjonsrådgjevar, Margunn Masdal

Brukarrepresentantar:
Gro Indrebø og Hanna Talina Nordnes Sørland

Kommunehelsetenesta:
Samhandlingskoordinator, Elin Sørbotten

Nytt kurs om samhandlingsavvik

Gruppa som arbeider med samhandlingsavvik, sett saman av Tone Holvik, Margun Thue, Elin Sørbotten, Kirstin Bruland, Kjellaug Berntsen og Irene Barmen Hoel har utarbeidd eit kurs som omhandlar korleis vi i Sogn og Fjordane arbeider med samhandlingsavvik. Kurset inneheld også informasjon om korleis vi systematisk kan arbeide med uønska hendingar for å kunne lære av dei.

Målgruppe for kurset er alle leiarar og  tilsette i kommunane og i Helse Førde som er involvert i samhandlinga.

Kurset ligg i Læringsportalen på ein slik måte at både tilsette i kommunane og i føretaket har tilgang til å ta kurset. Det blir registrert kor mange som tek kurset.

Rettleiing påmelding eksterne brukarar (Kontaktperson tekniske utfordringar; Kari Anne Sunde, 57839032)

Oppdaterte tal for reinnlegging i Samhandlingsbarometeret

Reinnlegging er ein akuttinnlegging, uavhengig av årsak og aktuelle sjukehus, og som skjer mellom åtte timar og 30 dagar etter utskrivning fra eit forutgåande sjukehusopphald.

Indikatoren vert berekna for pasientar som er 67 år og eldre med primærinnleggelse i ein av elleve diagnosegrupper: astma/kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols), hjertesvikt, lungebetennelse, hjerneslag, brudd, dehydrering, forstoppelse, gastroenteritt, urinveisinfeksjon, mangelanemier og gikt

Andel av pasientar som blir innlagt akutt på nytt innan 30 dagar er eit sentralt parameter knytt til samhandling. Slik innlegging kan sjølvsagt være klart indisert og nye sjukdomstilfelle kan skje i desse 30 dagane som pasienten treng spesialistbehandling for.

Men det kan også bety at kommunehelsetenesta ikkje ser seg i stand til å ta seg av oppfølging og rehabilitering av pasienten etter utskriving, og at det endar opp med ei ny innlegging for same tilstand. Alternativt kan det vere andre tilstandar som kanskje kunne vore behandla medan pasienten var inneliggande første dagen.

Hyppige reinnleggingar er ei belastning for pasienten, særleg for gamle og skrøpelege, men også for ressursbruken i spesialisthelsetenesta inklusive ambulanse/transporttenester.

Figur 1. Utvikling over tid for reinnleggingar pr. 1000 innbyggarar nasjonalt og for dei 4 føretaka i Helse Vest, alle aldersgrupper (Haraldsplass Diakonale Sykehus er inkludert i Helse Bergen).

*Obs. 2020 inneheld berre data for første tertial. Y-aksen startar ved 15%.

Nasjonalt (Noreg) har som vi ser ein stabil andel på nærare 19 pr. 1000 innb. av reinnleggingar innan 30 dagar i perioden frå 2015 til 2019. Det kan sjå ut som ein lett nedgang i 2020, men dette omfattar berre første 1/3 av året og fell også delvis saman med perioden med koronapandemien.

Helse Stavanger har heile tida lege under landsgjennomsnittet, medan dei tre andre føretaka ligg over dette, og Helse Fonna har hatt mest reinnleggingar. Det kan sjå ut som skilnaden mellom Fonna, Bergen og Førde kan vere på veg til å bli mindre over tid.

Fig 2 Tilsvarande for gruppa av eldre (70 år og over) for føretaksområda i Helse Vest

Her er det ein avtakande tendens over tid både nasjonalt og for dei 4 føretaka i Helse Vest. Mest markert er nedgangen i første tertial 2020 som ein altså må tolke med varsemd. Helse Bergen ligg her på topp.

Fig. 3 Fordeling av andel reinnleggingar for dei ulike kommunane i opptaksområda i 1. tertial 2020 for alle aldersgrupper. Obs. at dette er rate av reinnleggingar pr. 1000 døgnopphald (innleggingar). Landsgjennomsnitt og gjennomsnitt for Helse Vest markert med rødt. Solund kommune er ikkje med grunna små tal.

a) Helse Førde sitt opptaksområde

 

Vi ser at denne raten varierer med ein faktor på 2,5 frå lågast til høgast. Ein kan legge merke til at dei to mindre nabokommunane Lærdal og Aurland ligg i kvar sin ende av skalaen. Dette skulle tyde mot at lokale faktorar utanom sjukelegheita hjå pasientane er med og bestemme omfanget. Dette kan t.d. handle om ressursar, kompetanse og haldningar både i kommunehelsetenesta og omsorgstenesta. Det er også viktig at det kan vere eit betydeleg innslag av tilfeldig variasjon knytt til få pasientar i tidsrommet.

b) Helse Bergen/HDS sitt opptaksområde

Fordeling av andel reinnleggingar for dei ulike kommunane i opptaksområda i 1. tertial 2020 for alle aldersgrupper.  Obs. at dette er rate av reinnleggingar pr. 1000 døgnopphald (innleggingar). Landsgjennomsnitt og gjennomsnitt for Helse Vest markert med rødt.  Kommunane Ulvik, Modalen og Fedje manglar data og er ikkje med.

Vi finn ein variasjonsfaktor i overkant av 2 mellom Samnanger som ligg lågast (80 pr. 1000 døgnopphald) og Austrheim som ligg høgast (167 pr. 1000 døgnopphald). Det er også viktig at det kan vere eit betydeleg innslag av tilfeldig variasjon knytt til få pasientar i tidsrommet.

c) Helse Fonna sitt opptaksområde

Fordeling av andel reinnleggingar for dei ulike kommunane i opptaksområda i 1. tertial 2020 for alle aldersgrupper. Obs. at dette er rate av reinnleggingar pr. 1000 døgnopphald (innleggingar). Landsgjennomsnitt og gjennomsnitt for Helse Vest markert med rødt.  Utsira kommune manglar data og er ikkje med.

Vi finn ein variasjonsfaktor på 2,3 mellom Vindafjord som ligg lågast (66 pr. 1000 døgnopphald) og Sauda som ligg høgast (151 pr. 1000 døgnopphald). Det er også viktig at det kan vere eit betydeleg innslag av tilfeldig variasjon knytt til få pasientar i tidsrommet.

 d) Helse Stavanger sitt opptaksområde

Fordeling av andel reinnleggingar for dei ulike kommunane i opptaksområda i 1. tertial 2020 for alle aldersgrupper. Obs. at dette er rate av reinnleggingar pr. 1000 døgnopphald (innleggingar). Landsgjennomsnitt og gjennomsnitt for Helse Vest markert med rødt.

Vi finn ein variasjonsfaktor på i overkant av 2 mellom Bjerkreim som ligg lågast (81 pr. 1000 døgnopphald) og Sokndal som ligg høgast (166 pr. 1000 døgnopphald). Det er også viktig at det kan vere eit betydeleg innslag av tilfeldig variasjon knytt til få pasientar i tidsrommet.

 

KOSTRA-oppdatering i Samhandlingsbarometeret

Andelar over 80 år med institusjonsplass eller heimesjukepleie

KOSTRA-rapporteringa frå kommunane er no oppdatert for heile 2019, og 18 utvalde indikatorar ligg inne i Samhandlingsbarometeret. Også dei tilhøyrande kostragruppene for kommunane er no med (desse gruppene går frå 1 til 16, og er basert på faktorane folkemengde, bundne kostnader og frie disponible inntekter pr. innbyggar). Kommunane vil gjennom Kostratal kunne samanlikne seg med andre kommunar, og ofte vil dei då sjå på andre kommunar som er i same kostragruppe som dei sjølve.

Den demografiske utviklinga går mot stadig fleire eldre i kommunane, og ei nøkkelgruppe i dette er dei som er 80 år og over, då desse vil ha det klart største behovet for både helse- og omsorgstenester.

Mindre utkantkommunar vil ofte ha dei høgaste prosentvise andelane av eldre over 80 år, medan dei yngre aldersgruppene i større grad har flytta inn til meir sentrale strok. Men også i bystrok vil talet på eldre auke klart framover.

Tenestetilbodet til eldre vert i hovudsak delt i tenester for heimebuande («heimesjukepleie»), og kommunale institusjonsplassar (sjuke- og aldersheimar der avlastningsopphald er ekskludert). Bebuarar i omsorgsbustader inngår i tenester for heimebuande.

Dersom vi ser på kommunane i Helse Førde sitt opptaksområde (tidlegare Sogn og Fjordane fylke) får vi følgjande fordeling av dei to typane av tenester:

 

 

Diagrammet viser prosentandelane hjå personar over 80 år som får heimetenester og tilsvarande for sjukeheimsbebuarar. Kommunar i kostragruppe 2 er markerte med *K2.

Gjennomsnittleg mottek omkring kvar 3. person (30%) over 80 år heimetenester i Noreg. I Helse Førde sine opptakskommunar ligg dei fleste over dette, og med Jølster på topp der nærare halvparten får slike tenester. Vi ser også at dei seks kommunane i kortragruppe 2 ligg både i øvre og nedre del av denne skalaen. Organiseringa av tenestene ser difor ikkje ut til å vere avhengig av kommunestørrelse.

I overkant av 12% av befolkninga over 80 år har fast institusjonsplass (sjuke-/aldersheim) i Noreg. Tidlegare Jølster kommune utmerkar seg ved å ikkje ha nokon slike, og det varierar altså frå 0 til 27% i Hornindal i 2019.

Det er klar tendens til at dei kommunane som har høg dekning av heimetenester har lågare dekning av sjukeheimstenester (korrelasjonfaktor er -0,7).

Generelt har opptakskommunane til Helse Førde høge og varierande dekningsgrader av tenester til dei over 80 år. I fleire av kommunane har over halvparten av desse tildelt omsorgstenester av noko slag, med Balestrand på topp.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Program og invitasjon til digitale fagdagar om førebygging av sjølvmord

Helse Vest jobbar med ein ny folkeopplysingskampanje om førebygging av sjølvmord. Kampanjen vil finne stad i slutten av 2020 / starten av 2021. Helse Førde deltek i denne kampanjen, og kjem til å jobbe med å forankre kampanjen både internt og eksternt. Samarbeid med kommunane i Helse Førde sitt opptaksområde blir ein viktig del av kampanjen. I samband med dette inviterer RVTS Vest til digitale fagdager om førebyggging av sjølvmord. Fagdagane er for medarbeidarar i kommunale helse og omsorgstenester, ein for vaksne og ein for born og unge. Fagdagane er gratis, men krevjer førehandspåmelding.

 

Her er invitasjon til fagdagen for dei som jobbar med born og unge:

https://www.rvtsvest.no/digital-fagdag-om-forebygging-av-sjolvmord-hos-born-og-unge/

 

Her er invitasjon til fagdagen for dei som jobbar med vaksne:

https://www.rvtsvest.no/digital-fagdag-om-forebygging-av-sjolvmord-hos-vaksne/

 

I tillegg er det oppretta Facebook-arrangement på RVTS Vest sine facebooksider. De kan finne arrangementa ved å søkje på høvesvis «fagdag om forebygging av sjølvmord hos vaksne» og «fagdag om forebygging av sjølvmord hos barn og unge»

HANDHYGIENE – SAMHANDLING I FORSKING

Den pågåande koronavirusepidemien har sett eit stort fokus på viktigheita av god handhygiene, og behaldarane med «Antibac» (håndsprit) møter ein på mange gonger i løpet av dagen.

Eit eksempel på praktisk samhandling på tvers av sektorar er at Helse Førde og Høgskulen campus Førde (HVL) har hatt ein felles forskningsavdeling over mange år; kalla Senter for Helseforskning. Dette har vore eit fruktbart samarbeid som har fått fram forskingsprosjekt både i regi av helseføretaket og høgskulen. Sjå t.d. nyhendesakene om to ulike disputasar i veke 20.

I tilknyting til handhygieneproblematikken starta ei forskingsgruppe med utgangspunkt i Helse Førde, HVL, UiB og Thelma lab i Trondheim i 2018 opp med eit forskingsprosjekt i høgskulelokala i Førde der frivillige sjukepleiestudentar var testpersonar.

Målet var å teste ut om vanleg springvatn tilsett litt av gassen ozon kunne fungere som eit effektivt alternativ til den vanleg brukte handdesinfeksjon med sprit (Antibac).

Dette vart gjort ved at hendene til forsøkspersonane vart forureina med ein ufarleg bakteriestamme av typen E. coli, og ein undersøkte kor mykje av desse bakteriane som overlevde etter anten spritdesinfeksjonen eller skyljing av hendene med ozonvatn.

Sidan desinfeksjon med handsprit er den internasjonalt aksepterte «gullstandarden» på området, hadde vi rekna med at denne også skulle kome best ut i forsøket vårt. For mange hender greidde spriten å ta knekken på alle bakteriane som var påført, men for ei mindre gruppe av testpersonane var det ein god del levande bakteriar tilbake på hendene.

Dette gjorde at metoden med skyljing med ozonvatnet i gjennomsnitt førte til færre levande restbakteriar på hendene enn kva spritdesinfeksjonen gjorde. I tillegg rapporterte meir enn kvar 5. student at han/ho opplevde ubehag (tørrheit/svie) i huda av den stadige bruken av desinfeksjonsmidlet.

Resultatet av dette forsøket vart publisert i Journal of Hospital Infection i 2019:

Sidan funna i dette første forsøket var såpass overraskande ønskte vi å gjenta det heile etter same mal med ei ny gruppe av sjukepleiarstudentar hausten 2019. Her tok vi også inn ei gruppe som brukte vanleg såpevask (handvask) som metode for å fjerne E. coli-bakteriane.

Det viste seg då at funna vart mykje dei same som i det første forsøket, og også denne vart publisert i same tidsskriftet om lag ved starten av koronaepidemien.

Effects of hand disinfection with alcohol hand rub, ozonized water or soap water – time for reconsideration?

H.J. Breidablik, D.E. Lysebo, L. Johannessen, Å. Skare, O. Kleiven, J.R. Andersen

Y-aksen her er mengda av levande bakteriar etter reingjering/desinfeksjon av hendene til studentane. Kvar prikk i diagrammet representerer ein person. Det ideelle er at talet er null levande bakteriar. For ozonvatnet ligg dei fleste ved null eller rett over, men for spritdesinfeksjon (Antibac) er det som vi ser ei mindre gruppe som har mykje attlevande E. coli på hendene. Men aller best kjem såpevask ut, der det er liten grad av levande bakteriar att.

Ein annan og mykje brukt enklare metode i hygienekontroll er å måle såkalla ATP-mengde etter reingjering. Her kan ein bruke berre ein pensel som vert lesen av på staden i eit eige apparat.

Gruppa valde også å prøve dette parallelt med «gullstandardmålinga» for å ev. finne om ein kunne bruke ein slik forenkla og rask prosedyre for å undersøke effekten av handdesinfeksjon.

Resultata går fram av figuren under:

Figuren viser ATP-verdien vi målte før og etter handvask/handdesinfeksjon. Vi ser at denne verdien går mykje meir ned med ozonvatn og såpevask enn med spritdesinfeksjonen. ATP måler alle former for biologisk materiale, også det som har kome frå døde bakteriar, og blir ikkje skylt vekk frå hendene med det rennande vatnet. Metoden er difor ikkje egna til ei slikt føremål.

Også denne delen er publisert i same tidsskrift.

Can adenosine triphosphate be a proxy measure in evaluation of hand disinfection effect?

H.J.Breidablik L.Johannessen O.T.Kleiven D.E.Lysebo Å.Skaree J.R.Andersen