Samhandlingsnytt januar 2018

Det fyrste samhandlingsnytt for 2018 er nå sendt ut

I Samhandlingsnytt for januar kan du mellom anna lese om Home-Start Familiekontakten som startar i Førde, fagdag for «Barn som pårørande» og erfaringane som likeperson Christina Stæger-Breisnes har med Helse  Førde HF sin smertepoliklinikk i Florø.

Les Samhandlingsnytt her: Samhandlingsnytt – Januar 2018

RIKSREVISJONEN MED RAPPORT OM PRAKSIS FOR UTSKRIVING AV PASIENTAR TIL KOMMUNEHELSETENESTA

Mellom områda som Riksrevisjonen har sett på, er praksis knytt til utskriving av somatiske pasientar til kommunehelsetenesta i perioden 2011-2017.

Det overordna målet er at det skal leggast til rette for heilheitlege og koordinerte pasientforløp på tvers av nivåa. Det var i 2016 til saman 800 000 døgnopphald ved norske somatiske sjukehus. I 13,5 % av desse vart pasientane utskrivne til sjukeheimar, andre institusjonar eller heimen, og hadde samtidig behov for vidare oppfølging av kommunehelsetenesta. Over halvparten av pasientane var over 80 år, og dei aller fleste med fleire lidingar samstundes. Mange av desse er sårbare pasientar der hyppige flyttingar t.d. gjennom reinnleggingar er ei utfordring.

Medan akutte reinnleggingar innan 30 dagar for andre pasientgrupper gjekk noko ned i perioden, var den dobbelt så høg for denne pasientgruppa (på 13,5 %) og omfatta så mykje som kvar 5. pasient.

Riksrevisjonen har sett på kvaliteten på pasientinformasjonen og i kva grad denne kjem fram til rett tid. Ein finn feil og manglar særleg i epikriser, medisinlister og vurderingar av funksjonsnivået hjå pasientane. Også ved innlegging er det ofte manglar frå kommunehelsetenesta knytt til desse områda. Det er også sjeldan at det involverte helsepersonellet vert gjort merksame på manglane.

Ein finn liten grad av systematisk opplæring av personalet om regelverk og prosedyrar kombinert med oppleving av tidspress hjå helsepersonell.
Det vertpeika på eit behov for meir tverrfaglege vurderingar, m.a. av fysioterapeutar og ergoterapeutar hjå pasientar med samansette lidingar. Individuelle planar og Koordinator er lite kjent og brukt. Riksrevisjonen meiner det er mogeleg å redusere unødige innleggingar gjennom betre samhandling.
Riksrevisjonen peikar her på aktuelle tiltak framover som felles og oppdaterte legemiddellister og ein gjennomgåande digital journalløysing for heile helsetenesta («En innbygger – en journal»).

 

Av Hans Johan Breidablik

PERSONSKADER MED SJUKEHUSBEHANDLING I SOGN OG FJORDANE

Førebygging av skader og ulykker er eit viktig mål for folkehelsearbeidet. I Samhandlingsbarometeret har vi to variablar som dekker dette området: a) Personskader med sjukehusbehandling og b) trafikkulykker.

Fig. 1. Når vi ser på den første av desse (a) finn vi følgjande for vårt fylke (Antall pasientar med personskader behandla i somatiske sjukehus per 1000 innbyggjarar per år. Gjennomsnitt av perioden 2013-2015).

Dette vil då berre omfatte skader som har medført sjukehusbehandling, og såleis ikkje dei som har vore til kommunehelsetenesta og legevakter, eller har behandla seg sjølv. Vi ser her at alle kommunane i Sogn og Fjordane ligg over landsgjennomsnittet. Dette kan ha samanheng med tersklar for å tilvise personskadar til spesialisthelsetenesta, og kor komplett rapporteringa er inn til det nasjonale registeret. Ein må difor være varsam med konklusjonar her.

Fig. 2. Ser vi på utviklinga over tid får vi følgjande mønster:

Vi ser her at omfanget av personskader er svært stabilt over dei tidsperiodane vi har tal for.
Fig. 3. Kvar skjer skadene? (Y-akse er her basert på antall skadetilfelle rapportert frå Helse Førde i år 2016)

Den største gruppa av skader skjer i eigen bustad og nærområda, medan skader under sport kjem på andreplass.

 

Av Hans Johan Breidablik

Akuttmedisinske seminar 9. januar 2018

Prosjekt prehospitaletenester i Helse Førde inviterer til seminar på Scandic Sunnfjord Hotell, 9. januar 2018

Målgruppe er alle som arbeider med det akuttmedisinske feltet frå kommune- til spesialisthelsetenesta.
Politikarar, brukarorganisasjonar og andre med interesse.

Påmelding innan 3. januar 2018.

Program og meir info finn du her:

Plakat akuttmedisinsk seminar 2018 (PDF)

Samhandlingsnytt for Desember

Samhandlingssjefen i Helse Førde, Stig Igland, har sendt ut Samhandlingstnytt for desember. Her kan du lese litt om Jobbstøtte, eit vellukka samhandlingsprosjekt mellom Helse Førd og NAV , lov endringar som gir kommunane rettleiingsplikt ovan for spesialisthelsetenesta og om den nye retteleiaren for oppfølging av menneske med store og samansette behov for helse- og omsorgstenesta.

Samhandlingsnytt – Desember 2017

Brystkreftkirurgi i Sogn og Fjordane

Årsrapporten for 2016 frå Nasjonalt kvalitetsregisteret for brystkreft er nyleg komen, og debatten omkring volum og kvalitet på dette området er vorte aktualisert. Helse Førde er mellom dei som har lågt pasientvolum, og det blir hevda at det bør være minst tre brystkreftkirurgar på éin avdeling for å dekke fråvær og sørgje for fagleg utvikling. Sogn og Fjordane har hatt høg deltaking på mammografiscreening-programmet, og det har også vore diskusjon i kva grad slik screening fører til overdiagnostikk og overbehandling.

I denne samanheng er det av interesse å sjå på korleis det går med pasientgruppa i Sogn og Fjordane når ein samanliknar med Hordaland og landsgjennomsnittet.

I Samhandlingsbarometeret har vi i dag berre data for døde av kreft samla før 75 år i Sogn og Fjordane. Vi har difor innhenta tal frå andre kjelder.

I figurane under har vi henta fram data for nye tilfeller (incidens), overlevelse og dødelegheit av sjukdommen.

 

Figur 1: Forekomst pr. 100 000 i perioden 2012-2016 (standardisert)

Vi ser at forekomsten av sjukdommen ligg noko lågare i Sogn og Fjordane i 2016 i høve til Hordaland og gjennomsnittet for Noreg, men det er små skilnader.

 

Figur 2: Utvikling for 5-års overlevelse av brystkreft

Vi ser ein klar auke i 5-års overlevelse over tid av sjukdommen, og både i Sogn og Fjordane, i Hordaland og nasjonalt vil omkring 90% av dei som får diagnosen overleve etter 5 år.

 

Figur 3: Dødlegheit (standardisert rate pr. 100 000, Eurostat) av brystkreft. Dødsårsaksregisteret/Folkehelseinstituttet). Aldersjusterte rater er eit aldersjustert uttrykk for dødsfall per 100.000 innbyggarar, og er hensiktsmessig når en skal sammenlikne utvikling over tid.

Vi ser at det i perioden frå 2009 til 2015 har vore fallande dødelegheit både i Noreg som heilheit og i Sogn og Fjordane (sjå trendlinjene), men tala for Sogn og Fjordane varierar meir. Dette kan også ha med at totaltala for fylket ikkje er så høge. Hordaland fylke har som trendlinja viser ikkje den same nedangåande trenden over tid når det gjeld dødelegheit.

Så langt er det altså ikkje sikre teikn på at det har gått dårlegare med denne pasientgruppa i Sogn og Fjordane enn i Hordaland og Noreg samla.

Sjå ellers rapportar:

Nasjonalt kvalitetsregister for brystkreft: https://www.kvalitetsregistre.no/registers/492/resultater/828

Cancer in Norway 2016: https://www.kreftregisteret.no/globalassets/cancer-in-norway/2016/cin-2106.pdf

Av Hans Johan Breidablik

Norsk helse- og helsesystem i internasjonal samanheng

Noreg har sidan 2007 delteke gjennom Folkehelseinstituttet i eit OECD-samarbeid omkring samanliknande indikatorar for helsetenesta («Health at a Glance»), der 35 ulike land deltek. Den siste rapporten omhandlar data frå 2015 og 2016.

Ein har her teke med indikatorar for fylgjande område:

  1. Helsestatus med 11 indikatorar, der Noreg ligg i beste tredjedel for 6 av desse. Høg utdanning er forbunde med 5 år ekstra forventa levealder for menn og 3 år for kvinner i høve dei med låg utdanning. For dødelegheit på grunn av kreft og sjølvmord ligg Noreg i midtsjiktet, og for overdødelegheit mellom psykiatriske pasientar er ein mellom dei dårlegaste innan OECD.
  2. Risikofaktorar/levevanar. Her ligg Noreg også bra an på røyking, alkoholforbruk og overvekt både hos barn og vaksne.
  3. Tilgang på helsetenester. Helseutgifter pr. innbyggjar ligg høgt, og Noreg har mange legar og sjukepleiarar i høve til folketalet, og har også låg andel av legar over 55 år. Andelen kvinnelege legar i Noreg nærmar seg 50 %, og mange er utdanna i utlandet. Antal konsultasjonar pr. lege ligg lågt, det er korte liggetider, men eit høgt sengebelegg (80,4 % mot gjennomsnitt på 75,7 % i OECD). Noreg skil seg frå andre nordiske land med ein nedgang i langtids sengeplassar i pleie/omsorg for eldre, og langtidsbruk av sovemedisinar/beroligande midlar hjå eldre er høgt.
  4. Pasientopplevd kvalitet. På dette området kjem Noreg overraskande dårleg ut både for om legen har nok tid, om han/ho er lett å forstå og involverer pasienten i behandlinga.

 

Rapporten kan du lese her.

 

Av Hans Johan Breidablik

Luster kommune mot straumen

Ei av målsetjingane i Samhandlingsreforma er at kommunane skal overta meir av pasientbehandlinga. Dette også for å avlaste spesialisthelsetenesta. Eit middel for å nå dette målet er dei såkalla kommunale akutte døgnavdelingane (KAD), også kalla øyeblikkeleg hjelp døgn (ØHD). KAD-sengene er særleg tenkt å kunne redusere innleggingar på indremedisinske avdelingar, som har mange pasientar med kroniske lidingar.

Luster kommune var tidleg ute med ei slik eining, og har også nytta denne bra etter intensjonen. Det er difor av interesse å sjå på utviklinga over tid når det gjeld innleggingar på medisinske avdelingar frå Luster kommune, samanlikna med gjennomsnittet for Sogn og Fjordane.

Tal frå Samhandlingsbarometeret gjev følgjande mønster for pasientar frå Luster som er innlagde enten i Helse Førde, Helse Bergen eller Haraldsplass:

Utviklinga frå 2009 til 2016 viser at Luster samla sett (stipla trendlinje) har hatt ein klar nedgang i innleggingar pr. 1000 innbyggarar. For Sogn og Fjordane som heilheit har det imidlertid vore ein oppgang (heil trendlinje).

Vi har spurt helsesjef Knut Cotta Schønberg i Luster kva forklaring som kan ligge bak denne annleis og positive utviklinga for kommunen. Han svarar slik på dette:

«Luster kommune etablerte i 2012 ein korttidsavdeling ved Gaupne omsorgssenter. Frå 1/12 same år 2 ØHD plassar. Avdelinga blei fort teken aktivt i bruk. Det blei gjort eit grundig arbeide for å gjere befolkninga trygg på tilbodet samt aktivt arbeide inn mot legane. Vi ser at frå vi fekk avdelinga i bruk, så har bruken av plassar i medisinsk avdeling falle. Det verkar å ha stabilisert seg på eit lågt nivå. Ein kan kanskje sei at vi oppfyller Samhandlingsreforma si intensjon om 10 % reduksjon».

 

Av Hans Johan Breidablik

Samhandlingsnytt november 2017

Samhandlingssjefen i Helse Førde, Stig Igland, har sendt ut Samhandlingstnytt for november. Her kan du lese litt om Dialogmøtet mellom styret i Helse Førde og politisk leiing i kommunar/fylkeskommunen,ergoterapeut i Lærdal som er tilsett både i Helseforetaket og i kommunen, farmasøytensrolle i tverrfagleg team på Nordfjordeid sjukehus og om eldrevennleg sjukehus på ortopedisk avdeling ved Førde sjukehus.

Samhandlingsnytt – November 2017

 

Reinnlegging på sjukehus innan 30 dagar hjå eldre (70 år+)

I diskusjonen omkring Samhandlingsreforma og korte liggetider er det av interesse å sjå på utviklinga av reinnlegging hjå særleg dei eldre over 70 år, og skilnader mellom kommunane. Samhandlingsbarometeret har data for dette, og utviklinga over dei seinare åra viser følgjande mønster (sjå fig. under der y-aksen viser reinnleggingar pr. 1000 i aldersgruppa).

I perioden frå 2012 til 2016 har det berre vore ein svakt stigande tendens nasjonalt (Norge). Helse Vest-området har lege klart over det nasjonale nivået og med klart stigande tendens. For Sogn og Fjordane sitt vedkomande har ein lagt under landsnivået, men med ei klar stigning opp mot dette, sjå lineære trendlinjer. Særleg låg fylket høgt i 2015.

Som vi ser av figuren under er omfanget av reinnlegging over 70 år klart forskjellig mellom kommunane, der til dømes Selje har 2,4 gonger så mykje reinnlegging som Luster når vi ser på gjennomsnittet for dei tre åra 2014-16. I små kommunar vil det imidlertid ofte være store svingingar fordi befolkningsgruppa ikkje tel så mange personar, så ein må vere forsiktig med tolkingar av data på kommunenivå.

 


Av Hans Johan Breidablik