Arkiv

205 kjem på Samhandlingskonferansen – kjem du?

Samhandlingskonferansen 2018 vert arrangert på Thon Hotel Jølster, Skei 14.-15. mars, med tema Samhandling i vekslingsfelta – heilskaplege og koordinerte tenester. Meir informasjon finn du her: Samhandlingskonferansen 2018

Samhandlingsnytt februar 2018

I samhandlingsnytt for februar, som samhandlingssjefen i Helse Førde nyleg har sendt ut, kan du lese om «Teknologi i helse og omsorg» som nytt studietilbod ved Høgskulen på Vestlandet. Du kan også lese om nyutvikla app for menneske med kronisk lungesjukdom, funksjonsvurdering på tvers og regionale samlinga knytt til samhandlingsavvik. Samhandlingsnytt – Februar 2018

Samhandlingsprosjekt: Funksjonsvurdering på tvers

Flora kommune, Førde kommune og medisinsk avdeling på Førde sjukehus har gått saman i eit samhandlingsprosjekt der ein ønskjer å betre kommunikasjonen på tvers av helsetenestenivå med fokus på funksjonen til pasienten. Prosjektet er ei bestilling frå Koordineringsrådet basert på tilbakemeldingar frå Erfaringskonferansen. I utganspunktet gjekk bestilling på å finne eit felles funksjonsvurderingsverktøy. Ved grundig […]

HAR DET VORE AUKE I MENTALE HELSEPLAGER HJÅ UNGDOM I SOGN OG FJORDANE?

Vi ser hyppige medieoppslag med bekymring over aukande mentale helseplager hjå ungdom. UngData skriv også i sin siste landsrapport at det har vore ein «markant økning i omfanget av selvrapporterte psykiske helseplager» og peikar særleg på auke i depressive symptom hos jenter der 28% rapporterer slike i vidaregåande skular. For einsemd er tala rundt 31% […]

Kan sjølvrapportert helse i ungdomen predikere medikamentbruk i voksen alder? 

Dette har forskarar bl.a. frå Helse Førde, undersøkt i ein ny vitskapleg publikasjon. Studien som er basert på data frå Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) og Reseptregisteret i Norge, kan du lese meir om her: Ny vitskapleg publikasjon Samhandlingsbarometeret har også data om sjølvrapportert helse under indikatorane folkehelse og folkehelsekartleggingar i Sogn og Fjordane.

Samhandlingsbarometeret presentert på Toppledermøtet 2018 i Helse Bergen og Haraldsplass sitt opptaksområde

Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sykehus har årlege møter med kommunane i opptaksområdet sitt. Her deltek ordførarar, rådmenn, leiarar i kommunehelsetenesta og medlemmene i samarbeidsutvala, samt toppleiarar frå sjukehusa. For fyrste gong var det lagt inn stand med presentasjon av ulike teknologi- og digitaliseringsløysingar i helse- og omsorgssektoren i programmet. Her var Samhandlingsbarometeret vist fram, saman […]

Samhandlingsnytt januar 2018

Det fyrste samhandlingsnytt for 2018 er nå sendt ut I Samhandlingsnytt for januar kan du mellom anna lese om Home-Start Familiekontakten som startar i Førde, fagdag for «Barn som pårørande» og erfaringane som likeperson Christina Stæger-Breisnes har med Helse  Førde HF sin smertepoliklinikk i Florø. Les Samhandlingsnytt her: Samhandlingsnytt – Januar 2018