Reinnleggingar og medisinske akuttinnleggingar – oppdaterte data i Samhandlingsbarometeret

Det er stor interesse for, og diskusjon omkring, reinnleggingar på sjukehus. Denne heng også saman med problematikken omkring korte liggetider og tidleg utskriving frå spesialisthelsetenesta til vidare behandling i kommunehelsetenesta. Det vert hevda at tidleg utskriving av pasientar med samansette sjukdomsbilde kan føre til at dei blir innlagde på nytt etter kort tid, noko som ikkje er ønskjeleg verken for pasienten eller helsevesenet. Særleg kan dette være uheldig for dei gamle og skrøpelege pasientane som tåler dårleg skifte i omgjevnadane.
Omfanget av reinnleggingar for fylka og kommunar på Vestlandet finnst no i Samhandlingsbarometeret. Det er andelen (pr. 1000 innb.) av slike reinnleggingar innan 30 dagar etter forrige utskriving samla og for medisinske tilstandar som er komen inn.

Nedgangen som kjem fram mellom 2014 og 2015 har truleg mest med endring i registreringspraksisen å gjere, men Sogn og Fjordane hadde her stigning, og fylket ser i 2016 til å kome noko over landsgjennomsnittet.

Når det gjeld omfanget av akuttinnleggingar på sjukehus vil majoriteten gjelde medisinske problemstillingar. Eit av måla i samhandlingsreforma var at kommunane i noko større grad skulle prøve å behandle desse sjølve, m.a. gjennom oppretting av kommunale øyeblikkeleg hjelp-plassar (såkalla KAD-senger).

I tida etter 2010 ser det ut til å ha vore ein nedgang i andelen (pr. 1000 innb.) av medisinske akuttinnleggingar i sjukehus både på landsbasis og på Vestlandet. Sogn og Fjordane ligg høgast her. Befolkningssamansettinga kan spele ei rolle her, då eldre generelt har fleire slike innleggingar