Ny leiar for Samhandlingsbarometeret

Jagrati Jani-Bølstad er  tilsett som ny leiar for  Samhandlingsbarometeret. Ho erstattar Emma Bjørnsen som har vore leiar frå 2016.

Jagrati Jani-Bølstad har ein doktorgrad fra Universitetet i Oslo (UiO) (2009), innan epidemiologi (befolkningshelse) og barnehelse. Ho har også ein mastergrad i Internasjonal Helse. Ho har drive forsking  med  fokus på helsesystem og helse-informasjonssystem både i Norge og globalt. Mor-barn helse har vore sentralt i karriera både på UiO og i  Folkehelseinstituttet(FHI). Sidan 1998 har Jagrati drive  med folkehelseprogram innan tema som vaksinasjon, mor-barn-helse, samt overvaking av folkehelseprogram. Jagrati har difor kompetanse innan global helse  og frå helseregister  både i Norge og internasjonalt.  I si tidlege karriere var ho også i Roll Back Malaria Network i regi av Verdens Helseorganisasjon (WHO), Finish International Development Agency (FINNIDA) og German Agency for Technical Cooperation (GTZ).

Jagrati sine master- og doktorgradsoppgåver handlar begge om førebyggjande program for å styrke helseinformasjonsystemet. Som forskar arbeidde  Jagrati med mor-barn helseutfordringar i Mosambik, Malawi, Uganda, Sør-Sudan, Guatemala og India.

Ved Folkehelse instituttet arbeidde Jagrati med  ‘Harmoniced Reproductive Health Registry’ (HRHR) i DHIS 2 elektronikk plattform (District Health Information System) utviklet på UiO og er i bruk i 80 forskjellige land, som ga ho verdifull erfaring med  korleis eit register vert designa, implementert og testa. Dette er ei viktig forståing å ha med seg som leiar i Samhandlingsbarometeret.

Jagrati takka ja til stillinga som seniorrådgjevar og skal jobbe med team både frå Samhandlingsbarometeret og Helseatlas.

Ho flytta til Førde i desember 2023 frå Tromsø kommune, der ho har arbeidd som folkehelserådgjevar frå 2018.