Folkehelsekartleggingar presentert i Samhandlingsbarometeret

Fylkeskommunane har saman med Folkehelseinstituttet gjennomført folkehelse kartleggingar blant den vaksne befolkninga. Rundt 30% av dei som vart inviterte til å delta, valde å svare på spørjeundersøkingane.

Gjennom undersøkingane har ein fått inn data for kvar einskild kommune. Målet er å få ny lokal kunnskap om korleis innbyggjarane i fylka har det. Slik kan kommunane og fylket arbeide saman for å betre livskvalitet, trivsel og helse blant befolkninga.

For kommunane vil spørsmåla i undersøkinga vere relevante både for folkehelsearbeidet og til drift og planlegging innanfor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

Resultata frå undersøkingane vil gje eit godt kunnskapsgrunnlag for arbeidet med den obligatoriske Folkehelseoversikta og påfølgjande planstrategi/anna planarbeid.

Samhandlingsbarometeret har valdt å legge inn kommunevise resultat under overskrifta HELSEFØRETAKSSPESIFIKKE INDIKATORAR. Førebels er resultat for Helse Vest sine opptakskommunar (Vestland og Rogaland fylkeskommunar) publisert.

Inndelinga av kommane følgjer som elles i Samhandlingsbarometeret opptaksområda for dei fire lokale helseføretaka (Helse Førde/Helse Bergen/Helse Fonna/Helse Stavanger).

Spørsmåla er grupperte etter temaområda Helse og trivsel, Livsstil, Omgjevnader og Øvrige.

Vidare kan ein velgje å sjå resultat samla for alle, eller delt på kjønn.

Illustrasjonen viser omfanget av dagleg røyking i Helse Førde sitt opptaksområde (Sogn og Fjordane) i 2022.

https://www.vestlandfylke.no/folkehelse/folkehelseundersokinga-2022/

https://www.fhi.no/publ/2020/folkehelseundersokelsen-i-rogaland-2020/

Illustrasjon: