Bli med og Sjå webinaret her
Helsefellesskapa; første indikator er på plass i Samhandlingsbarometeret
/i YmseSamhandlingsbarometeret har over tid hatt som mål å publisere indikatorar relatert til dei fire prioriterte pasientgruppene for dei 19 Helsefellesskapa i Norge.
Ei av desse gruppene er personar med alvorlege psykiske lidingar. Her er det nasjonalt plukka ut eit sett med diagnosar frå ICD-10 systemet i spesialisthelsetenesta (F20: Schizofreni, F22-F29: andre psykoselidingar og F30-F31: alvorlege stemningslidingar med maniar eller bipolare lidingar).
Samhandlingsbarometeret har sett på kor mykje innbyggarane i dei ulike kommunane brukar av spesialisthelsetenester til behandling av desse diagnosane, men ikkje kor mange personar i kvar kommune som har desse lidingane (i små kommunar kan dette gjelde få enkeltpersonar).
Både behovet i kommunen for spesialisthjelp til pasientgruppa, terskelen for å tilvise dei til spesialisthelsetenesta, kommunen sine eigne ressursar til gruppa og kulturar i den lokale helsetenesta kan verke inn på kor mykje tenester dei får frå spesialisthelsetenesta.
Ein har her valt å presentere data som gjennomsnittlege årsratar pr. 1000 innby. i kommunane over 3-årsperiodar, og dei tilsvarande absolutte tala for fylgjande inndeling:
- Innleggingar og liggedagar i psyk. institusjonar,
- Polikliniske konsultasjoner (inkl. dagbehandling)
- Private avtalespesialistbesøk.
Når vi sorterer dette for kommunar som høyrer til under dei ulike helseføretaka sine opptaksområde kjem det fram markerte skilnader. Illustrasjonen under viser Helse Fonna sine opptakskommunar og deira forbruk når det gjeld polikliniske konsultasjonar/dagbehandling.
Dette er forhold som det er naturleg at samhandlinga i helsefellesskapa set på agendaen framover. Kva er det som gjer at befolkninga i nokre kommunar tilsynelatande har lite behov for/forbruk av spesialisthelsetenester til dei alvorleg psykisk sjuke, medan andre kommunar har eit tilsynelatande stort behov/forbruk?
*Utsira manglar grunna små tal.
Fagdag i geriatri fredag 7.oktober-22
/i YmseVelkommen til fagdag i geriatri fredag 7.oktober-22, kl 08:00 – 15:30, Førde Sentralsjukehus – auditoriet.
Tema: Gode helsetenester til den sårbare eldre pasienten.
For meir informasjon – sjå vedlagt program.
Målet med fagdagen er å styrke engasjementet med arbeidet for eldre og rom for refleksjon.
Eit anna mål er å ha fokus på den eldre pasienten i Spesialisthelsetenesta.
Personalet i Helse Førde er prioritert til plasser for fagdagen. Sender ut invitasjon til personalet i helse- og omsorgstenestene om avgrensa plasser. Her er det først til mølla prinsippet som gjeld.
Samhandlingsnytt Juni 2022
/i YmseNytt nummer av Samhandlingsnytt er no ute – du kan lese det her:
Antibiotikareseptar i kommunane
/i YmseFørste Kvalitetsindikator i Samhandlingsbarometeret – Antibiotikreseptar i kommunane
FHI sin Antibiotikakomité har sett eit langsiktig mål om å kome ned på 250 reseptar/1000 innbyggarar per år. Sentralt i dette er arbeidet med å førebygge antibiotikaresistens, dvs. bakteriar som er motstandsdyktige. Antibiotikaresistens er eit aukande problem internasjonalt, og med aukande reiseverksemd har det også eit potensiale for å spreie seg mellom land.
Det er klare haldepunkt for at både unødvendig mykje og feil bruk av antibiotika kan påskynde resistensutviklinga. Difor er det ei målsetting om å redusere bruken av antibiotika både i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
Under Samhandling og Kvalitet har Samhandlingsbarometeret publisert ein variabel som viser omfanget av antibiotikareseptar i kommunane og utviklinga over tid.
Invitasjon til Samhandlingskonferansen 2022: Frå part til partnarar – saman står vi sterkare
/i YmseSamhandlingskonferansen 2022: Frå part til partnarar – saman står vi sterkare
1. og 2. november Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
Målgruppe: Overordna politisk og administrativ leiing i kommunane og Helse Førde. Leiarar innan helse- og omsorgssektoren, leiarar i Helse Førde, kommunelegar, leiarar i fylkeskommunen, hos Statsforvaltaren og i universitets- og høgskulesektoren.
Vi ønskjer velkomen til Samhandlingskonferansen 2022!
Samhandlingskonferansen kjem i år til å fokusere på lokale utfordringar, rekruttering, kompetanse og utviklingsarbeid rundt dei fire prioriterte pasientgruppene i helsefellesskapet.
Overordna tema for konferansen vert difor helsefellesskap, frå part til partnarar – saman står vi sterkare.
Konferansen blir frå lunsj til lunsj, og arrangert i regi av KS, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet og brukarutvalet i Sogn og Fjordane. Konferansen er blitt eit viktig møtepunkt på tvers av sektorar, kommunegrenser og fagmiljø.
Program finn du her.
Invitasjon med påmeldingside blir sendt ut over sommaren, men set av dagane allereie no!
Kva er viktig for deg?-dagen 2022
/i YmseTorsdag 9.juni markerast «Kva er viktig for deg?-dagen, for sjuande år på rad.
Nyoppretta nettverk for kommuneoverlegar i Sogn og Fjordane
/i YmseNyvalt leiar for kommuneoverlegenettverket i Sogn og Fjordane, Kjell Arne Nordgård, kommuneoverlege i Kinn kommune (Bilete henta frå firdaposten 11.06.2021).
Under arbeidet med å bygge Sogn og Fjordane helsefellesskap vaks det fram eit behov for å sikre samfunnsmedisinsk kompetanse frå kommunesida inn i det felles arbeidet med sjukehuset. Pandemien synte særskilt verdien av denne kompetansen inn i samarbeidet.
Kommuneoverlegenettverk skal ivareta kommunane sine interesser på fleire områder enn i arbeidet med helsefellesskap. Det er tre hovudområder som er særskilt framheva:
- Beredskap og prehospitale tenester
- Ivareta kommunane sine interesser inn mot helseføretak i eit samfunnsmedisinsk perspektiv. Herunder oppgåveoverføring og arbeidsfordeling kommune/sjukehus
- Eit samarbeid kring utviklinga av kommunane sitt tenestetilbod, samt rundt rekrutteringsstrategiar av fastlegar og anna helsepersonell
Fullstendig mandat for kommuneoverlegenettverket finn de her: Mandat KOL nettverk PDF
Nettverket konstituerte seg sjølv i sitt fyrste møte i mars 2022, og hadde ei ny samling i mai der viktige saker som psykisk helse og rus-tenester og rekruttering stod på agendaen.
Nytt Samhandlingsbarometer på nett i mai 2022
/i YmseArbeidet med å utvikle det nye Samhandlingsbarometeret (SB) har vore omfattande og tatt lengre tid enn anteke, men løysinga er no lagt åpent ut på nett, sjå Samhandlingsbarometeret
Basen vil bli utvikla vidare framover, særleg vil data tilrettelagt for helsefellesskapa ha stort fokus. I dette er det behov for samarbeid med brukargruppene for SB.
SB er strukturert med presentasjonar for Norge, regionale helseføretak (RHF) med tilhøyrande føretak (HF) og kommunar i opptaksområda. Data er publisert for heile landet, inkludert bydelar der data er tilgjengelege.
Vi ser det som viktig å presentere mest mogeleg variablar for kommunane, også dei med lågt innbyggjartal. Men likevel kan det skje at dei blir ståande utan data på enkelte variablar, på grunn av personvernsomsyn.
I første omgang vil Samhandlingsbarometeret innehalde eit avgrensa sett med indikatorar i forhold til det ein hadde i det tidlegare barometeret, men nye variablar vil kome inn etter kvart. Tilgang til oppdaterte data frå dei ulike datakjeldene er avgjerande for oppdatering av data og kva nye indikatorar som kan publiserast.
I tida framover er det viktig å finne ut korleis den nye løysinga fungerer teknisk sett. Vi oppmodar difor dykk som brukarar til å gå inn på dei ulike indikatorane og gjere dykk kjende med løysinga. Sjølv om vi kontrollerer tala best mogeleg før dei blir lagde ut, kan det førekomme utilsikta feil. Dersom brukarar finn tal ein lurer på om er riktig, er det bra med tilbakemeldingar, slik at vi kan vi gå nærare inn på kjeldetala.
Vi er også takksame for alle tilbakemeldingar, både utfordringar de opplever når det gjeld bruk og forslag til endringar i oppsettet. Forslag til aktuelle nye indikatorar er også velkomne. Send oss gjerne ein e-post om dette til samhandling@helse-forde.no
Vi håper det nye Samhandlingsbarometeret, saman med andre kjelder, vert opplevd som nyttig i det viktige arbeidet med å få til god samhandling på tvers i norsk helseteneste!
Samhandlingsnytt mars 2022
/i YmseSamhandlingsnytt for mars 2022 er no sendt ut og kan lesast her;
Du finn det og i arkivet vårt;
https://samhandling-sfj.no/samhandlingstiltak/samhandlingsnytt/