Oppføringar av emma

Fjerning av mandlar (tonsillektomi) i Sogn og Fjordane – klar nedgang over tid

Fjerning av halsmandlar har vore eit mykje utført kirurgisk inngrep over lang tid. Den største delen av pasientane er barn og unge, og inngrepet skjer i narkose (fullbedøving). Tidlegare var indikasjonen mest gjentakande halsbetennelsar, men etter kvart er også luftvegsproblem med snorking og evt. pustestopp kome inn som ein hyppigare indikasjon. Det vert arbeidd med […]

Samhandlingsnytt Juni & juli 2018

I samhandlingsnytt 2018 juni-juli, kan du lese om etablerer avdeling av Statens Barnehus for Sogn og Fjordane, Medisinsk avstandsoppfølging i Eid kommune, innføring av pasientforløpet NORPAL i Sogn og Fjordane og kurs i helsepedagogikk. Les meir her: Samhandlingsnytt juni og juli 2018

STOR VARIASJON I BRUK AV PSYKISK HELSEVERN I SOGN OG FJORDANE – ny vitskapleg artikkel i Tidsskrift for Norsk psykologforening, frå H.J. Breidablik, Helse Førde og E. Meland, Universitetet i Bergen

Lik tilgang på helsetenester, uavhengig av bakgrunn og bustad, er eit sentralt prinsipp i norsk helsevesen. Likevel syner både tidlegare forsking og etablering av ulike «Helseatlas» at geografiske skilnader er framståande. Kartleggingar av områdevariasjon viser variasjon i medisinsk praksis, og at helsetenester i stor grad er ulikt fordelt både internasjonalt og i Noreg. Mykje av […]

Informasjon om Folkehelsekoordinatorar i Kommunane og i Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane

Oversikt og kontaktinformasjon over folkehelsekoordinatorar i kommunane og i Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane er nå tilgjengelig på Samhandlingsida, under menyen Folkehelse. På eit overordna nivå skal folkehelsekoordinatorar bidra til å sikre «helse i alt vi gjer» i kommunalt planleggings- og iverksettingsarbeid. Til stillinga ligg ansvar for at føringane i Lov om folkehelsearbeid vert følgde […]

Folkehelseprofilar for 2018 – skilnader mellom Førde, Sogndal og Flora

Folkehelseinstituttet (FHI) gjev årleg ut såkalla Folkehelseprofilar for fylka og kommunane. Desse består av 34 ulike nøkkeltal innanfor områda Befolkning, Levekår, Miljø, Skule, Levevanar og Helse/sjukdom (sjå figur under). I desse profilane vert det gjort samanlikning med landsgjennomsnittet (raud vertikal strek), og det vert anført om fylket/kommunen skil seg signifikant (statistisk sikkert) frå landsgjennomsnittet enten […]

NY INDIKATOR I SAMHANDLINGSBAROMETERET – BÆREKRAFTSBRØK

Endringar i befolkningssamansetning (demografi) skjer i mange land i dag. Det blir fødd stadig færre born pr. kvinne i vår del av verda, noko som fører oss mot ei stadig eldre befolkning. Med dette følgjer også endring av forholdet mellom dei som i utgangspunktet kan være yrkesaktive og dei som er over denne alderen (pensjonistar). […]

Samhandlingsnytt

I Samhandlingsnytt, Mai 2018, kan du lese om Lytteposten i Helse Førde, Digitalt hjelpemiddel for pasientmedverknad, Læringsarena knytt til psykisk helse og Prehospital plan. Les meir her; Samhandlingsnytt mai 2018 (002)

Kva treng ungdom frå behandlarane sine for å få utbytte av psykoterapi?

Dette har forskarar bl.a. frå Helse Førde (og NORSE prosjektet) undersøkt i ein ny vitskapleg publikasjon. Psykiske helseproblem debuterer ofte i barne -og ungdomsåra, og utan god behandling synes desse å ved vare inn i vaksenlivet. Dessverre synes ungdom å vere ei spesielt utfordrande pasientgruppe i psykoterapi, ettersom mange droppar ut, og nokre vert verre […]

Samhandlingsnytt

I Samhandlingsnytt, April 2018, kan du lese om Helse Førde sin utviklingsplan for perioden 2018 – 2035, ny Interkommunal samhandlingskoórdinator, innovasjon og nyskaping i helsesektoren og Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). Les meir her; Samhandlingsnytt april 2018 (003)

DEPRESSIVE SYMPTOM BLANT UNGDOM – DEPRESJON ELLER DEL AV LIVET?

Mediaoppslag om den psykiske helsa hjå ungdom gjev oss ofte inntrykk av at slike plager er sterkt aukande, og med tilhøyrande auke t.d. i medikamentell behandling. Særleg ofte høyrer vi at depressive plager aukar, særleg blant jentene. I Sogn og Fjordane har vi gjennomført skulekartleggingar i vidaregåande skular heilt tilbake til 1997 (Helse, miljø og […]