STOR VARIASJON I BRUK AV PSYKISK HELSEVERN I SOGN OG FJORDANE – ny vitskapleg artikkel i Tidsskrift for Norsk psykologforening, frå H.J. Breidablik, Helse Førde og E. Meland, Universitetet i Bergen

Lik tilgang på helsetenester, uavhengig av bakgrunn og bustad, er eit sentralt prinsipp i norsk helsevesen. Likevel syner både tidlegare forsking og etablering av ulike «Helseatlas» at geografiske skilnader er framståande. Kartleggingar av områdevariasjon viser variasjon i medisinsk praksis, og at helsetenester i stor grad er ulikt fordelt både internasjonalt og i Noreg. Mykje av merksemda omkring slik variasjon har teke utgangspunkt i somatiske delar av helsetenesta, og sjeldnare frå det psykiske helsevernet.

Studien hadde følgjande problemstillingar:

  1. Er det kommunevise variasjonar av pasient- og konsultasjonsrater knytt til sentrale diagnosegrupper innan det psykiske helsevernet for   vaksne (PHV) og barne- og ungdomspsykiatrien (BUP)?
  2. Er det variasjon mellom dei ulike distriktspsykiatriske sentra (DPS) i Sogn og Fjordane?
  3. I kva grad det var samanheng mellom tilvisingshyppigheit frå primærhelsetenesta og omfanget av behandling som vart gjeve av spesialisthelsetenesta for born og unge i fylket?
  4. Er reisetida til næraste DPS assosiert med pasientratene i PHV og BUP?

Korte konklusjonar:

  • Innbyggjarane sin bustadkommune spelar ei viktig rolle for i kva grad pasientar med same lidingar får tenester frå spesialisthelsetenesta eller ikkje.
  • Også omfanget av hjelpa frå spesialisthelsetenesta varierer frå kommune til kommune.
  • Stor variasjon utover naturlege lokale skilnader i sjukelegheit kan tyde på at både over- og underbehandling i spesialisthelsetenesta skjer parallelt.
  • Vi har vist at primærhelsetenesta sannsynlegvis er ein minst like sterk generator av uheldig praksisvariasjon som spesialisthelsetenesta.
  • Utfordringane kan neppe løysast utan auka merksemd på samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenestene.

Fig. 1: Eksempel som viser skilnader mellom kommunane (koda med bokstav/tal) for tilstanden ADHD der søylene viser andel (rate) av barnebefolkninga med diagnosen, og kurva (med trendlinje) kor mykje konsultasjonar desse har fått i spesialisthelsetenesta over ein 4-årsperide.

For dei som vil lese heile artikkelen kan følgjande lenke brukast: http://www.psykologtidsskriftet.no/index.php?seks_id=509942&a=3