Folkehelseprofilar for 2018 – skilnader mellom Førde, Sogndal og Flora

Folkehelseinstituttet (FHI) gjev årleg ut såkalla Folkehelseprofilar for fylka og kommunane. Desse består av 34 ulike nøkkeltal innanfor områda Befolkning, Levekår, Miljø, Skule, Levevanar og Helse/sjukdom (sjå figur under).
I desse profilane vert det gjort samanlikning med landsgjennomsnittet (raud vertikal strek), og det vert anført om fylket/kommunen skil seg signifikant (statistisk sikkert) frå landsgjennomsnittet enten betre (grøn markering) eller dårlegare (raud markering).

For Sogn og Fjordane som heilheit skil fylket seg ut med ei rekke gode resultat i høve landsgjennomsnittet (12 grøne markeringar), og berre drikkevassforsyning og eigenrapportert overvekt for 17-åringar (før sesjon) kjem negativt ut.
Når ein bevegar seg ned på kommunenivå med mindre einingar vil mange av faktorane ikkje skilje seg signifikant ut også grunna mindre talgrunnlag. Vi har difor plukka fram dei tre største bykommunane i Sogn og Fjordane (Sogndal, Førde og Flora), for å sjå i kva grad desse skil seg både innbyrdes og i høve landsgjennomsnittet.

Sogndal er den kommunen som har best prognose i Sogn og Fjordane når det gjeld folkevekst framover, og er klart prega av å vere ein aktiv utdanningsstad med stort innslag av yngre personar. Mange studentar har nok bustadadresse i andre kommunar, og ikkje er med i statistikkgrunnlaget for Sogndal, men likevel er med på å prege miljøet på skulestaden.
Kommunen kjem godt ut på mange indikatorar for både levekår og helse/sjukdom i Folkehelsebarometeret. Til saman 18 indikatorar kjem ut med signifikant (statistisk sikkert) betre resultat enn landsgjennomsnittet. Berre for drikkevassforsyning og skadar behandla i sjukehus kjem kommunen signifikant dårlegare ut.

Førde som fylkessenter er den største av kommunane i folketal, og har over tid hatt noko vekst. Som vertsstad for Sentralsjukehuset og mykje anna tenesteytande næringsliv er befolkninga også noko yngre enn gjennomsnittet i mindre kommunar, og det er mykje pendlarar inn frå kommunane omkring. Også her er elevar og studentar ein viktig del av totalmiljøet. Kommunen vil bli del av ein klart større kommune etter gjennomføring av kommunereforma (Sunnfjord kommune).
Kommunen kjem i likheit med Sogndal bra ut på mange folkehelseindikatorar, og er signifikant betre på 16 ulike indikatorar. Berre for to indikatorar kjem kommunen dårlegare ut; skadar med sjukehusbehandling (som for Sogndal) og det å være med i fritidsorganisasjon for unge (Ung-Data 2017).

Flora kommune ligg på kysten og var frå eldre tid den første med bystatus i Sogn og Fjordane. Byen har hatt jamn vekst i folketal, og er ikkje i same grad prega av tenesteytande næringar og utdanningsinstitusjonar som dei to andre byane. Flora skal etter planen gå saman med Vågsøy kommune, og vert då del av ein større kommune etter kommunereforma (Kinn kommune).
Flora skil seg frå både Sogndal og Førde på Folkehelsebarometeret ved berre å ha 4 indikatorar der ein kjem signifikant betre ut enn landsgjennomsnittet (grøne markeringar). På negativ side er det heile 10 indikatorar der kommunen kjem dårlegare ut enn landsgjennomsnittet (raude markeringar). Blant desse finn ein t.d. færre som er nøgde med eiga helse (Ung-Data 2016), muskel- og skjelettlidingar og lungekreft. Vidare har kommunen eit lågare utdanningsnivå, og færre unge er fornøgde med lokalmiljøet sitt (UngData 2016).

Konklusjon: Ut i frå Folkehelseinstituttet sine 34 indikatorar på Folkehelsebarometeret for 2018 kjem Sogn og Fjordane generelt godt ut, og både Sogndal og Førde har mange sterke sider. For Flora viser Folkehelseprofilane utfordringar på fleire folkehelseområde.