Arkiv

KAN OPPLEVING AV EIGA HELSE I UNGDOMSTIDA VERE EIN INDIKATOR FOR MULTISJUKDOM I VAKSENALDEREN?

Denne problemstillinga vert belyst gjennom ein vitskapeleg publikasjon i tidsskriftet SSM – Population Health som nyleg kom ut, og to av forfattarane er tilknytt miljøet ved Samhandlingsbarometeret. Arbeidet nyttar materiale frå helseundersøkingane i Nord-Trøndelag (HUNT) der ein følgjer same personar gjennom livet via gjentakande kartleggingar. Data frå desse undersøkingane, frå rundt 9000 ungdommar (10-19 år) […]

Informasjon frå Helse Førde HF ang. føretaket sine rutinar i høve studentar i praksis i kombinasjon med deltidsstilling i kommunane

Helse Førde føl til ei kvar tid gjeldande nasjonale retningslinjer i smittevernet for covid-19. Studentar som har praksis og får undervisning i føretaket er omfatta av dei same retningslinjene som helsepersonell. Helse Førde har no utarbeidd retningslinjer for praksis som gjeld for studentar, elevar og lærlingar, samt leiarar, ansvarlege og undervisarar i Helse Førde og […]

Todelt samhandlingssjefstilling og ny fagdirektør i Helse Førde

Frå og med juni deler Tone Holvik og Margun Thue på funksjonen som samhandlingssjef i Helse Førde. Enkelte oppgåver og funksjonar skal dei dele mellom seg, medan andre skal dei ha ansvar for saman. Mellom anna vil begge møte i fag – og koordineringsrådet, begge skal delta i planlegginga av møta medan Tone Holvik vert […]

Workshop om helsefellesskapa sine behov for data

Den 11. juni inviterte Samhandlingsbarometeret representantar frå helsedirektoratet/NPR, kommunar/KS og helseføretak i Helse Nord og Helse Vest sine opptaksområde til diskusjonar rundt behovet som helsefellesskapa har for data. Møtet vart avvikla virtuelt med 20 personar som var kopla opp frå ulike stader i landet. Helsefellesskapa skal finne løysingar som passar til lokale behov og føresetnader. […]

Nytt frå Leve heile livet

Det regionale støtteapparatet for kvalitetsreform Leve heile Livet vil to gangar i året gje ut eit Nyhetsbrev for å oppdater kva som skjer i forhold til Leve heile live reforma i Vestland Det regionale støtteapparatet består av Fylkesmannen, Utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste og KS. Her kjem det det første Nyhetsbrevet: Nytt frå Leve heile livet […]

Ny nettside for appen «Pust Deg Bedre»

​Nettsida fungerer som opplæringsplattform for Pust Deg Bedre- appen, der målsettinga er å gje brukarne lik tilgang på informasjon, uavhengig av kvar i landet dei bur. ​Nettsida er utvikla i samarbeid med lokale leverandørar og støtta økonomisk av Stiftelsen Dam. Gå til nettside: www.pustdegbedre.no. Då korona-pandemien braut ut påverka det planane til prosjektet «Pust Deg Bedre». […]

Bli med på lansering av nasjonalt helseatlas for psykisk helse og rus!

Helse Førde lanserer oversiktsatlas innan psykisk helsevern og rusbehandling 10.juni. I høve dette vert det halde ei digital markering 12:00-14:00 Du kan følgje lanseringa her 12:00 – 12:15 Velkommen Arve Varden, administrerande direktør, Helse Førde Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør, Helse Førde 12:15 – 12:30 Praktisk informasjon og plassering i samsvar med smittevern og virtuelt møterom […]