Nyoppretta nettverk for kommuneoverlegar i Sogn og Fjordane

Nyvalt leiar for kommuneoverlegenettverket i Sogn og Fjordane, Kjell Arne Nordgård, kommuneoverlege i Kinn kommune (Bilete henta frå firdaposten 11.06.2021).

Under arbeidet med å bygge Sogn og Fjordane helsefellesskap vaks det fram eit behov for å sikre samfunnsmedisinsk kompetanse frå kommunesida inn i det felles arbeidet med sjukehuset. Pandemien synte særskilt verdien av denne kompetansen inn i samarbeidet.

Rapport helsefellesskap_

Kommuneoverlegenettverk skal ivareta kommunane sine interesser på fleire områder enn i arbeidet med helsefellesskap. Det er tre hovudområder som er særskilt framheva:

  1. Beredskap og prehospitale tenester
  2. Ivareta kommunane sine interesser inn mot helseføretak i eit samfunnsmedisinsk perspektiv. Herunder oppgåveoverføring og arbeidsfordeling kommune/sjukehus
  3. Eit samarbeid kring utviklinga av kommunane sitt tenestetilbod, samt rundt rekrutteringsstrategiar av fastlegar og anna helsepersonell

Fullstendig mandat for kommuneoverlegenettverket finn de her: Mandat KOL nettverk PDF

Nettverket konstituerte seg sjølv i sitt fyrste møte i mars 2022, og hadde ei ny samling i mai der viktige saker som psykisk helse og rus-tenester og rekruttering stod på agendaen.