Fastlegeordninga

Nye tal publisert av Samhandlingsbarometeret viser ein auke i tal ubesette fastlegestillingar dei siste åra. Utfordringane knytt til rekruttering har òg auka i større bykommunar.

Fastlegeordninga har kome under press dei seinare åra i takt med at arbeidsmengda har auka. Mange stader har det vore mangel på søkarar til stillingane, og mange kommunar blir avhengige av innleige av korttidsvikarar som både er kostbart og gjev mindre stabilitet.

Talet på ubesette fastlegestillingar har auka dei siste åra, men dette varierer både over tid og mellom kommunane. Tradisjonelt har rekrutteringsutfordringane vore størst i mindre utkantkommunar, men i siste tida har dette også omfatta større bykommunar.

Samhandlingsbarometeret publiserer tal frå Helsedirektoratet sine nasjonale kvalitetsindikatorar som viser stor auke i talet på ubesette avtaler dei siste åra. Frå 2015 til 2021 har talet meir enn dobla seg, ved at talet på ubesette avtaler har auka frå 162 til 342 på landsbasis.

Tala viser òg at andelen med spesialisering i allmennmedisin har auka frå 58 til 64 % i den same perioden. Spesialistutdanninga er eit 6,5 års utdanningsløp i etterkant av autorisasjon som lege. Utdanninga skal sikre god kompetanse i praksisen, og gjev større fagleg tryggheit for både fastlege og pasient. Kompetanseforskrifta krev at alle fastlegar som startar etter 2017 skal vere spesialist eller under spesialisering i allmennmedisin.

Forsking viser at eit langvarig behandlingsforhold (kontinuitet) mellom fastlegen og ein pasient gir betre samarbeid, større opplevd tilfredsheit, betre førebygging, meir omfattande behandling og mindre dobbeltbehandling. Studium har vist at kontinuitet i lege-pasient-forholdet gjev redusert dødelegheit, spesielt mellom eldre pasientar, og redusert bruk av spesialisthelsetjenester, sjukehusinnleggingar og legevaktbesøk.