Legemiddelgjennomgangar i sjukeheimar i Sogn og Fjordane

Helsedirektoratet presenterer statistikk frå ulike kvalitetsindikatorar på nettet, og ein av desse er Legemiddelgjennomgang hos beboere på sykehjem

Stadig fleire eldre har mange sjukdomar og får fleire legemiddel samtidig. Fleire legemiddel samtidig aukar også sannsynligheita for feilmedisinering, unødvendig bruk og uheldige kombinasjonar av legemiddel.

Eldre er særleg sårbare for biverkander og legemiddelrelaterte problem, og undersøkingar har vist at heile tre av fire pasientar i sjukeheimar har eit eller fleire legemiddelrelaterte problem (Veileder om legemiddelgjennomganger).

Etter Forskrift om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp, skal ein syte for ein systematisk legemiddelgjennomgang for pasientar på langtidsopphald i sjukeheim ved innkomst, og seinare minst ein gong årleg. I tillegg til dette skal legemiddelgjennomgang utførast når det er nødvendig av omsyn til forsvarleg behandling. Legemiddelgjennomgang skal utførast av lege, åleine eller i samarbeid med anna helsepersonell.

Målet med legemiddelgjennomgangen er å sikre at den einskilde pasient får god effekt av legemidla samstundes som risikoen for uheldige verknader vert minimalisert og kan handterast. Studiar syner at den mest vanlege endringa ved legemiddelgjennomgangar, særlig for eldre, er at legemiddel ikkje lengre blir vurdert som nødvendige og blir stoppa (seponert). Det er også vist at legemiddel ofte vert gitt i for høg eller for låg dose.

Riktig legemiddelbruk i sjukeheim er eit av innsatsområda i Pasienttryggleiksprogrammet.

På landsbasis i 2018 har 54,6 % av bebuarane over 67 år på langtidsopphald hatt legemiddelgjennomgang i løpet av dei siste 12 månadane. I 2017 var denne andelen på 49,4 %.

Det er variasjonar mellom dei ulike fylka og stor spreiing mellom kommunane. Oslo fylke har høgast andel av bebuarane over 67 år på langtidsopphald med legemiddelgjennomgang med 88,1 %. Troms har lågast andel med 33,9 %.

Figur 1 under syner fordelinga på fylkesnivå av registrert gjennomført legemiddelgjennomgang i 2018

Vi ser at Sogn og Fjordane ligg omtrent på landsgjennomsnittet med 48,3% legemidelgjennomgang blant langtidsbebuarane. Men det er ein veg å gå før ein kan innfri kravet i lovverket, og slik sett sikre bebuarane kvalitet og pasienttryggleik på dette viktige området. Det har imidlertid vore ein klar betring frå 2016 då andelen var 35,7 %.

Fig. 2 viser fordelinga mellom kommunar i Sogn og Fjordane

Vi ser ein betydeleg variasjon mellom kommunane. I tillegg til dette har vi nokre kommunar som etter den offisielle statistikken knapt driv legemiddelgjennomgang, eller ikkje har rapportert slik gjennomgang for langtidspasientar i kommunen, sjå tabell under.

Tabell 1: Kommunar som har rapportert manglande legemiddelgjennomgang siste 12 månader.

Kommune Andel bebuarar med manglande legemiddelgjennomgang (%)
Årdal

Balestrand

Hyllestad

Jølster

Naustdal

81

84

95

Ingen rapport

67

Samla sett inngår 791 langtidsbebuarar i rapporteringa, altså eit betydeleg større tal enn dei som ligg inne i spesialisthelsetenesta til ei kvar tid.

Konklusjon: Kvalitetsindikatorar er sentrale måleparameter for i kva grad pasientane får gode og trygge helsetenester. I dette tilfellet er det også ei rettigheit som er lovpålagd (forskrift). Imidlertid vil ofte resultata vere påverka av kvaliteten på innrapporteringa. Helsedirektoratet skriv også at det på dette området er underrapportering då opplysningane ikkje vert dokumentert i journal, eller ikkje rapportert til dei nasjonale registra p.g.a. at dei ikkje er dokumentert/registrert på rett stad og i riktig format. Samhandlingsbarometeret har vore i kontakt med Førde kommune for å høyre kva som er årsaka til den lave måloppnåinga her. Svaret er at det handlar om manglar knytt til rapporteringsrutinene, og at ein forventar betring i 2019 på dette. Truleg kan dette også gjelde for fleire av dei andre kommunane som ligg lavt eller manglar heilt tal for legemiddelgjennomgang.

Men det er uansett ikkje grunn til å vere nøgd med statusen i mange kommunar slik den framstår i dag. Men det er også positivt å sjå at nokre kommunar (t.d. Gloppen og Leikanger) har nådd nærast full dekning på dette området.