Samhandlingsnytt Mars 2021
Samhandlingsnytt for Mars er no lagt ut på Samhandlingsida; https://samhandling-sfj.no/wp-content/uploads/2021/04/Samhandlingsnytt-Mars-2021.pdf
Samhandlingsnytt for Mars er no lagt ut på Samhandlingsida; https://samhandling-sfj.no/wp-content/uploads/2021/04/Samhandlingsnytt-Mars-2021.pdf
I den siste Perspektivmeldinga frå regjeringa er det lagt stor vekt på utviklinga av forholdet mellom personar i yrkesaktiv alder og gruppa som er pensjonistar. Den demografiske utviklinga, med mange fleire eldre i åra framover og samstundes mindre endringar i talet i yrkesaktiv alder, vil gjere at forholdstalet mellom desse vil endre seg.
Nasjonalt (Noreg) er det i 2020 4,1 personar i yrkesaktiv alder pr. pensjonist (forsørgarar). Dette forholdet («brøken») vil falle betydeleg fram til år 2040 då ein står att med berre 2,6 yrkesaktive pr. pensjonist.
Imidlertid er det langt i frå alle i yrkesaktiv alder som deltek i arbeidslivet. Ei stor gruppe som står utanfor er uførepensjonerte som samla sett utgjer rundt 10%, med klar overvekt for kvinner. Omfanget har som vi ser i fig. 1 under vore relativt stabilt over siste åra (med ein viss auke hjå dei yngre gruppene).
Fig. 1 Andel uføretrygda i % i Noreg fordelt på kjønn.
I det nye komande Samhandlingsbarometeret har vi teke inn ei berekning av forsørgarbrøken der gruppa av uføre (varig arbeidsuføre) er teke med. Då er vi nede på 2,6 personar i år 2020 mot 1,9 personar i 2040. Desse 1,9 personane skal då stå for arbeidskraft og verdiskaping i samfunnet for å bære dei andre gruppene, også inkludert gruppa av born, som har ein eigen «omsorgsbrøk».
I Perspektivmeldinga har ein følgjande figur som illustrer dette:
Fig. 2 Samfunnsmessige overføringar til ulike aldersgrupper. Perioden med inntening (minus) utgjer dei yrkesaktive aldersgruppene. Overføringane stig sterkt når ein når 80-årsalder og over.
Når ein kjem ned på einskildkommunar vil desse brøkane variere betydeleg mellom dei ulike stadane.
Om vi vel ut to kommunar i Helse Vest sitt opptaksområde (Bremanger i Nord og Sandnes i Sør) vil vi t.d. få desse utviklingane som illustrert i figuren under:
Fig. 3 Sandnes er forventa å få ein stor folkeauke (+17,9%) fram til år 2040, og vil då ha ein justert forsørgarbrøk på 2,4, medan Bremanger vil misse befolkning og stå med i overkant av ein yrkesaktiv pr. pensjonist.
Som dei fleste vil skjøne vil ei slik utvikling i åra som kjem innebere store utfordringar mange stadar, både økonomisk, men ikkje minst når det gjeld å skaffe naudsynt arbeidskraft.
(Samhandlingsbarometeret tek atterhald om at dei ulike brøkane kan bli justerte under vidare kvalitetssikring fram til det nye barometeret kjem på nettet).
Samhandlingsnytt er tilbake med månadlege utgåver. Desse blir lagt ut på samhandlingsida under «DAGLEG SAMHANDLING»;
https://samhandling-sfj.no/samhandlingstiltak/samhandlingsnytt/
Skilnader mellom bydelar når det gjeld levealder, levekår og helsetilstand har vore eit velkjent tema for Oslo sin del i mange år. I Helse Vest sitt opptaksområdet har vi to byar (Bergen og Stavanger) som har oppdeling i eigne bydelar i statistikken.
Samhandlingsbarometeret har inne bydelar for ein sentral folkehelsevariabel; tidleg død (0-74 år), som er omfanget av død under gjennomsnittleg forventa levealder. I eit folkehelseperspektiv kan enkelte av desse dødsfalla vere førebyggbare eller kan utsettast. Samtidig vil det særleg i mindre kommunar vere få slike dødsfall om vi går ned på årsaksgrupper, og ein nyttar seg difor av 10-års glidande gjennomsnittsintervall for å unngå for mykje tilfeldig variasjon.
Frå nytt Samhandlingsbarometer, som er under arbeid, har vi lagt inn data frå Folkehelseinstituttet over tidleg død, og har framstilt desse på kartvisninga vi har der. Kartpresentasjonar kan vere eit middel til å få fram skilnader på ein pedagogisk måte, og sjølv om det har lang tradisjon i samfunnsmedisinen (t.d. under Kolerabekjempelsen i London på 1800-talet), så er det kanskje mest i dei seinare åra at det å framstille data via kart har fått aukande omfang.
Om vi tek Bergen som døme, og ser på det samla omfanget av tidleg død, får vi dette bildet:
Fig. 1: Omfanget av tidleg død/100 000 innb. i perioden 2009-2018 samla for alle årsaker (tala er justerte for alders- og kjønnsfordelinga i dei ulike bydelane).
Vi ser at bydelen Arna har lysast farge, og har ein dødelegheit på 199 per 100 000 innbyggar. Årstad bydel ligg høgast med 316 (mørkast). Noreg samla ligg på 266. Det er altså klare bydelsmessige skilnader for omfanget av tidleg død.
Fig. 2 Omfanget av tidleg død grunna kreftsjukdom for bydelar i Bergen 2009-2018
Det same mønsteret mellom bydelar går att også for tidleg død av kreft. Arna ligg på 90, medan Årstad ligg på 119. Noreg har 109. Men størrelsen på skilnadane er ikkje så markerte for kreftsjukdom.
Fig. 3 Omfang av tidleg død grunna voldsomme dødsfall (ulykker, sjølvmord og drap) for bydelar i Bergen 2009-2018
For desse årsakene er det Ytrebygda bydel som ligg lågast med 20, medan Årstad har meir enn dobbelt med 43 pr. 100 000 innb. i perioden. Noreg ligg på 29.
Målt med slike sikre endepunkt finn ein altså klare skilnader mellom bydelar i Bergen, noko som er viktig kunnskap i arbeidet med både førebygging og byplanlegging.
Sunnfjord kommune vedtok ved oppstart av ny kommune at tilboda innan rehabilitering og korttidseininga skal spesialiserast. Ei prosjekt- og arbeidsgruppe i Sunnfjord kommune har siste året jobba med å etablere desse spesialiserte tilboda og dei er no klare for oppstart av avdelingane i februar 2021.
I 2019 starta prosjektgruppa med ei kartlegging av tilbod og omfang av institusjonstenestene i dei fire kommunane (Førde, Gaular, Jølster, Naustdal). Prosjektgruppa kom med ei tilråding om å spesialisere og samle rehabiliteringsplassane på Skei omsorgssenter og korttidsplassane på Førde omsorgssenter, og å ha dei andre institusjonstilboda på alle institusjonane (langtid, palliasjon, avlastning og skjerma plassar). Det vart fatta politisk vedtak i februar 2020 om tilboda i institusjonstenesta i Sunnfjord kommune. Det vart i etterkant sett ned ei ny arbeidsgruppe i Sunnfjord kommune som i 2020 jobba med å etablere dei spesialiserte tilboda. Arbeidsgruppa var samansett av representantar frå adm., plo, lege, fysio/ergo, samt 2 brukarrepresentantar. Arbeidsgruppa fekk i oppgåve å løyse det politiske vedtaket, slik at Sunnfjord kommune fekk på plass rehabiliteringsavdeling på Skei (7 plassar) og korttidsavdeling i Førde (14 – 18 plassar). Arbeidsgruppa såg mellom anna på bruk av rom/lokale, bemanning og ressursar, kompetanse, rutinar/prosedyrer. Arbeidsgruppa hadde gode prosessar i ei god og konstruktiv arbeidsgruppe, der alle faggruppene, samt brukarrepresentantane har bidrege med engasjement og synspunkt. Arbeidsgruppa var ferdig med arbeidet sitt i des. 2020 og Sunnfjord kommune starta opp dei spesialiserte einingane i februar 2021.
Den nye korttidseininga er lokalisert på Førde omsorgssenter med 14 plassar +1 palliativt rom. Rehabiliteringseininga er lokalisert på Skei omsorgssenter med 7 plassar + 1 palliativt rom. Det er utarbeidd metodebok for tilboda med kriteria for inntak.
Med bakgrunn i dette inviterte Sunnfjord kommune til eit møte med Helse Førde for å presentere det nye tilbodet og få tilbakemelding og innspel/avklaringar. For Sunnfjord kommune var det viktig å få snakke med Helse Førde for å få til eit godt samarbeid og samhandling om tilbodet og ei best mogeleg utnytting av ressursane dei har stilt disponible til føremålet, til det beste for brukarane.
For meir info sjå og;
Samhandlingsbarometeret har sidan etableringa i 2012 brukt ei publiseringsløysing kalla Nesstar publisher. Denne løysinga har fungert forholdsvis greitt for brukarane, men er arbeidskrevjande å administrere og krev betydeleg manuell bearbeiding av data.
Samhandlingsbarometeret har no starta opp med utviklinga av ei ny publiseringsløysing i Microsoft sitt presentasjonsprogram PowerBI. Denne løysinga er meir tidsriktig og enkel med omsyn til oppdatering og framstilling av data. Firmaet Bouvet si avdeling i Bergen bistår oss i dette arbeidet etter at dei hadde det beste anbodet i ei utlysing. Helse Vest IKT er involvert både i utvikling og teknisk tilrettelegging.
Så langt er vi godt nøgde med progresjonen i arbeidet, og det tette samarbeidet med Bouvet og Helse Vest IKT. Målet er at barometertilsette skal bli sjølvhjelpte med publisering i det nye verktøyet.
Det endelege «ansiktet» av Samhandlingsbarometeret ut mot brukargruppene vil bli justert i samarbeid med representantar frå brukargrupper i Helse Vest RHF og Helse Nord RHF, som nyttar Samhandlingsbarometeret for alle sine helseføretak og opptakskommunar.
Ei stor endring vil vere at Samhandlingsbarometeret i størst mogeleg grad vil innehalde data for heile Noreg knytt opp mot opptaksområda for alle helseføretaka i landet, i tillegg til bydelar i dei store byane. Samhandlingsbarometeret har såleis eit potensiale til å bli eit landsdekkande verktøy for helsedata til bruk for helsefellesskapa og i samhandlingsarbeidet generelt mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.
Figuren under viser eit eksempel på korleis ei side i det framtidige barometeret kan sjå ut.
Dette er ein Fagvariabel som tek utgangspunkt i dei rundt 20 ulike hovuddiagnosegruppene i spesialisthelsetenesta sitt diagnosesystem (ICD-10). Det viser kor mange innleggingar, liggedagar og polikliniske besøk som går med til desse ulike diagnosegruppene pr. 1000 innb. pr. år. Utviklinga over tid blir vist i tilhøyrande grafar, og det er også lagt inn kartpresentasjonar.
I den øvre blå rada er det lagt inn tre sentrale «nøkkelindikatorar»: Folketalet, andelen eldre over 80 år og kor stor andel som bur spreiddbygd i dei ulike områda/kommunane.
Fig.: Utkast til rapport i Power BI
Ei brukarvennleg løysing er eit svært viktig mål i arbeidet
Samhandlingsbarometeret ønskjer ei løysing som er intuitiv og enkel i bruk, og som presenterer/viser indikatorane i Samhandlingsbarometeret på ein god måte utan at vi «overlessar» kvar side med for mykje detaljar. Når den nye løysinga er tatt i bruk vil vi ha betre kapasitet til å gjere analysar og også hjelpe brukarar å finne meir data om dei har bruk for dette.
Hausten 2018 vart det gjennomført ei spørjeundersøking om korleis Samhandlingsbarometeret blir brukt og opplevd av brukarane. Vi fekk då inn gode tips til korleis nettstaden kan bli betre. Desse, og tilbakemeldingar vi har fått ved direkte kontakt med brukarar, har vi tatt med oss inn i arbeidet med den nye løysinga.
For å lage ei god løysing treng vi dykkar meiningar om utkasta som vert laga og forslag til endringar. Difor vil vi om ikkje lenge invitere fleire av dykk til å delta i eit brukarpanel for å teste rapportar som vi jobbar med.
Dersom du ynskjer å delta i brukarpanelet kan du melde di interesse tilbake til oss allereie no på e-post: samhandling@helse-forde.no
Det har vore eit ynskje å ta inn variablar i Samhandlingsbarometeret som beskriv tidene det tek å få ambulanse fram på staden i dei ulike kommunane, samt forventa reisetider til legevakt og sjukehus.
Grunna eit pågåande arbeid med ny rapporteringsløysingbasert på presentasjonsverktøyet Power BI for Samhandlingsbarometeret har ein valt å vente med å ta inn desse variablane. Vi har her henta statistikk frå Helsedirektoratet sine datapublikasjonar på nettet (https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/reisetid-til-akuttjenester).
Tab. 1 Responstider for akuttambulansar (bilambulanse) til 90% av befolkninga i Helse Vest-området.
Helse Vest | Akuttambulanse | Legevakt (kommunal/interkommunal) |
Helse Stavanger | 13 minutt | 15 minutt |
Helse Bergen | 17 minutt | 19 minutt |
Helse Fonna | 21 minutt | 29 minutt |
Helse Førde | 26 minutt | 60 minutt |
Som venta vil responstidene variere, og dei to føretaka med stor andel av befolkninga konsentrert i store byar (Stavanger og Bergen) ser vi har kortast responstid. Det mest spreddbygde området (Helse Førde) har 26 minutt, altså det doble av Stavanger. Likevel er det slik at heile området får ambulanse fram til storparten (90%) av innbyggarane på under halvtimen.
Det same mønsteret går igjen også for reisetider til kommunal legevakt. I Helse Førde sitt område er denne tida det doble av ambulanseresponstida.
Mykje av merksemda omkring responstider for ambulansar er knytt til dei einskilde kommunane, og gjerne utkantkommunar som ligg lengre frå sjukehus.
Tab. 2 Dei 6 kommunane med lengst responstid for akuttambulansar i Helse Vest-området
Gulen | Helse Bergen/Helse Førde | 55 minutt |
Masfjorden | Helse Bergen | 52 minutt |
Modalen | Helse Bergen | 43 minutt |
Suldal | Helse Fonna | 42 minutt |
Gaular (no Sunnfjord) | Helse Førde | 37 minutt |
Aurland | Helse Førde | 35 minutt |
Der folk er busette på øykommunar (t.d. Solund) vil ikkje dei reelle responstidene gå fram av statistikken, og også innanfor same kommune kan det vere ulike tider avhengig av kor langt frå sentrum i kommunen dei bur.
Som det går fram av tabell 2 høyrer dei tre kommunane med lengste responstider inn under Helse Bergen si ambulanseteneste. Helse Fonna/Førde har dei tre neste.
På bakgrunn av at reisetidene til den kommunale legevakta er særleg lange i Helse Førde sitt opptaksområde kan det vere interessant å sjå på den kommunevise fordelinga. Denne regionen har tre interkommunale legevakter, der Ytre Sogn og Sunnfjord (SYS IKL) omfattar eit særleg stort område geografisk.
Fig. 1 Reisetider til kommunal legevakt for 90% av befolkninga i kommunar i Helse Førde-området (tidl. Sogn og Fjordane og kommunestruktur før 2020)
Det er betydelege skilnader i denne reisetida – 8 minutt for dei som bur i tidlegare Førde kommune som er vertskommune for den største interkommunale legevakta. Mange av kommunane med lengst reisetid høyrer inn under den same legevakta (SYS IKL).
Aller lengst reisetid har innbyggarar i Gulen, som har legevakt i Knarvik.
Den årlege konferansen for helseinnovasjon går av stabelen den 28. januar, denne gang digitalt. Dette er ein stad der framoverlente bedrifter, helsearbeidarar og representantar frå utdanningssektoren møtast på tvers av fag og bransjar, for å dele kunnskap og erfaring. Konferansen har som mål å bidra til meir samhandling og kompetansedeling, og passar alle som ynskjer meir innovativ tenking i arbeidet sitt.
På programmet i 2021 finn du mykje spennande! Konferansen byr på store nasjonale namn som Karen Dolva og Silvija Seres, som skal prate om korleis innovativ og framtidsretta tenking har prega deira arbeid. I tillegg vil du mellom mykje anna møte sjukepleiar Gunn-Berit Neergård som forskar på innovasjon med utgangspunkt i helsepersonell som innovativ ressurs, prosjektleiar Annette Eri Norevik som vil fortelje om det 3-årige programmet e-Helse Vestland, og leiar i IT utvalet til legeforeinga, Kjartan Olafsson, som skal snakke om Teknologioptimisme med beina godt planta i klinisk kvardag.
Konferansen vert arrangert av Helse Førde, i samarbeid med Noregs Forskingsråd, Kunnskapsparken Vestland, Innovasjon Noreg, Sunnfjord Utvikling, NHO og Høgskulen på Vestlandet.
Sjekk ut heile programmet og meld deg på ved å trykke på denne lenka: Helseinnovasjonskonferansen 2021 – Nasjonale, regionale og lokale satsingar på helseinnovasjon
Vel møtt!
Eit av hovudmåla i Samhandlingsreforma frå 2012 var å flytte meir av pasientbehandlinga over på kommunehelsetenesta. Det vart difor bestemt at kommunane skulle organisere eit tilbod om kommunal øyeblikkeleg hjelp på døgnbasis med eigne senger til føremålet.
Pasientar som kunne få eit like godt tilbod om behandling, observasjon og utgreiing i kommunane skulle då kunne innleggast i KAD/ØHD-senger i staden for på sjukehus. På denne måten skulle spesialisthelsetenesta avlastast, særleg innanfor nokre av dei korte medisinske akuttinnleggingane og som alternativ til reinnlegging.
Kommunane måtte ha sjukepleiekompetanse døgnet rundt på desse ordningane, og tilgang på kommunal tilsynslege/legevaktslege å støtte seg til. Innlegging på KAD/ØHD skulle i hovudsak styrast av den kommunale helsetenesta, og det var ikkje meininga at ferdigbehandla pasientar frå sjukehusa skulle til KAD/ØHD før heimsending
Tilbodet vart obligatorisk frå 1. januar 2016. Året etter vart det utvida til også å omfatte mentale lidingar og rusproblematikk.
Mangelfull registrering, og med det avgrensa tilgang på data, har gjort, og gjer det også delvis i dag utfordrande å publisere data for KAD/ØHD-bruk. Førebels er rapporteringsordninga avgrensa til manuell utfylling frå den einskilde KAD, og er ikkje ein del av kommunane sitt ordinære rapporteringssystem. Datakvaliteten kan difor variere meir her enn for anna statistikk.
Samhandlingsbarometeret har tilgang til data frå KAD/ØHD ordningane til Helsedirektoratet og har i samarbeid med føretaka i Helse Vest lagt inn i to separate variablar: a) Driftstal for KAD/ØHD og b) Fagtal som går på diagnosar for KAD/ØHD-opphalda.
Mange kommunar har inngått samarbeid om KAD/ØHD-tilboda med ein av kommunane som vertskommune. Det er difor ikkje alltid data for kvar einskild kommune i slike fellesordningar.
Organisering av KAD/ØHD-ordningar nasjonalt:
Om lag 60% av KAD-einingane er lokalisert til sjukeheimar, ein del er knytt til legevakter og andre til Lokalmedisinske senter o.l. Sjukestover har ein berre i Nord-Noreg.
Størrelsen på KAD-ordningane varierer mykje på landsbasis, det same gjer bruken/utnyttinga av kapasiteten. Beleggsprosenten har mange stader vore låg.
Fig. 1: Utvikling i samla tal opphald i KAD/ØHD i Noreg i perioden 2016 til 2019:
Tal innleggingar i KAD/ØHD auka noko i perioden frå 2016 til 2018, men det var ein mindre nedgang frå 2018 til 2019.
Sidan opphalda gjennomsnittleg har blitt lengre, er det ikkje same nedgangen i talet på liggedøgn. Men det ser altså ut til at bruken av KAD/ØHD flatar ut.
Samanheng med omfanget av akutte medisinske korttidsinnleggingar?
Samhandlingsbarometeret har også ein variabel for akutte medisinske korttidsinnleggingar (innlagt frå 0-2 døgn) som kanskje er dei sjukehusinnleggingane der KAD kan vere eit alternativ.
Fig 2.: Dersom vi ser på Helse Fonna sine opptakskommunar og summen av medisinske korttidsinnleggingar og KAD-bruken i 2019, får vi følgjande mønster (innlegging KAD/ØHD pr. 1000 innb. mot medisinsk korttidsinnlegging sjukehus pr. 1000 innb.)
Figuren syner at det er 2,7 gonger så sannsynleg å bli innlagt på anten sjukehus eller KAD/ØHD om ein bur i Vindafjord i forhold til om ein bur i Bokn kommune (der ingen har vore registrert på KAD/ØHD i 2019). Det kan vere mange årsaker til dette, men Samhandlingsbarometeret har ikkje noko klare svar på dette.
Det ser heller ikkje ut som det er nokon samanheng mellom omfanget av KAD/ØHD-innleggingar og omfanget av akutte medisinske korttidsinnleggingar. Ut frå dette mønsteret i 2019 ser vi altså ikkje klare teikn på at KAD-bruken fungerer som eit alternativ til akuttinnlegging i spesialisthelsetenesta. Men, for å få eit meir nyansert bilde her kan ein også sjå på fleire ulike faktorar og på utvikling over tid. Slike data kan ein også finne i Samhandlingsbarometeret.
Lenke
Lærings- og meistringsenteret i Helse Førde, i samarbeid med Nettverk for læring og meistring i Helse Vest, arrangerer
webinar (Auditoriet Førde Sentralsjukehus) 15 januar 2021. Sjå lenke for meir info;
Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du våre vilkår for bruk av informasjonskapslar.
Eg godtek vilkåraLes vår personvernerklæring×We may request cookies to be set on your device. We use cookies to let us know when you visit our websites, how you interact with us, to enrich your user experience, and to customize your relationship with our website.
Click on the different category headings to find out more. You can also change some of your preferences. Note that blocking some types of cookies may impact your experience on our websites and the services we are able to offer.
These cookies are strictly necessary to provide you with services available through our website and to use some of its features.
Because these cookies are strictly necessary to deliver the website, refusing them will have impact how our site functions. You always can block or delete cookies by changing your browser settings and force blocking all cookies on this website. But this will always prompt you to accept/refuse cookies when revisiting our site.
We fully respect if you want to refuse cookies but to avoid asking you again and again kindly allow us to store a cookie for that. You are free to opt out any time or opt in for other cookies to get a better experience. If you refuse cookies we will remove all set cookies in our domain.
We provide you with a list of stored cookies on your computer in our domain so you can check what we stored. Due to security reasons we are not able to show or modify cookies from other domains. You can check these in your browser security settings.
These cookies collect information that is used either in aggregate form to help us understand how our website is being used or how effective our marketing campaigns are, or to help us customize our website and application for you in order to enhance your experience.
If you do not want that we track your visit to our site you can disable tracking in your browser here:
We also use different external services like Google Webfonts, Google Maps, and external Video providers. Since these providers may collect personal data like your IP address we allow you to block them here. Please be aware that this might heavily reduce the functionality and appearance of our site. Changes will take effect once you reload the page.
Google Webfont Settings:
Google Map Settings:
Google reCaptcha Settings:
Vimeo and Youtube video embeds:
The following cookies are also needed - You can choose if you want to allow them: