Prosentdel av befolkninga utan fast lege i Helse Førde sitt opptaksområde i 2023

Fastlegeordninga i Norge vart innført i 2001, og skulle sikre kontinuitet og stabilitet i forholdet mellom pasient og fastlege. Fastlegen skulle også vere den felles inngangsporten til spesialisthelsetenesta («portvaktarfunksjon»), gjennom at tilvisingar dit skjer gjennom fastlegen.

Fastlegeordninga har imidlertid kome under press dei seinare åra, og arbeidsmengdene har auka, kanskje særleg etter innføringa av Samhandlingsreforma. Mange stader har det vore mangel på søkarar til stillingane, og mange kommunar blir avhengig av innleige av korttidsvikarar som både er kostbart og gjev mindre stabilitet både for pasientar og andre kommunale samhandlingspartar.

Imidlertid har det siste året blitt ei klar betring når det gjeld rekruttering av fastlegar mange stader, slik at det kan skje raske endringar i prosentdelane som manglar fast lege i den einskilde kommunen.

Samhandlingsbarometeret har laga ei oversikt over sentrale variablar for kommunane når det gjeld Fastlegeordninga og utvikling av desse over tid.

Vi viser her ei oversikt over andelen i prosent av befolkninga som ikkje har ein fast tilsett fastlege å forhalde seg til, kontra resten som må bruke legevikarar over kortare eller lengre tid, og der data er for 2023.

Nasjonalt (Norge) er det i underkant av 4% som ikkje har fast lege, og i Helse Førde sitt opptaksområde samla (tidl. Sogn & Fjordane fylke) ligg det litt over dette med 4,2%.

Figuren under viser fordelinga mellom kommunane i Helse Førde sitt opptaksområde nå det gjeld prosentdelar av befolkninga som ikkje har fast lege. Vi ser at 6 kommunar har faste legar til heile befolkninga, men for dei tre kommunane Høyanger, Aurland og Hyllestad er det meir enn halvparten som ikkje har fast lege i 2023.

Tala er her frå 2023, og det er viktig å ha i mente at desse prosentdelane kan endre seg raskt dersom ein eller fleire av kommunane lukkast med å rekruttere nye fastlegar.

Datakjelde: Helsedirektoratet – NKI