Arkiv

Sosiale skilnader i bruk av helsetenester

Statistisk sentralbyrå har nyleg publisert rapporten «Sosial ulikhet i bruk av helsetjenester», basert på levekårundersøkinga i 2015. Føremålet med rapporten er å kartlegge i kva grad det er sosiale skilnader i bruk av helsetenester i Noreg. Mange undersøkingar i ulike land, også Noreg, viser at det er sosiale ulikheiter i sjukdomsbyrde. Det er ein klar […]

Samhandlingsbarometeret er tilgjengeleg igjen!

Dei siste vekene har Samhandlingsbarometeret vore utilgjengeleg pga. tekniske problem. Feilen er no retta! Vi beklagar at det grunna ferieavvikling hjå Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD), som er systemeigar, har teke tid å rette feilen. Fortsatt god sommar! Av Emma Bjørnsen  

Tekniske problem med Samhandlingsbarometeret

Grunna tekniske problem er statistikkbanken Samhandlingsbarometeret for tida ikkje tilgjengeleg. Vi jobbar med å få i gang sida så snart som mogeleg, men det kan dessverre ta litt tid. Vi beklagar situasjonen og håpar dette ikkje forårsakar problem for brukarane. Med ønske om en god og uproblematisk sommar, Samhandlingsbarometeret

Tilsett i Samhandlingsbarometeret med ny doktorgrad!

Rådgjevar i Samhandlingsbarometeret, Maria Holsen, disputerte for PhD-graden 9. juni 2017 ved Tammerfors universitet i Finland. Avhandlinga var innanfor ortopedi og omhandla knesmerter hos vernepliktige. Maria har følgt vernepliktige som var opererte for osteochondritis dissecans (løsning av brusk/beinbitar), delt kneskål og medial leddhinnefold (plica). I tillegg såg ho på MR som diagnostisk verktøy for plica […]

Samhandlingsnytt Juni 2017

Kvar månad sender samhandlingssjefen i Helse Førde, Stig Igland, ut Samhandlingstnytt der informasjon om tema som er nyttige for både kommunane og spesialisthelsetenesta vert formidla. No er samhandlingsnytt for juni sendt ut til kommunane, andre instansar og samarbeidspartar. I Samhandlingsnytt for juni kan du lese om Pasientens helseteneste, Ny organisering, Unikt samarbeit i folkehelse, Samordningskalendar og […]

Unikt samarbeid om innsamling, publisering og analyse av folkehelsedata i Sogn og Fjordane!

Eit unikt samarbeid mellom fleire offentlege instansar i fylket er etablert med intensjon om å etablere eit kompetansemiljø rundt eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid. Kommunane ved KS, Folkehelseavdelinga i Flora, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og NAV Sogn og Fjordane er partar i samarbeidet. Partane har etablert ei […]

Lege- og fysioterapitimar til pasientar på sjukeheimar

På Samhandlingsbarometeret finn vi tal for legetimar og fysioterapitimar pr. bebuar på sjukeheimar/heildøgns institusjonar. Generelt er pasientgruppa på sjukeheimar blitt meir krevjande å behandle, og behandlinga også meir avansert. Dette er også i pakt med Samhandlingsreforma sitt mål om å flytte meir av behandlinga ut i kommunane.   Figuren under viser utviklinga og nivået av […]