Arkiv

Brystkreftkirurgi i Sogn og Fjordane

Årsrapporten for 2016 frå Nasjonalt kvalitetsregisteret for brystkreft er nyleg komen, og debatten omkring volum og kvalitet på dette området er vorte aktualisert. Helse Førde er mellom dei som har lågt pasientvolum, og det blir hevda at det bør være minst tre brystkreftkirurgar på éin avdeling for å dekke fråvær og sørgje for fagleg utvikling. […]

Norsk helse- og helsesystem i internasjonal samanheng

Noreg har sidan 2007 delteke gjennom Folkehelseinstituttet i eit OECD-samarbeid omkring samanliknande indikatorar for helsetenesta («Health at a Glance»), der 35 ulike land deltek. Den siste rapporten omhandlar data frå 2015 og 2016. Ein har her teke med indikatorar for fylgjande område: Helsestatus med 11 indikatorar, der Noreg ligg i beste tredjedel for 6 av […]

Luster kommune mot straumen

Ei av målsetjingane i Samhandlingsreforma er at kommunane skal overta meir av pasientbehandlinga. Dette også for å avlaste spesialisthelsetenesta. Eit middel for å nå dette målet er dei såkalla kommunale akutte døgnavdelingane (KAD), også kalla øyeblikkeleg hjelp døgn (ØHD). KAD-sengene er særleg tenkt å kunne redusere innleggingar på indremedisinske avdelingar, som har mange pasientar med […]

Samhandlingsnytt november 2017

Samhandlingssjefen i Helse Førde, Stig Igland, har sendt ut Samhandlingstnytt for november. Her kan du lese litt om Dialogmøtet mellom styret i Helse Førde og politisk leiing i kommunar/fylkeskommunen,ergoterapeut i Lærdal som er tilsett både i Helseforetaket og i kommunen, farmasøytensrolle i tverrfagleg team på Nordfjordeid sjukehus og om eldrevennleg sjukehus på ortopedisk avdeling ved Førde […]

Reinnlegging på sjukehus innan 30 dagar hjå eldre (70 år+)

I diskusjonen omkring Samhandlingsreforma og korte liggetider er det av interesse å sjå på utviklinga av reinnlegging hjå særleg dei eldre over 70 år, og skilnader mellom kommunane. Samhandlingsbarometeret har data for dette, og utviklinga over dei seinare åra viser følgjande mønster (sjå fig. under der y-aksen viser reinnleggingar pr. 1000 i aldersgruppa). I perioden […]

Ingen klar samanheng mellom størrelsen på fastlegar si pasientliste og raten for planlagde tilvisingar til sjukehuspoliklinikkar

Samhandlingsbarometeret har no teke inn reine tal på tilvisingar til Helse Førde frå fastlegar i Sogn og Fjordane i tillegg til rate pr. 1000 som ein har hatt over tid. Dette er gjort for å unngå mistydingar mellom desse to variablane. Det har i seinare tid vore mykje merksemd på rekrutteringsvanskar til fastlegestillingar og at […]

Data fra ungdomsundersøkelsene i Sogn og Fjordane brukt i fagartikkel

Longitudinal relations between perceived autonomy support and basic need satisfaction in two student cohorts – Diseth, Breidablik og Meland Artikkelen bygger på selvbestemmelsesteori som er en metode for å forstå motivasjon og atferd, spesielt inne helse og skole. Teorien baserer seg på at mennesker er motivert til å tilfredsstille tre grunnleggende psykologiske behov, nemlig behovene […]