Ingen klar samanheng mellom størrelsen på fastlegar si pasientliste og raten for planlagde tilvisingar til sjukehuspoliklinikkar

Samhandlingsbarometeret har no teke inn reine tal på tilvisingar til Helse Førde frå fastlegar i Sogn og Fjordane i tillegg til rate pr. 1000 som ein har hatt over tid. Dette er gjort for å unngå mistydingar mellom desse to variablane.

Det har i seinare tid vore mykje merksemd på rekrutteringsvanskar til fastlegestillingar og at heile ordninga kan gå mot ei krise. I dette har mange hevda at reduksjon på størrelsen av fastlegelistene er ein veg å gå (altså fordele befolkninga på fleire fastlegeheimlar). Det har også vorte hevda at fastlegane då kunne behandle meir av lidingar hjå eigne pasientar, og slik sett avlaste spesialisthelsetenesta ved å sende færre tilvisingar dit.

I Samhandlingsbarometeret har vi no både talet på tilvisingar inn til Helse Førde frå kvar einskild fastlege, og ei standardisert rate på tilvisingar pr. 1000 listepasientar. Nedanfor har vi brukt planlagde (elektive) tilvisingar til sjukehuspoliklinikkar i 2016 som døme. Vi har i dømet ikkje teke med øyeblikkeleg hjelp-tilvisingar, då dette truleg har meir samanheng med omfanget av legevakter.

Vi har sett saman data i ein figur (under) der kvar blå prikk representerer ein fastlege i Sogn og Fjordane, og med ei innlagd trendlinje. Gjennomsnittleg listestørrelse for fastlegane er om lag 850, og gjennomsnittleg tilvisingsrate ligg rundt 200 pr. 1000 listepasientar.

Figuren viser oss at det er ei stor spreiing i ratar for tilvisingar også mellom dei med like store pasientlister. Dette kan sjølvsagt ha mange lokale forhold som forklaring.
Men vi finn altså ikkje noko samanheng mellom listestørrelse og tilvisingsrate samla sett i dette utvalet her.

 

 

Av Hans Johan Breidablik