Arkiv

Samfunnsmedisin i praksis på kommunenivå – Artikkel i Utposten desember 2023 basert på data frå Samhandlingsbarometeret

Utposten er eit norsk fagtidsskrift for allmennlegar og samfunnsmedisinarar. Den sentrale personen i tidsskriftet var Olav Rutle frå Fjærland. Tilsette i Samhandlingsbarometeret har skrive og fått publisert ein artikkel knytt til  samfunnsmedisinske problemstillingar på lokalplan. Vi har teke utgangspunktet i dødelegheit (tidleg død) i dei to nabokommunane Aurland og Vik på sørsida av Sognefjorden. Trass […]

Samhandlingsnytt Desember

Her kan du lese Samhandlingsnytt for desember; Samhandlingsnytt desember 2023

RAPPORT TIL BRUK I HELSEFELLESSKAPET SOGN OG FJORDANE

Samhandlingsbarometeret har hausten 2023 utarbeidd ein rapport på bestilling frå Helse Førde ved utviklingsdirektør og samhandlingssjef. Rapporten presenterer status og utviklingstrekk for sentrale statistikkvariablar i dei seinare åra for Sogn og Fjordane helsefellesskap. Data er basert på tilgjengeleg statistikk i Samhandlingsbarometeret på data frå NPR (Norsk Pasientregister), KPR (Kommunalt Pasient- og brukerregister), FHI (Folkehelseinstituttet), SSB […]

Gjennomsnittsalderen til befolkninga i kommunane

Samhandlingsbarometeret har publisert ein ny demografivariabel som er gjennomsnittsalderen i befolkninga i kommunane. I Norge er denne 41,1 år (2023), og har auka med 1,8 år i løpet av siste tiåret nasjonalt. Det er imidlertid betydelege skilader mellom kommunane her, slik at for nokre kommunar har den passert 50 år (“forgubbing”). Aukande levealder, færre fødslar […]

Samarbeid om eit felles campus for utdanning, forsking og innovasjon på Vie

Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Sunnfjord kommune og Helse Førde har starta prosjekt Campus Vie. Les meir om dette her; Samarbeid om eit felles campus for utdanning, forsking og innovasjon på Vie

Samhandlingsnytt september 2023

Her kan du lese samhandlingsnytt for september; Samhandlingsnytt september 2023

PRESENTASJON AV SAMHANDLINGSBAROMETERET PÅ INTERNASJONAL KONFERANSE

Konferansen har navnet sitt etter John E. Wennberg, ein pioner og leiande forskar på uforklart variasjon i helsesektoren i USA. Han har arbeidd ved det kjende Dartmouth-universitetet i New Hampshire, og har også norske anar. Konferansen i 2023 var i Italia (Pisa) som den 10. i rekka. Her møtes forskarar, politikarar og helseinnovatørar med interesse […]